søndag 2. januar 2011

Spagettiføter

Fjorårets kalde vinter, behov for ullklede til barnehagestart og sterk lyst til å strikka noko anna enn sokkar har resultert i ei ullbukse. Saman med polkagrisgensaren vert nok nabojenta varm og god - og det er bra, for minusgrader har det vore nok av så langt denne ullsesongen.


IMGP8294



Det er mange månadar sidan buksa var ferdigstrikka, men det var ikkje før då mamma kom på besøk rett før jul at dei siste trådane vart festa. I tillegg har det teke eit par veker før eg fekk somla meg til å ta bilete og på toppen av dei heile, eit par dagar etter det att før buksa fekk strikk i livet.


IMGP8311


Men NO er buksa heilt fiks ferdig og klar til å leverast til nabojenta. Med mykje omtanke i kvar einaste maske varmar ho forhåpentlegvis godt.


Min innebygde angst for at plagga eg strikkar skal verta for små og manglande erfaring med klede i miniatyrstørrelse = ei bukse som er like lang som mottakaren sjølv. Heldigvis kan føtene brettast opp og ribbestrikk er jo veldig elastisk, så buksa kan brukast fleire vintrar.


IMGP8313


Oppskrifta er frå Strikk til nøstebarn, garnet er Rubin frå lageret (klapp på skuldra) og størrelsen er 2-4 år. Undervegs i strikkinga var det mykje svetting og banning over alle dei rette og vrange maskene og eg lova meg sjølv at eg ALDRI skulle strikka ribbestrikk att (unnteke eit par sokkeskaft i ny og ne). Vel. No er alt gløymt og eg har lagt opp til nok eit prosjekt med fleire kilometer ribbestrikk.


Gensar til vetlebroren er på pinnane, men tradisjonen tru vert han nok ikkje ferdig før sommaren er her og vel så det.

lørdag 1. januar 2011

Med blanke ark og strikkepinnar til

Nytt år, ny start, nye prosjekt på pinnane. UFOane frå i fjor er jo så 2010, så dei vert liggjande på botnen av strikkekorga.

Men fjorårets julegåver må likevel bloggast. Det vart 10 par med sokkar mindre enn i 2009, men tre sjal, tre halsar, tre huer, eit par med vottar, eit sitjeunderlag og eit herreskjerf veg vel opp.

IMGP8265

IMGP8289

Planane frå oppsummeringsinnlegget i 2009 har vel ikkje vorte heilt oppfylte, men kanskje eg må innsjå at sokkar er spesialiteten her i garden.

Uansett håpar eg at 2011 vert eit kreativt og produktivt år, både for meg og for alle de lesarar som er innom. Det er utruleg kjekt at de stikk innom og legg att spor.

Godt nytt år!

søndag 12. desember 2010

Adventskalendar

Snille mamma lagar framleis pakkekalendar til meg, så i desember er det litt lettare å stå opp før fuglane fis.

Kalendaren som mamma har sydd for hand heng på ein spikar i gangen og pakkane ligg i ein fin pose på golvet under.

IMGP8245

I tillegg må eg sjå NRK sin barne-tv-kalendar dei dagane eg er heime før seks, sjølv om eg tykkjer at dei kunne ha sendt Teodor eller Jul i Skomakergata.

Den siste kalendaren som eg må ha med meg er Strikkeoppskrift sin. Fine premiar, enkle spørsmål og sist, men ikkje minst, du kan faktisk svara på tidlegare luker.

Det er jammen kjekt med advent, spesielt når eg endå ikkje er for stor for kalendarar. ;-)

søndag 28. november 2010

1. søndag i advent

Kalendaren viser første søndag i advent, men sidan det ikkje er snø ute er ikkje følelsen av advent heilt på plass endå. Uansett må pynten fram.

IMGP8224

Stovebordet har fått lilla duk på seg og adventsstaken har fått plass på kjøkenbordet.

IMGP8235

Ein liten duk under dei lilla lysa på tv-benken gjorde også susen.

IMGP8230

Stjerna heng i stoveglaset, men ho vert ikkje tent før det vert mørkt i ettermiddag. I desse kalde tider må ein vel ha respekt for Terje Riis-Johansen sine bekymringar, så her sparast det straum for harde livet. Ikkje %&#!@ om kjøleskapet mitt skal verta offer for kontrollert utkobling seinare i vinter.

Elles er det full fart på julegåvestrikkinga. Eg har ein fin stabel som er ferdigstrikka, men ikkje bloggifiserbar før etter 24. desember.

lørdag 20. november 2010

Kjære julenissen og bursdagsnissen

Det er snart jul og bursdag. På oppfordring kjem ynskjelista mi:

  • Gavekort på Strikkebui
  • Gavekort på Ting
  • Mummi, Tove Janssons samlede tegneserier, bind 1, 2 og 3
  • Mummikoppar (manglar grøn med politimannen)
  • Gamle, fine juletrekuler
  • Nye selbuvottar
  • Garn (Sterk, PT5, Silja, Järbo Mellanraggi, Perfect, alt av babyull, Drops Merino Extra Fine, Drops Karisma, Drops Nepal, Sandnes Alpakka og Sandnes Minialpakka. Glad i alle fargar, unnteke lyseblått og rosa)
  • Rundpinnar
    30 cm: 3.5 mm, 4 mm
    40 cm: 2.5 mm, 3 mm, 3.5 mm, 4 mm, 4.5 mm, 5 mm, 6 mm
    Helst Europris eller Sparkjøp sine
  • Strømpepinnar
    2.5 mm, 3 mm, 3.5 mm, 4 mm, 4.5 mm, 5 mm, 6 mm
    Helst Europris eller Sparkjøp sine
  • Fine knappar

Elles er det anbefalt å ta kontakt med julenissen si høgre hand (les: mamma) før innkjøp.

Då er det berre til å pussa glorien og håpa på ein fin haug under juletreet i år. :-D

mandag 15. november 2010

Håpefulle huer, del 4

Endå fleire huer til kreftavdelinga ved SUS er ferdige. Dei har faktisk vore ferdige i ganske så mange månadar, men det var det med den fotograferinga og blogginga, då.

IMGP8219

Dei to svarte med grå striper har eg faktisk blogga før, men det var sjølvsagt gløymt då eg var heimom i helga og tok bilete. Snakkar me tidleg demens her, tru?

Dei fire andre har eg i hvert fall ikkje publisert her før. Dei er strikka etter Turn A Square-mønsteret, men med litt ulik lengde. Garnet er Tuva, så huene er garantert kløfrie og passar nok veldig godt om våren og sommaren. Så er det berre å kryssa fingrane for at eg får sendt pakken avgårde før det vert haust att.

søndag 14. november 2010

Andre søndag i november

To par sokkar, eitt til far og eitt til bestefar i anledning dagen.IMGP8215

Blå med smale striper av mørkeblått til pappa og svarte med striper av grått, blått, kvitt og grønt til bestefar. Alt garnet er Perfect, strikka på pinne nummer tre.

søndag 7. november 2010

Vinter

IMGP8203

Løvstakken og resten av byen har kledd seg i kvitt. Livet kunne ikkje vore betre akkurat no.

Eg veit at eg har rusk på sensoren, men eg har ikkje teke julevasken endå.

onsdag 3. november 2010

Socktoberfest: oppsummering

Oktober har faktisk vore ein veldig produktiv sokkemånad. Heile tre av UFOane er ferdige, og i tillegg har eg strikka ferdig to par heilt frå skrætsj.

IMGP8165

Sidan det er mørkt ute når eg reiser til skulen og mørkt når eg kjem heim frå skulen, vert det kjedelege innebilete med blits og mørkeret som bakgrunn. Eg tykkjer ikkje at eg kan ta med meg sokkane og kameraet og ta bilete på skulen heller.

Dei grå og grøne er strikka i Perfect, dei fleirfarga i Regia, dei stripete i PT5 og dei raude i Sterk. Litt julegåvesokkar, litt bursdagssokkar og litt skisokkar til meg sjølv. Eigentleg har eg ikkje tid til å egoiststrikka midt i travlaste julestria, men, men. Skomakaren sjølv kan jo ikkje gå utan sko.

I tillegg til at julegåvestrikkinga går på høgste gir, har eg tilbudt meg å halda strikkekurs for strikkeinteresserte medstudentar. Eg gler meg verkeleg til å få dela interessa for garn og pinnar med andre på min alder, men eg lurer også litt på kva eg har sagt ja til. Eg er jo ikkje nokon strikkeguru. Det er nesten så eg vurderer om eg må leita opp eit kurs for korleis halda strikkekurs.

mandag 4. oktober 2010

Socktoberfest

I oktober har eg meldt meg på Socktoberfest - med c, sidan festen finn stad på Ravelry. Det er eit godt spark i baken, for eg har utallige sokkeprosjekt på pinnane, og i tillegg har eg mange julegåvesokkar som må strikkast.

For å starta med stil fann eg ut at eg skulle prøva meg på litt meir avanserte sokkar enn dei vanlege blåbærvaflene. Først la eg opp til Mock Wave Cable Socks, men dei vart IKKJE fine, så eg rakk rett og slett opp det eg hadde strikka og starta på Yukon Leaves. Og det vart andre bollar, gitt.

IMGP8092

Fiiine (tykkjer eg sjølv) sokkar som skal få verta søndagssokkane.

Det som er ekstra fint med Socktoberfest er at det er lov med UFOar. Eg har fem par berre her i by’n, alle med litt ulik progresjon - alt i frå trådfesting til heile sokk nummer to står att.

IMGP8104

Førebels er oktober via til sokkestrikking, så får me sjå kor lenge den piffen varar. ;-)