onsdag 26. juni 2013

Pausefisk: mikrolån

Bloggen har teke laaang sommarferie, men eg må berre kjapt innom for å skriva om den fantastiske nettsida eg kom over i dag – Kiva. Her kan du låna ut 25 dollar til folk som av ulike grunnar treng pengar, for eksempel til å driva landbruk, starta ei bedrift eller ta utdanning. Akkurat no deler Kiva ut gratis prøvelån (finansiert av ein sponsor), så du treng ikkje betala noko sjølv for å prøva opplegget.

Mitt gratislån gjekk til ein senegalsk bonde med det sjarmerande namnet Hyacinthe. Han har ein stor plantasje der han dyrkar mango, appelsiner og cashewnøtter. No treng han eit lån, så han kan starta med vannmelonar også.

Viss du klikkar deg inn på sida via min link, http://www.kiva.org/invitedby/ninni5652, så får eg eit gratislån også. Og det er jo fint, for då er det endå ein person som kan få hjelp.

2 kommentarer:

Mette sa...

Gøy med Kiva og du får god oppdatering på dei låna du deltar i. Trur det er berre ved eitt tilfelle at ikkje heile lånet har vorte betalt tilbake og eg har gjort 31 lån. Det som vert tilbakebetalt kan ein låna ut på nytt. Genialt. Hjelp til sjølvhjelp.

Kort og Søm sa...

Det høres ut som en veldig god ide, jeg skal titte innom siden!