I fjor som alle år tidlegare hadde eg store planar for dei strikka julegåvene, men tradisjonen tru gjekk det rett vest jula 2012 også. Tidsskjemaet sprakk og eg rakk berre halvparten. I år, derimot, har eg bestemt meg for å strikka ferdig alle julegåvene før november. Tradisjonen tru. ;-)
(Instagrambilete av julegåveplanlegginga 2012)
Uansett vart det litt mjuke pakkar under juletreet.
Lilla sjal og tova vottar til besta. Sjaloppskrifta er Shaelyn, ei veldig enkel og godt forklart oppskrift. Dette er strikka i Hifa 2, på pinne nummer 4. Eg strikka to slike sjal til, men dei gløymde eg å ta bilete av før eg pakka dei inn. Eitt kvitt i Drops babymerino og eitt beige i Jo Sharp silkroad DK tweed.
Vottane er rillestrikka vottar frå Strikk til nøstebarn. Desse strikkar du på eit par kveldar, sidan det er dobbel tråd og rillestrikk. Passformen er også heilt super! Eg tova vottane litt i vaskemaskina for å få dei tettare og varmare.
Eg hekla også tøflar til ei venninne. Oppskrifta er Babushka ballerinatøfler frå M.I.L.C.H. SCHAUM. Nok ei super oppskrift som var veldig enkel å følgja, sjølv for ein som ikkje har hekla så mykje.
I tillegg strikka eg to par med tova vottar til, eitt par med ribbevottar og ni par med sokkar. Nokre av sokkane har eg vist fram før her, men resten av para gløymde eg også å ta bilete av før eg pakka dei inn.
5 kommentarer:
Eg er i alle fall godt fornøgd med julegavestrikket ditt sidan eg var den heldige som fekk det beige sjalet.Nydeleg er det! Akkurat passeleg stort og mjukt og varmt. Tusen takk.
Det blir nesten som en tradisjon den stresstrikkinga før jul. Må si du fikk produsert mange fine julegaver likevel!
Flotte gaver! De vottene der så knall ut i all sin enkelhet! Sånne vil jeg og så strikke!!! Takk for inspirasjonen!
Ja du lyt starte no. Eg har strikka to julegåver eg allerede:)
JEg tror jommen jeg skal tove rillevottene som du har gjort det, et godt tips!
Flotte julegaver!
Legg inn en kommentar