Det vart ikkje blogga så mykje i fjor, for lysta var ikkje heilt på topp. Likevel strikka eg ganske mykje. Problemet er at eg har vore usannsynleg dårleg til å ta bilete, så det er berre ein brøkdel av alt som er dokumentert og registert på Ravelry. I tillegg har eg starta på veldig mange nye prosjekt i 2012 som eg ikkje har gjort ferdig og såleis ikkje har bilete av.
Men noko har eg å visa fram:
Det eg er aller mest fornøgd med av alt eg laga i fjor, er definitivt hekleteppet eg endeleg fekk ferdig. Det var ein skikkeleg seig årgangsUFO. Elles går det stort sett i det same som tidlegare år – sokkar, barneklede, vottar, sjal og kjøkenklutar. Nytt av fjoråret er faktisk vaksengensarar (som eg rett nok måtte rekkja opp), men det vert så absolutt fleire i 2013.
Eg har også store planar om å føra betre oversikt over alt eg strikkar, slik at eg kan laga ein like fancy årskavalkade som Monstermønster.
8 kommentarer:
Hei! Så masse flott du har laget!!
Mye fint du har laget :) Godt nyttår.
Mye flott dokumentert, tross at alt ikke er tatt bilde av. Og gratulerer med å ha fullført årgangsUFO!
Mye flott!! Digger bilde med alle sokkene i forskjellige farger :)
Her var det utrolig mye fint! Og flotte bilder!
Godt nytt år!
Du lager så mye fint, jeg digger fargene dine!
Så mange fine ting du har laga!
Farga på den mørk lilla vottane var nydeleg.
Så mykje fint du har laga! Her var det kjekt å komme innom:)
Legg inn en kommentar