mandag 31. oktober 2011

Spør publikum

Eg treng litt hjelp av deg, kjære lesar.

IMGP0288 (2)

Eg har strikka ein dress som skal vera julegåve. Saman med dressen skal jenta få hue, vottar og sokkar (ikkje ferdige). Dressen er mellomgrå og det andre er raudt - ein skikkelig fin, varm, djup raudfarge.

Så, kva slags knappar skal eg velja til dressen?

Alternativ 1:

IMGP0295 (2)Kvite knappar med raude kattar. Kattane har ulikt mønster på magen.

Alternativ 2:

IMGP0300 (2)Raude plastknappar med kvite kattar. Eg har berre tre stykkjer, så dette alternativet er avhengig av at eg finn tre til på butikken.

Alternativ 3:

IMGP0301 (2)Svarte kattar med raud sløyfe rundt halsen.

Alternativ 4:

IMGP0304 (2)Både raude og kvite knappar med ulikt mønster.

Kva tykkjer du er finast?

torsdag 27. oktober 2011

Travel torsdag

I dag har eg vore effektiviteten sjølv. Frå Fantoft til Askøy, Lagunen og Fyllingsdalen. Frå handlesenter til treningssenter. Både helgehandelen og –vasken er unnagjort. Eg har rydda, bretta klede, skifta på senga, teke oppvasken (!), støvsugd og vaska både her og der. Og sist, men ikkje minst, eg har kjøpt garn! Seks nøster med herleg gul alpakka som skal verta til hals til meg. Og seks nøster med Lima som skal verta til ei bursdagsgåve, ei julegåve og eit vottepar til berre meg. Skomakaren sine ungar og alt det der.

IMGP0284 (2)

Det vert lang tid mellom innlegga her no, men sidan eg stort sett strikkar på julegåver for tida, har eg ikkje så mykje ferdigstrikka eg kan visa fram.

Håpar du også har ein super torsdag!

fredag 21. oktober 2011

Statusrapport Socktober

Me er over halvveges i månaden, så då er det verkeleg på tide med ei sokkeoppdatering.

Månaden begynte bra. Pinnane gjekk så det suste og par etter par (alt er relativt) vart påbegynte/ferdige. Litt etter litt dabba sokkestrikkelysta av og no er ho heilt vekke. Typisk rett før jul. Til gjengjeld er eg inne i ein god UFO-stim, noko som er høgst uvanleg, så eg bør vel ikkje klaga for høgt. Til no har eg fått ferdig to store og snart ein litt mindre.

Vel, over til sokkane. Først ferdig var konkurransesokkane.

IMGP2440 (2)

Mønster: frå Bittami. Første sokk i Norsk sokkedilla.
Garn: Sisu frå Sandnes. Det gjekk med rett under to nøster.
Pinne: 2,5 mm.
Størrelse: ein plass mellom 39 og 40.

Neste par er SKA-sokkane for september.

IMGP2501 (2)

Mønster: Nell. Det ligg som gratismønster på Ravelry. Greit mønster, men det vart liksom litt for holete til å vera sokkar.
Garn: PT5. Det gjekk med litt over to nøster.
Pinne: 2,5 mm. Ja, eg har sett lyset.
Størrelse: 39-40isj.

Fleire ferdige par har eg ikkje, men eg har ein haug med påbegynte.

IMGP0259 (2)

Alle fem para manglar litt forskjellig, frå berre trådfesting til heile sokk nummer to.

God helg til deg som er innom!

onsdag 19. oktober 2011

Det bomullske tårn i Bergen

Det siste året har eg funne ut at kjøkenklutar er perfekt ventestrikk. Tanketom og enkel strikk der det ikkje gjer noko om ein må gå midt i ein pinne. Det passar fint medan eg ventar på at middagen skal koka ferdig, medan eg ventar på at klokka vert nok til at eg må springa til bana, medan eg ventar på at den berømte sokk nummer to skal verta ferdig og så vidare.

IMGP0233 (2)

Eg har tydelegvis venta mykje den siste tida, for haugen med klutar har vakse ut over alle støvleskaft, eventuelt ut over all skapplass.

For å få litt variasjon har eg hekla eit par klutar også. Det gir tjukkare og stødigare klutar, men dreg samstundes meir garn.

Eg har brukt to typar bomullsgarn, Paris frå Garnstudio og Petunia frå PT. Paris er tjukkare og gir mindre, men fastare klutar, medan Petunia er tynnare og gir større klutar. Paris er betrakteleg mykje billigare enn Petunia, men så er det jo det med størrelsen også. Eg tykkjer begge garntypane er gode å strikka/hekla med og har ingen favoritt. Det einaste må vera at Paris har eit heilt enormt fargeutval.

I forhold til bruk og vask over tid har eg endå ingen erfaring, sidan klutane er tenkt som gåver litt fram i tid.

IMGP0241 (2)

Den raude kluten på biletet over er strikka i Petunia. Som ein ser er han mykje større enn dei andre. Den grøne er hekla i Petunia og er mykje mindre enn den raude, men samtidig er han fastare. Den gule kluten er strikka i Paris og det same er den grå, men han er vaska ein gong på 60 grader. Det er ikkje så godt å sjå på biletet, men etter vask vart kluten stødigare og kjennes mykje meir “klutete” ut.

Eg anbefalar klutstrikk/hekling på det varmaste! Det går kjapt, ein får brukt opp heile nøstet, ein får noko nyttig, heimastrikka klutar er mykje billigare enn dei ein kjøper på dyre designbutikkar, bomull er godt å strikka med (iallfall dei to typane eg har brukt) som ein forandring frå ull og alpakka og sist, men ikkje minst; ein kan få klutar i akkurat den fargen ein vil. Supert dersom ein er oppteken av matching på kjøkenet.

fredag 7. oktober 2011

Sokkar in spe

Socktober er godt i gang, så eg har rydda litt i sokkegarnskuffa. Eg trur det vert sokkar under treet i år også, ja.  Ikkje treng eg handla meir for å ha nok til alle dei planlagde para heller.

IMGP2494 (2)

Og dette er berre sokkegarnet som ligg hjå opphavet, brorparten befinn seg nemleg i ein tv-benk i by’n.