søndag 27. mars 2011

Fullada batteri

Helga har vore super. God mat, god familie, god natur og tidenes finaste dynetrekk! Eg sov som ein stein under eit mjukt trekk i favorittfargen.

mosaic32c9af55af09653ee8b3954a6d23a81c7161aca9

Søndag vakna me til snø. Sjølv om det er fint med snødekte trær må eg innrømma at eg er litt lei no.

IMGP8612

Superhunden må sjølvsagt vera med. Det er jammen ikkje ofte at propellen har tid til å stå i ro lenge nok til at eg får teke eit bilete, men det vart då eit par brukbare. På dei fleste var det berre ein svart, uklar strek.

mosaic5a1a9316eb6e17a2bd1164b5138864736727cd75

Favoritten er pinnar (eigentleg heiter det vel stokkar i den størrelsen?)
Dess større, dess betre.

IMGP8582 (2)

Den planlagde klutstrikkinga vart det visst ikkje noko av. Ein tur innom butikken i sentrum på laurdag resulterte i nye Ferrari-pinnar og litt raggegarn. Det måtte jo sjølvsagt testast ut med ein gong, så i stadan for mange klutar vart det to halve sokkar.

IMGP8617

Vel, det trengst jo det også.

God søndagskveld til deg!

4 kommentarer:

Mette sa...

Så flotte bilder! Det har vore ganske kaldt i helga ja. Snøfrossen Puddefjord då eg gjekk på jobb laurdag. Angra litt på at eg ikkje fekk tatt bilde av ei isdekt handlevogn i sjøkanten...

Guro sa...

Det så ut som ei koselig helg. Håper overskuddet varer ut uka. :)

Lykkelinn sa...

Nydelige bilder - men håper vinteren snart slipper taket hos deg også. Det er på tide med vår!!

Frk.Badegakk sa...

Så nydelige bilder! Selv smeltet jeg totalt for voffen da. Og ja, store må de være disse "pinnene". Vi hadde en hund som samlet pinner i fleng og la de i en haug. Så la han seg oppi haugen og passet veldig på. Første og siste gangen jeg har vært borti en hund som bygger reir...=P