*Poff*
Seks ufoar vart med eit trylleslag redusert til nøster (og typisk nok ei skikkeleg floke som tolmodige pappa skal få ta seg av i helga). Eigentleg er det ganske kjekt å sjå at det vert betre plass til nye og meir interessante prosjekt i strikkekorga.
---
Det vert lite ferdigstrikka for tida, så det er stille her på bloggen. Det skuldast travle dagar og store langtidsprosjekt som gensar til meg sjølv og babyteppe på pinnane. Men det strikkast bak kulissane, så det kjem nok noko.
Med ynskje om ein god måndagskveld til deg som er innom og les!
6 kommentarer:
oi, alt det arbeidet.......jaja, godt å ikke ha for mange ufoer hengene over seg også ;)
å jøye meg, det var fort gjort.minkar i ufo haugen no?
IK! Men absolutt lurt, om noe ligger altfor lenge, så er det jo et tegn på at lysta er borte.
Masse herlig garn som kan bli til noko nytt og forhåpentligvis kjekkare å strikke på :D
Det så egentlig litt deilig ut. :)
Du har ein flott og inspirerande blogg! Glad for nye oppdateringar! :)
Legg inn en kommentar