søndag 2. januar 2011

Spagettiføter

Fjorårets kalde vinter, behov for ullklede til barnehagestart og sterk lyst til å strikka noko anna enn sokkar har resultert i ei ullbukse. Saman med polkagrisgensaren vert nok nabojenta varm og god - og det er bra, for minusgrader har det vore nok av så langt denne ullsesongen.


IMGP8294



Det er mange månadar sidan buksa var ferdigstrikka, men det var ikkje før då mamma kom på besøk rett før jul at dei siste trådane vart festa. I tillegg har det teke eit par veker før eg fekk somla meg til å ta bilete og på toppen av dei heile, eit par dagar etter det att før buksa fekk strikk i livet.


IMGP8311


Men NO er buksa heilt fiks ferdig og klar til å leverast til nabojenta. Med mykje omtanke i kvar einaste maske varmar ho forhåpentlegvis godt.


Min innebygde angst for at plagga eg strikkar skal verta for små og manglande erfaring med klede i miniatyrstørrelse = ei bukse som er like lang som mottakaren sjølv. Heldigvis kan føtene brettast opp og ribbestrikk er jo veldig elastisk, så buksa kan brukast fleire vintrar.


IMGP8313


Oppskrifta er frå Strikk til nøstebarn, garnet er Rubin frå lageret (klapp på skuldra) og størrelsen er 2-4 år. Undervegs i strikkinga var det mykje svetting og banning over alle dei rette og vrange maskene og eg lova meg sjølv at eg ALDRI skulle strikka ribbestrikk att (unnteke eit par sokkeskaft i ny og ne). Vel. No er alt gløymt og eg har lagt opp til nok eit prosjekt med fleire kilometer ribbestrikk.


Gensar til vetlebroren er på pinnane, men tradisjonen tru vert han nok ikkje ferdig før sommaren er her og vel så det.

5 kommentarer:

skb sa...

Strikka ullbukser er gull verdt i barnehagen.
Godt nytt strikkeår!

Xhantippe sa...

Flott var buksen iallefall. Ribbebukser er topp for små trollunger.

Anonym sa...

kjempeflott :D
mottakeren blir sikkert kjempefornøyd :D
ha en fin dag
/myr

Anonym sa...

Buksa har vore ute og lufta seg på spasertur i kulden.Veslejenta var veldig fornøgd med ny bukse og heldt varmen i snøveret første nyttårsdag.Helsing naboen.

Daria sa...

tusen hjerlig takk for kommentaren din,den varmer godt,snil du er:)

og så snil nabo du er,ullbukser blir det aldri nok av:)

likte fargen jeg,tror jeg stjeler litt inspirasjon her jeg:)

fortsatt godt nytt år:)