søndag 16. januar 2011

Søndagskos

Ute er det regn, vind, skodde og is. Alt er grått, til og med snøen er meir grå enn kvit. Ein perfekt dag for ein innedag.

Oppvasken er teken, vaskemaskina surrar og går, golvet er støvsugd, boset tømt, aviskorga rydda og middagen er av den sorten som lagar seg sjølv i steikeomnen. Med andre ord, alt er klart for litt sofaliv! Med fyr i omnen kan eg setja meg godt til rette i sofakroken saman med det nye ullteppet og geiteskinnet som låg under juletreet. Nytt strikketøy i fin farge har eg også unna meg. Det er jo søndag og alle dei 30 (ja, eg er ferdig med ein) UFOane er godt vekkrydda og ute av syne.

IMGP8344

IMGP8357

Perfekt!

4 kommentarer:

Guro sa...

God søndag!
Det ser ut som pur idyll. :)

Anonym sa...

Å så koseleg du har det.Her er også ruskever så det er best å vera inne.

Anonym sa...

No vart eg veldig nysgjerrig på kva for ein du har gjort ferdig..? :) Ser ut som du hadde ein kjempekoseleg kveld! :)

skb sa...

Så flott teppe du har fått.