onsdag 3. november 2010

Socktoberfest: oppsummering

Oktober har faktisk vore ein veldig produktiv sokkemånad. Heile tre av UFOane er ferdige, og i tillegg har eg strikka ferdig to par heilt frå skrætsj.

IMGP8165

Sidan det er mørkt ute når eg reiser til skulen og mørkt når eg kjem heim frå skulen, vert det kjedelege innebilete med blits og mørkeret som bakgrunn. Eg tykkjer ikkje at eg kan ta med meg sokkane og kameraet og ta bilete på skulen heller.

Dei grå og grøne er strikka i Perfect, dei fleirfarga i Regia, dei stripete i PT5 og dei raude i Sterk. Litt julegåvesokkar, litt bursdagssokkar og litt skisokkar til meg sjølv. Eigentleg har eg ikkje tid til å egoiststrikka midt i travlaste julestria, men, men. Skomakaren sjølv kan jo ikkje gå utan sko.

I tillegg til at julegåvestrikkinga går på høgste gir, har eg tilbudt meg å halda strikkekurs for strikkeinteresserte medstudentar. Eg gler meg verkeleg til å få dela interessa for garn og pinnar med andre på min alder, men eg lurer også litt på kva eg har sagt ja til. Eg er jo ikkje nokon strikkeguru. Det er nesten så eg vurderer om eg må leita opp eit kurs for korleis halda strikkekurs.

6 kommentarer:

Rigmor sa...

skal si. mange flotte sokker. FLotte gaver og deilige og ha selv :) Lykke til med strikkekurset :)

Monstermønster sa...

Så bra at du vil holde kurs! Når jeg hjelper venninner som ikke kan strikke, så er det stort sett opplegg og hvordan redde masker som er det de er mest bekymret for. Og hvor man finner kule mønstre.

Lykke til!

Anonym sa...

Lykke til med kurs! Det høyres spennande ut.. Flotte sokkar du har strikka, og det skulle berre mangle om ein ikkje skulle egostrikke litt innimellom ;)

Ha ei fortsatt fin veke!

Anonym sa...

Det går heilt sikkert fint å vera strikkelærar.Du er i alle fall veldig flink til å strikka sokkar!

Judith sa...

Fine sokker, det er bra jobba.
Gleder meg til å se Mariusen din med grønt etterhvert, det blir fint!
Ha ei fin strikkehelg.

skb sa...

Viss du viser dei opplegg, rett og vrang, og ikkje minst korleis dei bruker Ravelry, så er du i mål med strikkekurset ditt. Lykke til :)