onsdag 14. januar 2009

Pinnemat i postkassen

Då kom endeleg pakken min frå Danmark! Ikkje det at det tok lang tid (bestilte garn på fredagskvelden, ordren vart pakka og sendt på måndag og eg fann pakken i postkassa mi i dag), men når eg veit at det er pakke med spennande innhold i på veg, går dagane alltid sakte.


Garnet er New Zealand Lammeuld, bestilt frå http://www.123knit.com/. Fantastisk nettside og fantastisk garn! Dette skal bli til klesplagg frå boka "Strikk til nøstebarn", som kom i hus i går. Fargane på bilda vart ikkje så bra, men det er altså brunt, oransje og lilla.

Elles går det sakte framover med bestemorsteppet. Trur det er godt at det endå er mange månadar til jul, for det dukkar stadig opp nye prosjekt på pinnane. No er det bestemt at eg skal gjera ferdig minst to sokkeUFOar før eg startar på noko nytt.

9 kommentarer:

Anonym sa...

hva i all verden er en sokke ufo.....

Anonym sa...

U Ferdige Oppgaver??????

Anonym sa...

UFO er UFerdige Objekt.

Linda sa...

Herlig med pakkar i posten!!! eg har og den brune og lilla tråden liggande her, berre ventar på tid og inspirasjon! gledar meg til å sjå kva du skal trylle fram!

amylin sa...

Så deilig med garn i posten.

Anonym sa...

du ha vist mange beundrara..:(
leisn faor du da t?

Anonym sa...

Hei på deg...
Herlig postkasse mat,... kjekkt med noe annet en regninger....

Anonym sa...

postkassemat fører jo til regninger og da..
dumt:(

Ugla sa...

Så lekkert garn. Ha ei fin helg :-)