Då er det bestemt. 2009 skal brukast til slanking. Etter at vekta gav meg eit lite sjokk tidlegare i dag, har eg funne ut at eg må kvitta meg med nokre kilo. 9 kilo med garn skal reduserast. Alt det fine garnet mitt er dokumentert og registrert på Ravelry (MagicalSticks, for dei som er interesserte), og eg har allereie lagt mange planar for kva dei neste slankeprosjekta skal bli. Full kjøpestopp er ikkje vegen å gå, for meg verkar det berre mot sin hensikt, så målet i år vert
fleire nøster ut enn inn. Dessutan har eg fått laga meg ein fancy dingseboms som skal hjelpa til med å halda kontrollen. Denne finn du også heilt nederst på sida.

Det skal bli spennande å sjå korleis dette går. Slankekurar er ikkje mi sterkaste side, men ettersom det ikkje er noko eteleg med i biletet, får me tru det går bra denne gongen.

4 kommentarer:
Knapt 10 kg garn? Det er da ikke noe. *fnis* Men det er uansett godt å gå gjennom nøstesamlingen en gang i blant. Jeg prøver å være flink til å velge prosjekt etter garnet jeg alt har og kjøpe minst mulig nytt.
nå skal det bli system i sakene skjønner jeg. lykke til.
slanke kur hadde vært noe for meg også,men ikke i dag:)
ha en kjempefin helg
Ser ut som slankekuren går litt feil veg??? men det er vel heilt normalt å gi etter for fristelsar, enten det er å kjøpa garn eller å eta sjokolade.Du får berre begynna på nytt.
Legg inn en kommentar