onsdag 21. januar 2009

Ordnung muss sein

Strikkepinnar, heklenåler, garnnøster og påbegynte prosjekt flyt fritt i heimen. Trådstumpar på badet, pinnar i sofaen og ein halvstrikka sokk på kjøkendisken er ikkje uvanleg. Nøstene har budd i ein puff frå IKEA som eg nesten ikkje fekk at loket på. Då gjestene mine kommenterte at det såg ut som ein strikkefabrikk hjå meg, fann eg ut at no er det på tide å få orden i galskapen. Etter intens omorganisering, stapping og stuing, fekk dei billege nøsta leva romsleg for seg sjølv i puffen, medan dei dyrare nøsta mine flytta over i ei skuff i tv-benken. Dei nøsta som eg har planar om å bruka i næraste framtid, fekk seg nytt hus i ein fin korg rett ved sidan av godstolen. Påbegynte prosjekt har fått seg kvar si korg under stovebordet, så no lyt eg passa på at eg ikkje har meir enn fem prosjekt gåande om gongen.

Dessutan har snillaste vetlesøster mi sydd rundpinnesovepose og heklenålhus til meg, så no er det endeleg system i rotet.

God plass til alle rundpinnane.

Her ligg alle heklenålene mine godt innpakka oppå rundpinneposen.

Eg har også vorte ferdig med endå eit par sokkar som skal til barneheimsborn. Det går fort å strikka sokkar i så små størrelsar, og i tillegg er det eit kjekt prosjekt å bruka restegarn på.



11 kommentarer:

Unknown sa...

Hei på deg...
Disse var kjekke m greit og ha orden på div... kjenner meg igjen ja...

Anonym sa...

Så flott å få orden i sysakene. Du har jammen en snill søster. Du får strikke sokker til henne som takk for de smarte oppbevaringsposene.

Mie sa...

Hihi

SiriL sa...

Kjekk pinneoppbevaring!!! - fine sokker. Ha ein fortsatt fin kveld,

Anonym sa...

Greit med orden i sakene ja! Flotte strikkepinneetui, de likte jeg.

De små sokkene blir nok noen veldig glade for!

Anonym sa...

Dei fargerike sokkane dine kjem nok til å varma og gleda mottakaren.Eg vart så inspirert av ryddesjauen din at eg har begynt å sortera i mitt eige håndarbeidsskap.

mjaff sa...

Veldig god ide å strikka sokkar og gi bort til nokon som treng dei.

amylin sa...

Så fine sokker!

Cioara Andrei sa...

Foarte interesant ce ai postat.M-am uitat pe blogul tau si imi place ce am vazut chiar e frumos si interesant.Felicitari si sigur am sa mai revin!

innendørs sa...

Hei du, nye venn på ravelry!!:) Måtte jo innom og kikke litt på bloggen din, og jeg flirer ennå av slankekurinnlegget ditt!! Veldig bra!!

Genial opprydning du har hatt også - smart med kurver for påbegynte prosjekter!! Jeg har en utrolig overfull strikkekurv med halvferdige saker på toppen...hihi...tror nok de heller får få seg en egen kurv de også!

Herlig uke til deg!!:)

Anonym sa...

Alt må ha en plass å bo ja...
Strever med deg samme.

Så flott "hjem" til rundpinnene:)