mandag 30. november 2009

Sild med løk og dill

IMGP6874


Eg føler meg vaksen når ynskjelista mi til jul består av nødvendigheitsting som bestikk, panner, vinglas, støvsugar og servise. Kjedelege saker, bortsett frå det siste. Eg har nemleg lagt min elsk på det nydelege Clupeaserviset. Ikkje så lett å få tak i, men det er lov til å håpa på at det ligg eit par blåe fiskar til meg under juletreet i år. Då vert det litt kjekkare med vaksenpakkar.


Det er forresten veldig lov til å skrika (eventuelt skriva) høgt ut dersom du har sild til sals!

søndag 29. november 2009

HODE, skulder, kne og TÅ

Dei siste månadane har eg strikka sokkar i lange baner, slik at familien ikkje skal frysa på tærne. Så no var det på tide med litt varme på toppen også.

Hue

Tre huer er resultatet. Først The Boy Hat, strikka i Smart tweed. Nummer to er Turn A Square. Enkelt, men veldig fint mønster. Garnet som er brukt til denne er vel Safirgarn, om eg ikkje hugsar heilt feil, og Järbo fantasi. Genialt med fleirfarga garn til stripene, for då vert det mange fargar heilt av seg sjølv og eg slepp å festa så mange trådar.
Til slutt er det Stripey. Eg las ein plass at menn over 5o føretrekkjer huer som stoppar over øyrene, så eg strikka hua litt kortare enn originalen. Det stemmer visst, for denne fall godt i smak hjå pappa. Garnet er Sandnes alpakka. Mjukt og varmt.

lørdag 21. november 2009

På pulsen

Då var endå eit par med pulsvarmarar ferdige. Oppskrifta er også denne gongen ei eg fann i ei strikkebok som følgde med Hendes Verden. Garnet er Hifa 2 i ein nydeleg lillafarge, strikka på pinne nummer 3 og 2. Det gjekk med under 50 gram til to stykkjer. For å piffa litt opp fekk den høgre påsydd to små filthjarte i ein lyselilla nyanse.

IMGP6817

Dei gule eg strikka for ei stund sidan fekk også litt pynt.

IMGP6804

No ligg dei fint innpakka i julepapir saman med eit lilla sokkepar og eit gult. To julegåver mindre å tenkja på.

lørdag 7. november 2009

WIP

Det strikkast på høgste gir for tida. Eg er ikkje før ferdig med eit prosjekt før eg kastar meg over neste. Og i kjent stil har eg mange på pinnane samstundes, så det er litt å velja mellom.

IMGP6727WIPs

I tillegg har eg funne ut at det hadde vore kjekt å sy strikkepinneetui til mi strikkande bestemor og grandtante til jul. Gamle damer har vel ikkje slikt ekstrautstyr?

Vel. Det er godt å ha noko å hengja fingrane i. ;-)

søndag 1. november 2009

Helgeblogging

I det siste har det visst berre vorte helgeoppdateringar. Travle dagar på jobb gir ikkje så mykje overskot til anna enn enkel sokkestrikking om kveldane. Dessutan forsvinn det gode fotolyset så fort etter at me stilte klokka. Eg har ikkje før komme meg heim og fått i meg middagen, så er det bekmørkt ute. Ikkje tykkjer eg innebileta vert spesielt gode på denne tida av året heller.


Men i dag har eg hatt fri heile dagen, så då fekk eg endeleg utnytta dagslyset til å ta bilete av dei fiiine knappane som kom i postkassen for nokre dagar sidan.


Etsyknappekollasj


Dei er bestilte herifrå. Ho har kjempemange fine knappar, ikkje er det dyrt heller.


IMGP6718


Viss tida og lyset er med meg, vert det kanskje ei sokkeoppdatering att neste helg, for no har eg fått ein brukbar haug med ferdige par som ikkje er bloggifiserte.

søndag 25. oktober 2009

Og vinnarane er …

Mimouna, Guro, Innfall og Iden!


Sidan garnlageret mitt har okkupert så mykje av klesskapet mitt at eg ikkje får plass til verken sokkar eller vinterens ullklede, trakk eg like godt fire vinnarar, så krympar lageret forhåpentlegvis så mykje at eg kan få skvist inn litt av det som eigentleg skal vera i skapet.


Send meg adressene dykkar, så skal eg gå i garnlageret og finna passande premiar.

søndag 18. oktober 2009

Konkurranse!

Teljaren min har passert over 1000 besøkande, og det må sjølvsagt feirast med ein liten konkurranse!
Skriv ein kommentar under dette innlegget innan neste søndag, altså den 25. oktober klokka 18.00, så trekkjer eg ein (eller kanskje to?) vinnar(ar) som får ein pakke i posten.


Fyr laus med kommentarar!

lørdag 17. oktober 2009

The devil wears stripes

IMGP6616

Endeleg er eg ferdig med mi første djevelhue. Merkeleg namn på ei søt hue, men det har vel sine grunnar. Sjølve strikkinga gjekk fort unna, men det tok nesten ein månad før hua fekk knyteband og såleis kunne kallast for FO. Mine band vart ujamne og stygge, så eg sette heklemamma på saken, og etter litt svisj og svosj med heklenåla var hua ferdig.

Eg likar det enklast mogleg, ikkje noko samansying, så eg brukte Gro si oppskrift, der hua er strikka rundt. 14 gram grå Idena Bambino Ull og 27 gram Dale Baby Ull (garnprodusentane skulle hatt seg eit orddelingskurs, forresten).

Tanken var at nabojenta på 1 år skulle få hua. Sidan eg hadde litt tynnare garn enn i oppskrifta, strikka eg hua i størrelse 2 år og rekna med at den då vart passeleg til ein eittåring. Så feil kan ein ta. Eg strikkar visst laust, for hua er ganske gigantisk. Vel, vel. Det er sikkert greitt å ha ei hue på lager til ho vert 5 år også.

søndag 11. oktober 2009

#20

Par nummer 20 er bittesmå sokkar til nabojenta. Oppskrifta er frå Strikk til Nøstebarn, størrelse 1 år. Det gjekk med 26 gram av Viking Frøyagarn på pinne nummer 3. Ikkje store innhogget i garnlageret, med andre ord.


IMGP6463

#17, #18 og #19

Tre par i eitt innlegg – latskapen lenge leve.

Blueberry waffle, pinne nummer 3 og pluss/minus to nøster Perfect på kvart par. Dei raude er størrelse 38, dei blå 40-41 og dei gule 38-39. Alle saman landar i julepakkehaugen som veks sakte, men sikkert.

IMGP6575