Det vert lenge mellom kvart blogginnlegg for tida, men det vert då produsert saker og ting likevel. Innimellom alle sokkane må eg ha andre prosjekt på pinnane, elles går eg fort lei. Siste innimellom-prosjekt som er ferdig er desse pulsvarmarane til bestemor mi.
Mønsteret fann eg i strikkeboka som følgde med Hendes Verden nummer 38. Skikkeleg genialt med vrangbord akkurat der handleddet er smalast, då held dei seg godt på plass uansett kva ein driv med.
Garnet er Hifa 2 frå Hillesvåg. Litt stivt og ujamt medan eg strikka, men etter vask og skol vart det mjukt og herleg. Det gjekk med 42 gram på pinne nummer 2 og 3.
Faktisk første gong eg har brukt pinne nummer 2. Noko så tynt! Eg sat med hjartet i halsen og angst for å knekka pinnane mine for kvar einaste maske eg strikka. Det tek nok litt tid før eg vert vant til å strikka med tannpirkarar, men desse vert det uansett fleire av under juletreet i år.
2 kommentarer:
Herlig farge! De ser veldig praktiske ut, likte vrangborden. Hifa2 er et nydelig garn, jeg bruker det mye til toving.
Pinner nr 2 er veldig tynt ja, så jeg skjønner godt at du var redd for å knekke pinnene :)
Nydelig farge på veldig fine pulsvanter. Er enig med deg at hifa er et aldeles herlig garn.
Fortsatt riktig god helg :)
Legg inn en kommentar