tirsdag 17. februar 2009

Heklehekta

IMGP3546Etter ein periode med intens strikking har eg vorte bittelitt lei av pinnane. Då fann eg ut at eg kunne ta fram det påbegynte teppet mitt og hekla vidare på det, men etter å laga ei rute var eg lei av det også. Dei same gamle fargane og vanskeleg garn å hekla med. Rutene får ulik størrelse uansett kor stramt eller laust eg heklar. Etter litt frustrert tenking, bestemte eg meg for å laga ei diger rute av alt det fargerike billiggarnet mitt. Som tenkt, så gjort. Etter å ha lagt garnet i system – frå lilla, raudt, oransje, gult, brunt, grønt, blått til grått, starta eg heklinga. Og no er eg hekta! Eg klarar nesten ikkje å leggja prosjektet frå meg. “Berre ein runde til, så eg får sjå korleis det vert med endå ein farge.” Høyres det kjent ut, eller? Eg håpar i alle fall at det held fram slik, for då skal det ikkje verta noko problem å få ferdig dette teppet!

IMGP3561
Så langt har eg komme til no. Eg elskar fargane! Planen var å gi det vekk til jul, men no veit eg ikkje om eg klarar det. Det freistar mest å behalda det sjølv, så kanskje eg må hekla to?

For dei som er interesserte i fakta:
Garn: Safirgarn, Østlandsgarn og Rubin
Heklenål: 5
Mønster: standard bestemorsrute, to omgangar med kvar farge

fredag 13. februar 2009

Yndlingsgensar

For ein gongs skuld er det masse, masse snø i Bergen. Om dagen er det sol som varmar godt, men når den forsvinn vert det vinterkaldt igjen. Då er det godt å finna fram den nye yndlingsgensaren min. Den er strikka av besta mi, som hadde dei mest magiske pinnane av alle. Ho strikka gensaren til onkelen min, men no har eg overteke den. God, varm, mjuk og heilt perfekt!

Elles har eg bumpa over ein herleg blogg i dag, http://www.slagtenhelligko.dk/. Fine bilder, fine strikkaplagg og sist, men ikkje minst: ho har fått meg til å oppdaga ein ny garntype - cascade 220. Freista og forelska. Garnet er allereie oppspora på Ebay. Det einaste som held meg tilbake er garnslankekuren og vissheita om at det snart dumpar ned 400 gram med garn i postkassa mi. Eg har jo sjølvsagt planar for alt garnet mitt, problemet er berre at nytt garn dukkar opp og treng husly fortare enn eg rekk å strikka noko av det gamle.

Men eg får halda meg i skinnet. Snart er det heldigvis nysteikte kveitebollar, varm blåbærte og Livvaktene på NRK1. I morgon er det tidlig opp og ut på stoffjakt til nytt teppeprosjekt. Resultatet vert bloggifisert om ei stund. Først må eg heim til ho mor og låna symaskin.

Ha ei god helg alle saman!


mandag 9. februar 2009

Sokkefabrikk

Lenge sidan sist no, men i mellomtida har det vore storproduksjon av sokkar. Pinnane går varme og den eine sokken etter den andre vert ferdig, men likevel går det dårleg med slankekuren. Fire gram opp er status etter januar. Det kan forklarast med at no i desse finanskrisetider er eg redd for at dei små garnbutikkane i by'n skal gå konkurs. Difor må eg altså bidra på beste måte til å halda omsetnaden oppe.
Men nok slankesnakk. Over til FO'ar:

Her er PI-sokkane. Stripene er strikka etter desimalane i PI, altså 3.14159 26535 89793 23846 26433 83279 osv. Garnet som er brukt er lilla rubin og kvitt raggegarn. Desse skal ei venninne som alltid frys på føtene få.


Dette er dei to siste para med sokkar som skal til barneheimsborn. Kjekt restegarnsslankeprosjekt.

Så var det sokkane som mamma mi fekk til morsdagen. Under salet hjå Donna Design i fjor fekk eg med meg eit par nøster med Drops Alpaca. Eg har aldri hatt så mjukt og herleg garn før, så eg har ikkje heilt klart å bestemma meg for kva slags prosjekt som fortener så fantastisk garn. Men så ein dag eg sat og kjende på dette garnet, kom eg på at sidan mamma mi er så fantastisk, fortener ho jo fantastiske sokkar også. Dermed blei det sokkar i ein tråd alpakka og ein tråd Gjestal Sildre. Hælen er i dobbel tråd Sildre, så tåler den meir.

Grandtanta mi har snart bursdag, og sidan det er umogleg å finna ut kva ein skal gi gamle damer vert det sokkar i år. Ho har strikka sokkar til meg sidan eg var liten og no passar ho godt på meg i by'n, så då fortener ho ogå fantastiske sokkar. Strikka i ein tråd mørkegrøn alpakka og ein tråd lysegrøn Sildre.

Dette er det siste paret som er ferdig. Her har eg lært meg ein ny måte å strikka hæl på. Eg har lenge hatt angst for oppskrifter. Vanskelege ord og innvikla forklaringar har skremt livet av meg. Men det var jo ikkje vanskelig i det heile tatt! No er eg full av strikkesjølvtillit og klar til å ta fatt på dei vanskelegaste oppskriftene eg finn, til og med på engelsk.


onsdag 21. januar 2009

Ordnung muss sein

Strikkepinnar, heklenåler, garnnøster og påbegynte prosjekt flyt fritt i heimen. Trådstumpar på badet, pinnar i sofaen og ein halvstrikka sokk på kjøkendisken er ikkje uvanleg. Nøstene har budd i ein puff frå IKEA som eg nesten ikkje fekk at loket på. Då gjestene mine kommenterte at det såg ut som ein strikkefabrikk hjå meg, fann eg ut at no er det på tide å få orden i galskapen. Etter intens omorganisering, stapping og stuing, fekk dei billege nøsta leva romsleg for seg sjølv i puffen, medan dei dyrare nøsta mine flytta over i ei skuff i tv-benken. Dei nøsta som eg har planar om å bruka i næraste framtid, fekk seg nytt hus i ein fin korg rett ved sidan av godstolen. Påbegynte prosjekt har fått seg kvar si korg under stovebordet, så no lyt eg passa på at eg ikkje har meir enn fem prosjekt gåande om gongen.

Dessutan har snillaste vetlesøster mi sydd rundpinnesovepose og heklenålhus til meg, så no er det endeleg system i rotet.

God plass til alle rundpinnane.

Her ligg alle heklenålene mine godt innpakka oppå rundpinneposen.

Eg har også vorte ferdig med endå eit par sokkar som skal til barneheimsborn. Det går fort å strikka sokkar i så små størrelsar, og i tillegg er det eit kjekt prosjekt å bruka restegarn på.



søndag 18. januar 2009

Sokkar på samleband

Bergensværsøndag (regn og vind) og ei ny lydbok = ferdig med sokkeUFOane som har lege i strikkekorga mi i lang tid.


Desse to para skal sendast til ein barneheim. Dei er strikka av restegarn, så fargane passar ikkje heilt bra saman, men dei varmar i alle fall små, kalde føter.

Desse sokkane er fjorårets julegåve til onkelen min. Det er gørrkjedeleg å strikka sokkar i størrelse hest med einsfarga garn, så det er nok første og siste gong eg startar på eit slikt prosjekt. Ein stor takk til den personen som fann opp garn i fleire fargar!

fredag 16. januar 2009

Slankekur

Då er det bestemt. 2009 skal brukast til slanking. Etter at vekta gav meg eit lite sjokk tidlegare i dag, har eg funne ut at eg må kvitta meg med nokre kilo. 9 kilo med garn skal reduserast. Alt det fine garnet mitt er dokumentert og registrert på Ravelry (MagicalSticks, for dei som er interesserte), og eg har allereie lagt mange planar for kva dei neste slankeprosjekta skal bli. Full kjøpestopp er ikkje vegen å gå, for meg verkar det berre mot sin hensikt, så målet i år vert fleire nøster ut enn inn. Dessutan har eg fått laga meg ein fancy dingseboms som skal hjelpa til med å halda kontrollen. Denne finn du også heilt nederst på sida.





Det skal bli spennande å sjå korleis dette går. Slankekurar er ikkje mi sterkaste side, men ettersom det ikkje er noko eteleg med i biletet, får me tru det går bra denne gongen.


Klagesong

Vinter i Bergen er synonymt med regn og vind. Som oftast. I går var eit unntak. Då var det nemleg snø, sol og nydeleg vinterstemning. Det er så koseleg å gå ute, godt påkledd med vottar og ullklede, kjenne sola varme i ansiktet og høyre at det knirkar i kram snø under skoa. Sjå borna som leikar i akebakken og alle dei viktige mennene i dress og skinnhanskar som måkar fram dei store monsterbilane sine. På slike dagar lengtar eg heim. Vekk frå byen, blokkene og alle bilane og heim til det som verkeleg kan kallast natur. Då vil eg pakka sekken, spenna på meg skia og leggja ut mot Lingesete, Anestølen eller kanskje til og med Dueskarvarden, dersom motet er på topp.


Men sidan vinteren her er grå og trist, har eg bestemt meg for å friska opp inne. I går bar turen til IKEA, på handlelista stod FARGAR.



Handdukar, lys og tulipanar i nesten alle regnbogen sine fargar er no på plass, og eg merkar at det hjelp på humøret. Dessutan har eg påskeferien å sjå fram til. Då ber det heim til snødekte fjell, skiturar og mamma sin nykokte kakao.

onsdag 14. januar 2009

Pinnemat i postkassen

Då kom endeleg pakken min frå Danmark! Ikkje det at det tok lang tid (bestilte garn på fredagskvelden, ordren vart pakka og sendt på måndag og eg fann pakken i postkassa mi i dag), men når eg veit at det er pakke med spennande innhold i på veg, går dagane alltid sakte.


Garnet er New Zealand Lammeuld, bestilt frå http://www.123knit.com/. Fantastisk nettside og fantastisk garn! Dette skal bli til klesplagg frå boka "Strikk til nøstebarn", som kom i hus i går. Fargane på bilda vart ikkje så bra, men det er altså brunt, oransje og lilla.

Elles går det sakte framover med bestemorsteppet. Trur det er godt at det endå er mange månadar til jul, for det dukkar stadig opp nye prosjekt på pinnane. No er det bestemt at eg skal gjera ferdig minst to sokkeUFOar før eg startar på noko nytt.

søndag 4. januar 2009

Bestemorsruter

Då har eg begynt på årets julegåver. I fjor vart det eit stress utan like. Uventa julejobb og litt for mange prosjekt på litt for kort tid, gjorde at eg framleis ikkje er ferdig med pakkane som skulle vore pakka opp for snart to veker sidan. For å vera på den sikre sida i år, startar eg allereie no, så kan det henda at eg har full kontroll på pakkane i desember.

Den eine pakken i år vert eit hekla teppe. Etter å ha lært heklekunsten for ikkje så mange veker sidan, har eg fått dilla. Bestemorsruter er fine, kjappe og enkle å hekla. Dessuten har eg oppdaga ein måte å festa trådane på undervegs, så no er alt berre velstand.

Eg er usikker på kor stort eg skal laga det, men planen er i hvert fall å få eit teppe som går an å kvila middag under. Det er hekla i Alpa frå Trysilgarn med heklenål nummer fem. Rutene er på seks omganger kvar, så dei vert ganske store og luftige.


Elles har eg teke ekspressbåten heimatt frå juleferie i dag. Over fire timar på reise betyr kvalitetstid med strikkepinnane, så no er eg nesten ferdig med det siste sokkeparet som skulle vore julepakke.

fredag 2. januar 2009

Fabelaktige sokkar


Då er eg ferdig med det eine paret frå i fjor. Desse er strikka i Big Fabel frå Drops. Garnet er fantastisk godt å strikka med. Sokkane vert varme og mjuke, og garnet er så tjukt at det tek ikkje så lang tid å få ferdig eit par.