UFOen er eit rillestrikka teppe, sterkt inspirert av ei oppskrift frå Arne og Carlos si bok "Håndarbeid i hagen". Etter å ha sett teppet på andre sine bloggar, blant anna her hjå To vrange og her hjå Tusenfryd, fekk eg lyst til å strikka eit slikt sjølv.
Fargane er bestemt (ganske) tilfeldig og eg strikka til kvart nøste var oppbrukt. Sjarmen med resterilletepper er at dei ikkje alltid vert så lekre. ;-)
Det gjekk med 1116 gram (etter trådfesting) og teppet måler omtrent 120 x 220 cm. Eit lett, luftig og stort teppe som passar perfekt til å pakka seg inn i ein kald haust- og vinterdag.
Sidan teppet luktar litt (spinnolje i Shetland soft), trur eg at det skal få seg eit milobad. Spørsmålet er berre om eg skal ta sjansen på ullvask i vaskemaskina, eller om eg skal gå for handvask i badekaret.





.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)







.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)

.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
