fredag 18. desember 2015

Tantestrikk

Siste barneplagg av pinnane er to overdelar til vetle fadderjenta mi.

 

Osloanorakken er strikka på bestilling, medan rodeogensaren er strikka etter ein surferunde på Instagram, der eg fall pladask for den stilige gensaren. 


Oppskrifta på anorakken er Pickles si, som du finn her. Eg brukte Drops Nepal og det gjekk med fire nøster gråbeige-isj og tre nøster rosa i størrelse 1-2 år. Anorakken er fiffig konstruert, med forlenga rygg, raglanfelling med knappestolpe og stor og god hette. Snille mamma sydde i knappar og heimalaga-merke i nakken, så no manglar det berre eit milobad før anorakken er klar til å pakkast inn. 


Rodeogensaren er Paelas-jentene sitt verk og oppskrifta finn du her. Til denne brukte eg favorittgarnet mitt, Drops Air. Det gjekk med to nøster i størrelse 1-2 år, altså ei fjørlett og luftig lita sky. Gensaren er strikka frå toppen og ned med aukingar framme og bak, noko som gir ein fin a-fasong. Saman med frynsene og felta der du slepp ned kast, vert dette ein litt annleis, men veldig stilig gensar.


Eit lite hjarte nedst på gensaren pyntar diskre opp. Skya må også få seg eit milobad, slik at frynsene kan pressast lett på plass. 

No manglar eg berre å strikka ferdig eit sokkepar, så er alle julegåvene i boks (eller rettare sagt i papir ;-)). 

10 kommentarer:

Anonym sa...

Så tøff vesla blir når ho får på seg "cowboy-gensaren".Me satsar på at ho ikkje bryr seg om at stinga mine er skeive, besta mi kalla slikt for "julesting", når noko måtte gjerast i full fart for å bli ferdig til jul,det vart ikkje så fint og nøyaktig som det skulle ha vore , men det fungerte.Greit å ha den unnskyldninga! Helsing knappeisyar/trådfestar, aka mamma.

mimouna sa...

Koselig gave, det er to fine og praktiske gensre til hvert sitt bruk.

God helg! :)

amylin sa...

Fine gensere! Ha en fortsatt god kveld!

Strikkemor sa...

Så flotte plagg, heldig hun som skal varme seg i disse 😊

Barwitzki sa...

Kjempeflott begge to, fantastiske gaver ha du strikkt.
Jeg strikkt sist lua med Nepal, veldig god og AiR jeg vil prøve :-)))
Vakre julestemning her ... strålende klem til deg. Viola

Barwitzki sa...

God jul til deg og dine.

Birgitte sa...

Så fine og søte småplagg! Redoegenseren var litt annerledes og veldig tøff. Den blir søt på en liten jente :)

Lisbeths Verden sa...

Her var mye fint, godt år til deg. Ta en tur innom bloggen min og bli med på giveawayen, klem fra beth

LivM sa...

Nydelige plagg! Ønsker deg et riktig godt nytt år!

Tanja sa...

Super billeder! :)