Etter å ha sett så mange fine utgåver av denne gensaren på Instagram måtte eg få ein på mine pinnar også. Gensaren har vore planlagt lenge, men som kjent tek ting tid. Planen var å strikka med totrådsull av type NZ lammeull eller Shetland soft, for å få ein lett og varm gensar, men eg hadde ikkje nok av dei rette fargane. Eg kjøpte derfor inn Karisma under Drops sitt garnsal no i mai. Det er nok like greit at det vart Karisma, så kan gensaren vaskast i maskin.
Mønsterstrikk er ikkje mi sterkaste side, men som med alt anna gjer vel øving meister. Biletet over viser ein veldig bulkete bol. Erma var endå verre, sidan dei vart strikka på ermepinnar, men ein vask i maskina gjorde verkeleg underverk. Mønsterstrikken jamna seg ut og gensaren vart lett og god.
Oppskrifta er islænder frå heftet "Knit for your kid" av Susie Haumann. Dansk strikkedesign er verkeleg noko for seg sjølv. Gensaren er strikka i størrelse 2 år, som er minste størrelse i oppskrifta. Eg har lest fleire plassar at modellen er kort og vid, så eg la til ekstra lengde på både bol og ermer. Det gjorde eg ved å strikka fleire mønsterrepetisjonar enn oppskrifta seier før ein deler av. Eg tok eit lengdemål eg fann i ei gensaroppskrift i omtrent same garntjukkelse frå "Strikk til nøstebarn". På augemål trur eg resultatet vart bra med tanke på proporsjonar, men størrelsen er nok nærare 3 år enn 2.
Garnet er som skreve Drops Karisma. Det gjekk med nesten to nøster av mønsterfargen (lyseblå) og nesten fire nøster av botnfargen (beige/sand). Eg strikka med pinne 3,5, sidan eg strikkar laust.
Gensaren kan strikkast i mange fargekombinasjonar og eg kjenner at eg absolutt må strikka ein til i heilt andre fargar. Men først må eg gjera ferdig ein liten haug med UFOar som ligg i strikkekorga og ventar.
5 kommentarer:
Fin liten genser. Og Karisma er et lurt valg til barneplagg, de blir grundig skitne i den alderen.
Søt fotomodell!
Utrolig hva en vask kan gjøre for et plagg. Kjempefin genser!
Flott genser, i virkelig deilige farger! Nå fikk jeg merkelig lyst på jordbær og sjokolade. ;)
Så lekker genser.
Karisma er ett herlig garn å strikke med!! Må huske å kjøpe inn litt Karisma igjen etter hvert ;)
Legg inn en kommentar