onsdag 7. januar 2015

På pinnane

I det siste har eg faktisk vorte veldig flink til å strikka ferdig det eg legg opp til, men litt halvferdig vert det visst alltid. Akkurat no held eg på med to prosjekt, i tillegg til at eg har plukka fram ein gammel UFO.


Gule sokkar. Desse trur eg vert bursdagsgåve til ei venninne. Sterk og det velkjende blueberry waffle-mønsteret på pinne nummer 3. 


Raud hue (ufoen). Pappa bestilte ei hue som skulle vera lik Ola Braanas si. Hverdags på pinne nummer 3, strikka etter bilete funne på Google.


Brune vottar. Dette er eit av mønstera i vottealongen på Uformelt. Planen er at desse skal i gåvekassa. Dobbel tråd finull på pinne nummer 5,5, mønsteret er Martine flettevotter.

Desse tre prosjekta burde vera enkle og kjappe å få ferdige.

3 kommentarer:

Kort og Søm sa...

For en fin farge på de sokkene på det øverste bilde :)
Heldig er den som får de i gave!

Lille hjerterom sa...

Soo fine sokka! :)7
Og eg trur pappaen vil kle den raude fine lua :)
Flink som alltid! :)

PS. Gratulera med dagen! <3

mimouna sa...

Lekker gulfarge! kjekt å starte året med UFO-er og småstrikk. :)