Sokkar er liksom min ting. Då strikkinga vart ein hobby for omtrent seks år sidan, var det sokkar eg starta med. I løpet av åra har det vorte så mange par at eg mista teljinga ein gong i løpet av hausten 2011 (i følge Ravelry), men eg vil tru det er over 200 par. Eg har cirka 10 sjølv, resten har familie og venner fått.
Eg lærte meg heilt enkle ribbestrikka sokkar med mamma sin litt spesielle hæl, men i løpet av åra har eg utvida horisonten. Etter litt rot med veldig avanserte mønstersokkar har eg funne ut at det enkle er ofte det beste når det kjem til familien min. Dei brukar sokkane året rundt, både rett på foten som innesokkar og ute i gummistøvlane. Slitasjen er stor, så eg strikkar og strikkar og strikkar. Bursdagar og jul betyr alltid innhogg i kassa med ferdige sokkar, så no var det på tide å fylla på att.
Seks par fekk eg ferdig før eg fekk lyst til å strikka noko anna.
Gult par = Perfect.
Rosa par = Regia silk, 6-tråds.
Kvitt par = Sterk.
Turkis par = Sterk.
Grått par = Sterk.
Gråblåmelert par = dobbel tråd Fabel.
Eg held på med garnslanking, så eg prøver hardt å bruka av sokkegarnlageret mitt. Etter alle desse sokkane har det minka, men eg har nok til minst tre par endå + restegarn til sikkert like mange.
16 kommentarer:
For en lystig samling med fine sokker! Burde absolutt ha bedrevet litt sokkegarnslanking jeg og... :-)
Oj, så fine! Og så flink du er!
wow, så produktiv du har vært, de var kjempeflotte!
Så flink du er, jeg kan nok ikke skryte på meg å være så effektiv ennå. Men det har blitt endel pannebånd det siste året. Men må få mamma til å lære meg sokker også. Innmari kjekt plagg, som slites som du sier!
For ei fargerik og herlig samling! Alltid kjekt med sokker:)
Fantastisk samling! Så fine fargar :) Blir heilt inspirert sjølv. Sokkar er kanskje det som skal til for å finne tilbake til inspirasjonen? Blir jo ganske fort ferdig, og så kan eg trene meg på å strikke to prosjekt samtidig.
Kva struktur er det du har brukt? Stemmer det at det er 2 omg 2r2vr og så 2 omg rett?
Så flotte og fargerike sokker.
Skulle gjerne hatt sokkestrikkelyst igjen, men den er visst på ferie ennå, som den har vært ett par år nå!
Fikk bittelitt inspirasjon her da <3
Så fine når de var på gruppebilde! Inspirerende!
Wow! Det var litt av en fin sokkesamling :)
Er så enig med deg; enkle sokker er det aller beste å bruke! Og dine sokker var kjempefine!
God helg! Klem :)
Et kjempeflott mønster dette, alltid godt med sokker :) Ha en fin søndag hilsen Beth
Et kjekt favorittmønster det der! Fin haug med sokker. :)
Sakna bloggingi di no :)
Så flotte sokker du har strikket! Heldige er de som får slike i gave.
Så flotte sokker du har strikket! Heldige er de som får slike i gave.
Нeya i am for the first time here. I foսnd tɦis board and I
in finding Іt really useful &it helped me out a lօt.
I'm hoping to give one thing Ьack and aid otҺeгs such as you helped
me.
Tаke a look at my web blog pos machines springfield ma
Legg inn en kommentar