mandag 22. oktober 2012

Tidstjuv

Onkel sitt nye tilskot til familien har dei siste vekene ført til at strikketida mi har vorte betydeleg innskrumpa.

IMAG0013

Sofakos er eigentleg ikkje lov, men det er jammen ikkje lett å sei nei til dette dyret.

IMAG0029

Eit bad måtte verkeleg til. Vatnet var gråbruntbeige etterpå.

IMAG0026

Tre av favorittaktivitetane er turgåing, …

IMAG0016

IMAG0060

… tv-sjåing og matlaging.

IMAG0063IMAG0064

Og sidan dette eigentleg er ein strikkeblogg, så får eg vel leggja med bevis for at eg faktisk har strikka litt i det siste, eg har berre ikkje fått festa dei berømte trådane. Det er til og med haug på strikkekorga mi.

IMGP0968 (2)

Beklagar dårleg kvalitet på bileta, men eg har endeleg hengt meg med på utviklinga og kjøpt meg smarttelefon med kamera og dropbox. Smart.

Og om berre nokon kan gi meg eit trådfestespark bak, så kjem det snart eit skikkeleg strikkeinnlegg også.

5 kommentarer:

Anonym sa...

søtingen!

Lisa sa...

*trådfestesparkbak*
;)

Anonym sa...

Her kjem eit kraftig trådfestespark til deg!

nragnhild sa...

Tidstjuvar som desse er aldeles nydelege! :D Har sjølv ei som er kjapp til å snappe nøstet om ho tykkjer eg konsentrerer meg for mykje om strikkinga :)

Dei gule vottane var praktiske og garantert gode! Og ei farge etter mitt hjerte ;)

Margrethe sa...

Råkul strikkekurv! Vi har en gammel Asina-kasse fra kjelleren til farmor. Den skal få nytt liv etter neste gang jeg er hjemme :)