onsdag 8. februar 2012

På pinnane

Det vert visst langt mellom innlegga her på bloggen, av fleire grunnar. Av strikkemessige grunnar held eg på med minst ti ulike prosjekt samtidig. Når eit prosjekt kun får nokre få omgangar i veka, tek det litt tid før det vert ferdig.

I tillegg strikkar eg  mykje med tannpirkarar for tida. Altså 2 og 2,5 mm pinnar. Det seier seg sjølv at det tek lang tid.

IMGP0485 (2)

Akkurat no held eg på med tre vottepar på tynne pinnar, to på 2 mm og eitt på 2,5 mm. Dei grøne er mitt første vellukka mønsterstrikkprosjekt (jippi!), og dei gule og kvite er resultatet av denne nye kunnskapen. Dei blå er søndagsvottar med flette- og havskummønster, lagt opp til berre fordi dei var så fine.

IMGP0490 (2)
Studie i strukturstrikk.

Elles har eg fått dilla på sokkar på 2,5 mm pinnar. Det vert tynne og gode sokkar som passar i litt andre sko enn gummistøvlar også, men det tek tid.

Utanom dette held eg også på med eit babyteppe (det hele kongerige), eit sjal til ein 80-årsdag, eit skjerf som skulle vore julegåve i fjor og vottar på tjukke pinnar (4 mm).

IMGP0492 (2)

Det fine er jo at når eg først vert ferdig med alt, så har eg jammen mykje eg kan leggja i gåvekassa, for det er kun dei gule og kvite selbuvottane som er til meg sjølv av alt dette.

10 kommentarer:

Anonym sa...

Gule og kvite selbuvottar høyres fristande ut! :)

Elles er det veldig kjekt å sjå at det ikkje er berre eg som har mange ting på gong samtidig ;)

Ha ei fortatt fin veke!

Judith sa...

Så bra å se at flere enn meg simultanstrikker. Det er sånn det skal være, lystprinsippet er viktig når det kommer til strikking. Kos deg.

Linda sa...

Wow her va da mykje spennande! Spent på dei gule vottane eg.

Vibekes lille ullne sa...

Du har virkelig imponerende mye på pinnene samtidig. De grønne vottene ser kjempeflotte ut og det samme med alle fine sokkene med fint mønster. Lykke til med ferdigstilling! :)

tantemaraj sa...

Herlig mye du strikker på!! Gleder meg til å se mønsterstrikkene ferdig, i flotte farger!

Anonym sa...

Så flink du er! Så mange fine flettemønster!

skb sa...

Mange flotte prosjekt på ein gong!
( eg er av same sort, går ikkje an å berre ha eit prosjekt om gongen... )

Guri sa...

Så koselig blogg du har! Titter innom for første gang, men det blir ikke siste! Godt å se at det er flere enn meg som har mange baller i lufta på en gang. Bare mann klarer å fange alle, går jo det veldig bra det :)

Strikketine sa...

Så mye fint du har på gang! Godt å ha ei gavekasse og ty til.. ;-)

lena sa...

Hei! Det er første gang jeg er på bloggen din, ivertfall skriver på den. Jeg har nemlig kikket på det siste innlegget ditt i to dager nå....du strikker så mye herlig på en gang og det er så godt å se at det er flere som har mange ting på pinnene om gangen:). Jeg blir glad å se på bloggen din rett og slett. Nå skal jeg rive øynene vekk fra ditt siste innlegg,og kikke i resten av bloggen din:). Og ....starte på flere prosjekter ;)