Eg er fantastisk heldig, for eg fekk handtein og kashmirull til bursdagen min! Eg har lenge hatt lyst til å læra meg spinning, men eg har aldri fått ut fingeren og bestilt meg utstyr, så dette var ei perfekt gåve.
Det er mykje jobb med å få tak i ulla, så eg skal bestilla meg litt “vanleg” ull til testspinning. Kan jo ikkje risikera at eg spinn fortøyingstau til Hurtigruta av den verdifulle kashmirulla mi heller.
Er du ein spinnar? I så fall tek eg gjerne imot gode råd og linkar til nettsider og bøker om temaet.
4 kommentarer:
Spennande! Spent på resultatet av denne spinninga di. Spennande å lera noko nytt. Eg er ikkje noko spinnar. Ha ein fin kveld.
Wow, det kunne jeg tenkt meg å prøve, men jeg har null kunnskap innenfor spinning. Lykke til, håper du viser resultatet på bloggen :)
Prøv Husfliden, eller Spinnvilt, eller Telespinn.
Helsing onkel
Eit par gode karder treng du kanskje også? Lukke til med spinninga av luksusmaterialet :o)
Legg inn en kommentar