torsdag 21. juli 2011

Tapetkupp

Eg har lenge hatt lyst på tapetprøvar til å laga bilete av og dekorera saker og ting med, så gleda var mildt sagt STOR då eg var på handletur i går med to fine venninner og ho eine kom over ein butikk som ga vekk tapetprøverullar GRATIS! Eg tok så mange at eg hadde armane fulle.

Dessutan bestilte eg tapetprøvar frå Måleributiken for nokre dagar sidan og i dag låg dei i postkassa. Super butikk som anbefalast på det sterkaste. Dei to første prøvane er gratis, deretter kostar kvar prøve 20 kroner. Kvar prøve er omtrent ein meter lang, så her er det mykje tapet for pengane. I tillegg er det gratis frakt og superrask levering.

No sit eg her og beundrar alle dei fine rullane mine medan eg planlegg alt eg skal laga. Til no er planen å pynta hermetikkboksar og bladordnarar og å laga eit par bileter. Forhåpentlegvis vert det ikkje så lenge til neste tapetinnlegg.

IMGP9726 (2)

IMGP9728 (2)

Håpar du har fine sommardagar!

1 kommentar:

Anonym sa...

Oj så masse fine tapetar! Så heldig du er som fann nokon gratis:) Reknar med du kan øaga mykje fint av desse.