No var det endeleg kista sin tur. Eg er mektig lei av furufarga møblar, så også denne fekk seg eit målingsstrøk.
Denne gongen brukte eg fargen Siv frå Jotun Sens. Ein litt ubestemmeleg grøngrå farge som skiftar veldig etter lyset og kva fargar som er på møblane attmed. Men fin er den så absolutt.
Sidan treverket var behanda vaska eg først med grønsåpevatn, så pussa eg ned med fint sandpapir. Etterpå grunna eg to strøk med vanleg sperregrunn før eg målte to strøk med vanleg måling.
Kista har fått plass ved sidan av Fretexfunnet mitt. Eg berre elskar den stolen! Skikkeleg gladstol. Han skal også få seg litt pleie, men det vert ikkje før litt seinare.
No har eg målt det eg skal måla og eg har kjøpt og skrudd opp ny bokhylle, så no står det att berre eit par småting før eg er ferdig med prosjekt oppussing av barndomsrommet.