Som sagt i går, så har eg vore på butikken og kjøpt litt garn som skal verta til eit fargerikt bølgjeteppe.
Sidan eg aldri har hekla bølgjer før, så måtte det prøvast. Resultatet vart tre prøvelappar. Øverst har eg brukt heklekrok nummer 5, i midten krok nummer 4,5 og nederst krok nummer 4. Etter litt fundering har eg bestemt meg for at eg skal hekla teppet med krok nummer 4,5. Trur det vert best – ikkje for laust og ikkje for fast.
Faktaboks for spesielt interesserte:
Oppskrift: Neat ripple pattern. SUPER oppskrift! Godt og enkelt forklart med bilete for kvart steg
Garn: Sandnes duett, 55 % bomull og 45 % ull
Heklekrok: 4.5, Harmomy wood
Størrelsen på teppet har eg ikkje heilt planlagt. Sidan eg aldri har hekla eit bølgjeteppe før, anar eg ikkje kor mykje garn som går med. Duett er eit garn som er på veg ut, så det er heller ikkje så lett å få tak i meir seinare. Eg trur eg går for 130-140 cm breidde, så får eg hekla det så langt som eg har garn til.
Med ynskje om ein strålande dag i regnet!
6 kommentarer:
Dette ser fint ut. Men Duett er utgått, så det vert seldt på tilbud på butikken i Sogndal. Og ein får ikkje tak i meir. Så då ville eg ha skaffa meg garn med da samma. Lykket til med teppet.
Flotte farger :) Og en koselig blogg, har måttet kikke litt på tidligere innlegg og :) Lykke til med prosjektet!
Dette blir berre lekkert. Smart med prøvelapper:-) Tror det blir et utrolig deilig teppe av dette garnet. Lykke til, kom med noen oppdateringer underveis da, spent vet du...
Freshe farger! Synd at Duetten går ut - syns det var smart å hekle teppet i en ull/bomull-mix, da får man jo det beste fra begge materialer.
Ha en fin dag!
Nydelige farger du har valgt så dette kommer til å blir flott! Lykke til !
Blir sikkert kjempe fint:)
Har nettopp strikket i duett selv (mini duett) å likte garnet veldig godt :)
La meg til som følger jeg, ha en flott dag:)
Legg inn en kommentar