Ein 20-årsdag og ein 60-årsdag i familien må jo feirast med muffins. Brune og gule, pynta med melis og sjokoladeglasur, nonstop, kakestrø og sjokoladehjarter. Rett nok ikkje på same muffinsen, det hadde vorte litt mykje. ;-)
Då er det berre til å håpa på at bakverket fell i smak hjå den eldste jubilanten. Den yngste får heller venta til sommarferien dersom ho ynskjer seg muffins.
Det er ikkje ofte eg får til så fine muffinsar. Akkurat passe mykje deig oppi kvar form, akkurat passe mykje steikt, ingen vulkankrater og heilt fantastisk smak! (Sjølvskryt er bra når det er fortent. ;-))
Eg har definitivt funne mi favorittoppskrift. Dette er tredje gongen eg brukar ho og alle tre gongane har eg fått til muffins som både ser ut som og smakar som muffins. Jippi! Denne skal skrivast inn i kokeboka mi.
---
Håpar du får ei nydeleg helg!
Her ser det ut som om sola er på veg tilbake, så eg skal ut og innvia solstolen min som eg typisk nok kjøpte dagen før regnet kom.
2 kommentarer:
Ser veldig godt ut.Passar vel bra med muffins og kaffi i mummikrusa dine.
mmm, eg var jammen heldig som fekk ein liten smaksprøve på bakverket ditt :D
Legg inn en kommentar