I oktober har eg meldt meg på Socktoberfest - med c, sidan festen finn stad på Ravelry. Det er eit godt spark i baken, for eg har utallige sokkeprosjekt på pinnane, og i tillegg har eg mange julegåvesokkar som må strikkast.
For å starta med stil fann eg ut at eg skulle prøva meg på litt meir avanserte sokkar enn dei vanlege blåbærvaflene. Først la eg opp til Mock Wave Cable Socks, men dei vart IKKJE fine, så eg rakk rett og slett opp det eg hadde strikka og starta på Yukon Leaves. Og det vart andre bollar, gitt.
Fiiine (tykkjer eg sjølv) sokkar som skal få verta søndagssokkane.
Det som er ekstra fint med Socktoberfest er at det er lov med UFOar. Eg har fem par berre her i by’n, alle med litt ulik progresjon - alt i frå trådfesting til heile sokk nummer to står att.
Førebels er oktober via til sokkestrikking, så får me sjå kor lenge den piffen varar. ;-)
10 kommentarer:
åh di gule ser fiiiiin ut,di må du bare strikke ferdig til vintern så sitter du i soffan og bare beundrer hvor fin de er:)
ja det var et par sokker som manglet sin make,hihi det ser kjennt ut:)
Nydeleg bladmønster.Dei halvferdige rosaraude var tøffe og.
Nydeleg bladmønster.Dei halvferdige rosaraude var tøffe og.
så herlige gule sokker! :)
veldig søtt mønster:)
Nydelege, dei gule - fargen også.
Nydelege, dei gule - fargen også.
Fantastiske gule sokker! =D
Jeg er en tur hjemme hos foreldrene mine, og her ser jeg at jeg har stående en Mummi-kopp jeg fikk en gang (ikke brukt). Ut fra bildet du postet i augustser det ikke ut som du har denne. En stripete kopp med en Mummi som stuper uti vannet. Den ville nok hatt det mye bedre i samlingen din enn i (kles!)skapet her hos meg! Om jeg får adressen din kan det hende den kommer på besøk =)
(Den kan du i så fall sende til viviciana ætt hotmail.com)
De gule likte jeg også!
Kos deg med alle sokke-UFO-ene. Du er jo godt i gang, så dette burde gå bra. :o)
no begynna dei magiske pinnane dine å virka litt slappe! hmm:(
Legg inn en kommentar