Det er framleis dvaletid her, men no er det haug på ferdige-prosjekt-som-berre-ventar-på-å-bli-teke-bilete-av-og-blogga-posen, så då tok eg meg sjølv i nakken og fekk unna litt.
Først ut er støvelsokkar til meg sjølv. Tynne (i mine auge) sokkar som passar perfekt utanpå eit par med Ulvangsokkar i gummi-, ski- og fjellstøvlar. To rett, to vrang på bråtet og rettstrikka fot sit godt inntil og held seg på plass.
Garnet er Fagstrikk frå Rauma, strikka på pinne nummer 3, størrelse 38.
Dei neste to para er julegåver. Forsettet om ei julegåve i månaden held seg bra etter eit skippertak første veka i april. *Knegg*
Eitt par i damestørrelse og eitt i herrestrørrelse. Strikka i det velkjende blåbærmønsteret og Sterk frå DSA på pinne nummer 3.
Det eine nøstet med grønt garn var nok til ein heil sokk, men det andre var ikkje, så sokk nummer to fekk nokre omgangar med raudt på tuppen.
6 kommentarer:
så tøft med den raude flekken!
Ååå for ein fin blogg du har ! Kjempeinspirerande !
Legg deg under mine favorittar og kjem på besøk av og til, eg.
Flotte sokkar og luer du har strikka !
likar!
den røde tåtuppen ble kul, klart det var med vilje :)
jeg regner med å få dvale etter hvert jeg også men frem til babyn kommer er jeg helt vill med pinner:) likte godt å se at andre lager julegaver i mai,så godt tenkt og den røde tuppen bare gjorde sokken spesiell syns jeg:)
Tadaaaa! Ekstrapremie vanker i hundretusenjubileumet. Send en mail til meretemonster@gmail.com om adresse, så kommer det pakke i posten.
Legg inn en kommentar