Her er PI-sokkane. Stripene er strikka etter desimalane i PI, altså 3.14159 26535 89793 23846 26433 83279 osv. Garnet som er brukt er lilla rubin og kvitt raggegarn. Desse skal ei venninne som alltid frys på føtene få.
Dette er dei to siste para med sokkar som skal til barneheimsborn. Kjekt restegarnsslankeprosjekt.
Så var det sokkane som mamma mi fekk til morsdagen. Under salet hjå Donna Design i fjor fekk eg med meg eit par nøster med Drops Alpaca. Eg har aldri hatt så mjukt og herleg garn før, så eg har ikkje heilt klart å bestemma meg for kva slags prosjekt som fortener så fantastisk garn. Men så ein dag eg sat og kjende på dette garnet, kom eg på at sidan mamma mi er så fantastisk, fortener ho jo fantastiske sokkar også. Dermed blei det sokkar i ein tråd alpakka og ein tråd Gjestal Sildre. Hælen er i dobbel tråd Sildre, så tåler den meir.
Grandtanta mi har snart bursdag, og sidan det er umogleg å finna ut kva ein skal gi gamle damer vert det sokkar i år. Ho har strikka sokkar til meg sidan eg var liten og no passar ho godt på meg i by'n, så då fortener ho ogå fantastiske sokkar. Strikka i ein tråd mørkegrøn alpakka og ein tråd lysegrøn Sildre.
Dette er det siste paret som er ferdig. Her har eg lært meg ein ny måte å strikka hæl på. Eg har lenge hatt angst for oppskrifter. Vanskelege ord og innvikla forklaringar har skremt livet av meg. Men det var jo ikkje vanskelig i det heile tatt! No er eg full av strikkesjølvtillit og klar til å ta fatt på dei vanskelegaste oppskriftene eg finn, til og med på engelsk.
mandag 9. februar 2009
Sokkefabrikk
Lenge sidan sist no, men i mellomtida har det vore storproduksjon av sokkar. Pinnane går varme og den eine sokken etter den andre vert ferdig, men likevel går det dårleg med slankekuren. Fire gram opp er status etter januar. Det kan forklarast med at no i desse finanskrisetider er eg redd for at dei små garnbutikkane i by'n skal gå konkurs. Difor må eg altså bidra på beste måte til å halda omsetnaden oppe.
Men nok slankesnakk. Over til FO'ar:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
8 kommentarer:
Sp flittig sokke-strikker du er:o) Skulle ha starta med noen jeg også,men finner på alt annet å strikke eller hekle:o)
Jammen bra at du tenkjer på alle garnbutikkane!Så får heller slankekuren gå dårleg.mamma sokkane varmar sikkert veldig godt både føtene og hjertet til mamma di.
så spreke sokker du lager :) fine farger å greier :) godt du støtter opp i desse finanskrise tider :D viktig å tenke litt på andre ;)
Jøss du har virkelig magiske pinner, du! For en produksjon. Synes virkelig at det er uselvisk av deg å passe på garnbutikkene :) Et eksempel til etterfølgelse, ja. jeg tror jammen meg at jeg også skal gjøre en innsats :) Ha en fin uke.
Hei på deg...
ser du har sokke feber... her skal vist ingen fryse på beina...
Så masse deilige sokker! Skal si du står på c",) Heldige er de som får bruke dem alle sammen!
Mange fine sokker du har strikket, skal si du er effektiv:-)
Sjølvtillit er bra å ha:) Og det har du god grunn til å ha også! Makan til sokkeproduksjon, eg er imponert!
Legg inn en kommentar