mandag 26. juli 2010

Mandagsgodteri

Ein “liten” snartur innom garnbutikken resulterte i ein pose full av snop.

IMGP7959

Og eg som liksom skulle slanka lageret for å få meg med alt garnet mitt til Bergen om to veker. Vel, vel.

Elles har det vore nokre stille veker her på bloggen. Sommar, mykje jobbing og litt andre prosjekt har teke tida og energien. Men strikking har eg fått tid til, så det kjem snart (alt er relativt) nye og ferdige prosjekt på bloggen.

tirsdag 22. juni 2010

Håpefulle huer, del 3

Eg strikkar framleis på krefthuer. No er innsamlinga til St. Olavs avslutta, men det er starta ein påfyllingsrunde til Stavanger Universitetssjukehus. Du kan lesa meir om det her.

Her kjem første halvpart av huene eg har laga så langt:

IMGP7887

Den grøne og den rosa er The Natural, strikka i Drops Karisma. Den blå er Lace Leaf Hat, også strikka i Karisma. Veldig fine og enkle mønster, engelske oppskrifter er som alltid godt forklart. Den rosa hua strikka eg rett etter den grøne, men utan oppskrifta framfor meg, så det vart litt på gefühlen. Det resulterte i omvendte fletter, men pytt, pytt. Litt variasjon er jo kjekt.

IMGP7889

To heilt enkle stripehuer, strikka etter Judith si fantastiske oppskrift på huer frå toppen og ned. Garnet er Schachenmayr nomotta extra merino, så desse er mjuke og gode.

IMGP7890

Endå to opp-ned-huer. Den mørkaste er strikka i Sterk og den lysaste i Falk. Huene har ikkje vrangbord nederst, så eg hekla ein kant med fastmasker rundt, slikt at kanten ikkje rullar langt oppover øyra.

IMGP7892

Så er det litt lett blanding. Den kvite er Odessa, strikka i Tuva. Ei garantert kløfri sommarhue. Den mintgrøne (oppe til høgre) er Truffle, strikka i Sandnes alpakka.
Dei to nederse er Slouched Tuva Hat, strikka i Drops merino extra fine og Robin's Egg Blue Hat, strikka i Schachenmayr nomotta extra merino big.

IMGP7904

Så er det ein liten bråte med huer som eg har hekla. Ein periode i vår var eg skikkeleg lei av strikkepinnane mine, så då fann eg fram heklenåla og masseproduserte huer. Alle er hekla i Schachenmayr nomotta extra merino big, så dei er ganske tjukke. Fine vinterhuer.

Eg har endå nokre huer som er ferdige, men dei tek eg i eit anna innlegg, for det kan jo verta for mange flate og kjedelege bilete av huer. Sånn går det når eg ikkje har huemodell tilgjengeleg.

onsdag 16. juni 2010

Prosjekt frigjering av strikkepinnar

Inne på Hobbyboden har Judith sett i gang ein uformell motivasjonskonkurranse for frigjering av strikkepinnar. Dette høyres verkeleg ut som noko eg må vera med på.

IMGP7862

IMGP7860

Eg visste at eg hadde ein del prosjekt på gong, men ikkje at det var så mange! Med 30 mm på kameraet fekk eg ikkje plass til alle på eitt bilete eingong.

På det øverste biletet er det kun sokkar. På det nederste er det ei babybukse, ein babyvest, to sjal, ei hue og ei babyjakke. I tillegg har eg tre bestemorsrutetepper som ikkje er ferdige. Vel. Det er nok å hengja fingrane i.

Målet for prosjektet er at alle pinnane skal vera ledige til 10. juli. Optimist? Eg? Hæ?

Tanken er faktisk så oppskakande at eg trur eg må roa nervene med å leggja opp til ei ny krefthue.

onsdag 9. juni 2010

Kveldskos

Heimalaga skulebolle med masse vaniljekrem (under eit like stort lag med melis og kokos), russesokkstrikk i to av favorittfargane og House på tven.

IMGP7850

Kvelden kan ikkje verta betre.

søndag 6. juni 2010

Award

Eg har fått ein kjempefin award hjå Komadyret. Tusen hjarteleg takk!

Saman med awarden skal ein skriva sju interessante fakta om seg sjølv. Vel. Her kjem dei, interessante eller ei:

1. Eg må alltid ha lydnivået på radioen i bilen på partal når eg køyrer, elles vert eg heilt sett ut.

2. Viss eg trur at arbeidsdagen vert stressande eller tung, står eg opp fem minuttar før tiden, slik at eg rekk eit par omgangar på strikketøyet mitt før eg reiser. Då går alt så mykje betre i løpet av dagen.

3. Eg ELSKAR sjokolade.

4. Eg ser ikkje noko som er lenger vekke enn ein halv meter utan brillene mine.

5. Eg fekk ei geit til konfirmasjonen min. Ho har no fått så mange born og borneborn og sikkert oldeborn også at eg har ikkje kontroll på flokken.

6. Eg har søkt på sjukepleiarskulen, sjølv om eg svimar av kvar gong eg ser ei sprøye.

7. Eg er dårleg på å finna interessante fakta om meg sjølv.

Awarden skal sendast vidare til sju andre bloggarar, men eg klarar ikkje velgja ut sju stykkjer blant den lange og fine bloggelista mi, så eg gir den like godt vekk til alle som er innom og les her! Det er vel fortent.

mandag 31. mai 2010

#51 og #52

Ferdig! 52 par på eitt år. 104 sokkar.

IMGP7820

IMGP7821

Eg hadde tenkt å avslutta med stil, men det vart ikkje heilt som planlagt. Men restegarnssokkar til bestefar og blåbærvafler er vel det som er mest representativt for sokkestrikkinga mi, så det passar jo i grunn godt det også.

Sokkane har vore ferdige ei stund, men dårleg bloggelyst har gjort sitt til at det vart utsett til siste stund, difor så dårlege bilete. Men sokkane er i hvert fall strikka!

Kva skal eg strikka no, tru?

fredag 28. mai 2010

Vinnarlukke

I heile mitt lange liv har eg ikkje vunne så mykje anna enn golvteppe, fjøstermometer og eit glas med blåbærsyltetøy, så gleda var stor då eg oppdaga at eg hadde vunne i Monstermønster si jubileumstrekning i anledning 100 000 besøkande. Og i går fann eg premien i postkassa mi.

IMGP7819

Ein boks med knappar! Perlemorsknappar i ein herleg blåfarge og søte treknappar forma som epler og Hello Kitty. Katteknappane passar perfekt på ei jakke til ei lita jente som elskar det japanske dyret.

Så tusen takk for dei fine knappane, Monstermønster.
Bloggen hennar er forresten vel verdt eit besøk. Ho er eit oppkomme av gode idear og inspirasjon! Ta deg ein tur innom, så skal eg lova deg at du finn mykje fint.

fredag 21. mai 2010

Markeringsbehov

Etter å ha sett mange fine merkelappar rundt omkring i strikkebloggverden, fekk eg lyst på mine eigne. Som tenkt, så gjort og nokre dagar seinare låg dei i postkassa.

IMGP7755

Heilt enkle med eit lite hjarte. Plagga mine er jo strikka med omtanke i kvar maske. Teksten er sjølvsagt på skikkeleg norsk.

IMGP7759

Eg kjenner at bloggelysta er på opptur, så kanskje vert det ikkje så lenge til neste innlegg.

mandag 26. april 2010

#48, #49 og #50

Det er framleis dvaletid her, men no er det haug på ferdige-prosjekt-som-berre-ventar-på-å-bli-teke-bilete-av-og-blogga-posen, så då tok eg meg sjølv i nakken og fekk unna litt.

Først ut er støvelsokkar til meg sjølv. Tynne (i mine auge) sokkar som passar perfekt utanpå eit par med Ulvangsokkar i gummi-, ski- og fjellstøvlar. To rett, to vrang på bråtet og rettstrikka fot sit godt inntil og held seg på plass.

IMGP7661

Garnet er Fagstrikk frå Rauma, strikka på pinne nummer 3, størrelse 38.

Dei neste to para er julegåver. Forsettet om ei julegåve i månaden held seg bra etter eit skippertak første veka i april. *Knegg*

IMGP7651

Eitt par i damestørrelse og eitt i herrestrørrelse. Strikka i det velkjende blåbærmønsteret og Sterk frå DSA på pinne nummer 3.

IMGP7650

Det eine nøstet med grønt garn var nok til ein heil sokk, men det andre var ikkje, så sokk nummer to fekk nokre omgangar med raudt på tuppen.

fredag 9. april 2010

Djevelske striper

Bloggelysta har gått i dvale, så ting tek tid her. Desse huene vart ferdige i februar, men eg har ikkje fått dei inn i bloggen før no.

IMGP7371

Akutt trang til å bruka opp litt diverse restegarn på anna enn sokkar resulterte i tre små babyhuer.

IMGP7374

Den øverste er strikka i Dale babyull, den midterste i Bambino babyull og fleirfarga Regia-sokkegarn og den nederste i Sandnes alpakka. Alle er strikka i same størrelse (6 månadar) på pinne nummer 2.5, men grunna ulik tjukkelse på garnet vart dei ikkje heilt like.

IMGP7378

Den nederste gjekk i siste sendinga med krefthuer til St. Olavs hospital. Eg rakk endå litt fleire huer før fristen, men dei kjem i neste blogginnlegg. Viss eg berre får ut fingeren …