Eg strikkar framleis på krefthuer. No er innsamlinga til St. Olavs avslutta, men det er starta ein påfyllingsrunde til Stavanger Universitetssjukehus. Du kan lesa meir om det her.
Her kjem første halvpart av huene eg har laga så langt:
Den grøne og den rosa er The Natural, strikka i Drops Karisma. Den blå er Lace Leaf Hat, også strikka i Karisma. Veldig fine og enkle mønster, engelske oppskrifter er som alltid godt forklart. Den rosa hua strikka eg rett etter den grøne, men utan oppskrifta framfor meg, så det vart litt på gefühlen. Det resulterte i omvendte fletter, men pytt, pytt. Litt variasjon er jo kjekt.
To heilt enkle stripehuer, strikka etter Judith si fantastiske oppskrift på huer frå toppen og ned. Garnet er Schachenmayr nomotta extra merino, så desse er mjuke og gode.
Endå to opp-ned-huer. Den mørkaste er strikka i Sterk og den lysaste i Falk. Huene har ikkje vrangbord nederst, så eg hekla ein kant med fastmasker rundt, slikt at kanten ikkje rullar langt oppover øyra.
Så er det litt lett blanding. Den kvite er Odessa, strikka i Tuva. Ei garantert kløfri sommarhue. Den mintgrøne (oppe til høgre) er Truffle, strikka i Sandnes alpakka.
Dei to nederse er Slouched Tuva Hat, strikka i Drops merino extra fine og Robin's Egg Blue Hat, strikka i Schachenmayr nomotta extra merino big.
Så er det ein liten bråte med huer som eg har hekla. Ein periode i vår var eg skikkeleg lei av strikkepinnane mine, så då fann eg fram heklenåla og masseproduserte huer. Alle er hekla i Schachenmayr nomotta extra merino big, så dei er ganske tjukke. Fine vinterhuer.
Eg har endå nokre huer som er ferdige, men dei tek eg i eit anna innlegg, for det kan jo verta for mange flate og kjedelege bilete av huer. Sånn går det når eg ikkje har huemodell tilgjengeleg.