onsdag 24. mars 2010

Polkagris

Ein liten stripegensar til nabojenta er ferdig. Då eg valde fargar i butikken tenkte eg ikkje over at ungen vert sjåande ut som ein polkagris, men det vart no litt søtt også.

IMGP7467

Oppskrifta er Raglangensar i 3-trådsgarn frå Nøstebarn. Eg bytte ut 3-trådsgarnet deira med Smart. Greitt med noko som kan vaskast i maskin når det er til ein eittåring. Det gjekk med 100 gram kvitt og 127 gram raudt.

IMGP7472

Det har vore litt av eit ork å få ferdig denne gensaren, gitt. Først strikka eg i størrelse to år, men ermane vart så gigantiske, så eg fann (i samråd med mamma) ut at eg skulle droppa aukingane, så dei ikkje vart så vide. Då eg hadde strikka begge ermane og bolen og skulle til på raglanfellinga, kom eg på at eg ikkje hadde så mange masker som i oppskrifta, så det vart litt triksing og miksing for å ikkje få ein halsopning på størrelse med ein dorull.

Men eg er visst ikkje heilt der at eg kan juksa med oppskriftene endå, for då eg skulle til på ribbekanten langs halsen var gensaren mildt sagt rar. Fellinga var stygg og armane lange og skeive. Eg kunne ikkje gi vekk noko sånt. Så eg rakk like godt oppatt gensaren… Ein heil liten gensar. Det var så deprimerande at eg mista heilt piffen. Sjølv om eg la opp til ein størrelse mindre og dermed hadde mindre strikkearbeid framfor meg, gjekk det uendeleg sakte framover. Men eg tok meg saman og gjorde ferdig gensaren før det vert badebuksesesong. No angrar eg ikkje eit sekund på at eg rakk opp alt arbeidet mitt, for gensaren vart ti gonger finare enn før.

IMGP7470

Så då har eg erfart at nokre gonger er det brutale det beste.

lørdag 20. mars 2010

Russesokkar, del 1

Frå det eine oppdraget til det andre.

IMGP7463

Vetlesøster har bestilt sokkar til russeantrekket sitt. Garn og arbeidsteikningar er allereie innkjøpt og laga, så det er visst berre til å kvessa pinnane og setja i gong.

Fortsettelse følgjer.

tirsdag 16. mars 2010

Bestillingsverk og #47

Onkel trengde ei gåve til ein liten gut og lurte på om ikkje eg kunne strikka noko som han kunne gje vekk. Glad for å bidra til ei plastleike mindre kjøpt sette eg i gong med oppdraget.

IMGP7405

Resultatet vart hue, vottar og sokkar. Litt usikker på kor godt ein fire år gamal gut likar mjuke pakkar, men foreldra vert forhåpentlegvis meir begeistra.

Sterkt inspirert av Tiina og for å gjera det litt meir spanande, fekk eg mamma til å brodera på ein bil med knappar til hjul på venstrevotten og eksosrøyken frå bilen bortover høgrevotten.

IMGP7427

Hua og vottane er strikka i NZ lammeull og sokkane i Sildre. For å få litt samanheng strikka eg to striper med petrolfarga NZ lammeull på sokkane, hekla ein kant med brunt rundt hua og broderte med brunt.

Alle oppskriftene er frå Strikk til Nøstebarn, i størrelse ein plass mellom 4 og 5 år, så det kanskje kan brukast til neste år også.

lørdag 13. mars 2010

#45 og #46

Stadig nye par med sokkar vert ferdige, sist ut stripesokkar og svingesokkar.

IMGP7396

Stripesokkane er strikka av restegarn. Falk, Robust, Perfect, Safir, Juvel, raggegarn og diverse smånøster utan mageband. Det var så artig å strikka striper i ulike fargar at sokkane vart visst litt for store, men eg håpar at dei tovar seg litt i bruk og vask, så dei passar betre til mottakar.

IMGP7393

Kalajoki var eitt av marsmønstera i Tilbehørsalongen på Uformelt. Svingane nedover sokken er inspirert av elva Kalajoki som svingar seg gjennom Finland, derav namnet. Mønsteret var enkelt - kun auking, felling og vridde rettmasker, men resultatet vart veldig stilig.

IMGP7386

Eg strikka to repetisjonar av heile diagrammet på leggen og nesten to på foten. I tillegg valde eg å strikka ei anna tåfelling enn i oppskrifta, sidan eg allereie hadde strikka sokken for lang og ikkje kunne ha ei tå på 4 cm. Og nei, eg rekkjer ikkje opp når det ikkje er skikkeleg krisesituasjon.

IMGP7388

Hælen, fransk hæl, var ny for meg. Ganske enkel og lik den eg brukar til vanleg. Den vart litt for lang og stor og slaskete, men det er ikkje verre enn å strikka litt færre omganger på hælkappa neste gong.

Alt i alt supernøgd med å ha testa ut ny sokkeoppskrift. Faktisk så nøgd at eg har bestilt meg tre nye strikkebøker med litt meir avanserte sokkar enn to rett, to vrang, så no vert det andre bollar, ikkje berre vafler i bloggen framover.

fredag 5. mars 2010

Håpefulle huer, del 2

Her kjem andre ladning med huer til kreftavdelinga ved St. Olavs hospital.

IMGP7344

Intuitive, strikka i Drops merino extra fine. Mjuk og god hue. Eg tykte holomgangane vart litt tette, men det er lett å fiksa på til neste gong. Elles var oppskrifta veldig enkel å strikka og hua kan brukast på begge sider. Genialt.

IMGP7376

Denne skulle eigentleg vetlesøster få, men litt stram mønsterstrikk resulterte i ei hue for små knollar, så ho går til innsamlinga. Strikka i Viking eco alpaca (økologisk ull, jøsses!) etter mønster frå eit Vikinghefte.

IMGP7383

Den foreløpig siste hua er Stripey, også denne gongen i Drops karisma. Ho vart litt trang, så eg vil tru at ho passar best til born.

No skal alle huene få seg eit bad i Milovatn og merkelappar med vaskeråd, så er dei klare for sending. Etterpå er det tilbake til sokkestrikkinga. Kan ikkje komma på etterskot med mine 52.

lørdag 27. februar 2010

#41, #42, #43 og #44

Endå fleire sokkar er ferdige.

IMGP7342

Det første paret er bidraget mitt i kunstløp, par i OL også. Eg hadde ikkje nok blått garn, men litt kvitt og grønt restegarn gjorde susen.

Dei tre neste er små sokkar til nabojenta. Det gule og det raude paret er strikka i størrelse 2 år, men dei passa akkurat til ho no når ho berre er eitt år, så då strikka eg eit litt større par i lilla, som ho kan ha til seinare.

IMGP7338

IMGP7340

IMGP7349

Snart er plønsjen ferdig. Lurer på kva eg skal strikka på då?

fredag 26. februar 2010

Olympisk mester

I år har eg delteke i OL. Og det i den seigaste øvelsen av dei alle, nemleg 5-mila. Eg kan melda om fantastisk godt føre, godt feste i oppoverbakkane og god gli nedover.

IMGP7323

Og det er sjølvsagt strikke-OL eg snakkar om. ;-)
Uformelt.net arrangerte Vancouver 2010-along samstundes med vinter-OL, så eg meldte meg på slalom (noko med fletter, valfritt prosjekt), kunstløp par (noko i par), utfor (hals) og 5-mil (seige UFO-ar).

Eg ga meg i kast med 5-mila først (alltid godt å vera ferdig med dei tyngste oppoverbakkane). Marie-gensaren har lege på vent sidan oktober i fjor. Det var kun armane og vrangbord nede som mangla, men angst for å gå tom for garn før gensaren var ferdig, gjorde prosjektet til ein UFO. Det er dumt å strikka vidare for å sjå om garnet faktisk tek slutt, difor gøymer me han nederst i korga og latar som ingenting. Vel, vel.

IMGP7329

UFO-øvelsen ga meg ein god anledning til å fullføra gensaren. Då eg først sette i gang, gjekk det faktisk rasande fort. Sjokolade som doping er å anbefala. Ikkje vart det tomt for garn heller!

IMGP7330

150 gram silkemjuk gensar er resultatet, ein god gullmedalje. Mønsteret er Marie av Britta Wilfert. Garnet er DSA babysilk på pinne nummer 3. Varmt, godt og mjuuuukt.

Elles er eg ferdig med både kunstløp og utfor, men litt fartsskada etter ein heftig utforomgang må slalomen venta til helga.

mandag 15. februar 2010

#39 og #40

Det er lenge sidan sist no, men det vert strikka litt innimellom alt anna.

IMGP7301

Restegarnssokkar til bestefar er siste prosjekt ut. To par, begge er strikka med ein tråd Sisu og ein tråd Drops alpaca. Fin måte å bruka opp diverse restar på, sidan han ikkje bryr seg om fargar.

Par nummer 40 betyr at det berre er tolv par att! Eg ser lyset i enden av tunnelen, sjølv om eg merkar at sokkestrikkelysta har dabba litt av. No har sokkane vorte meir som tanketomme innimellomprosjekt. Men når eg har klart så mange par skal eg jammen klara tolv til.

søndag 31. januar 2010

#38

Endå eit innimellom-par er ferdig, denne gongen Husbeast socks.

IMGP7261

Det er faktisk mitt første fletteprosjekt. Sjølv om eg no har strikka i over eitt år, har eg ikkje hatt mot til å strikka fletter, for det ser jo så avansert ut. Men då dette mønsteret kom som eit alternativ i ein tilbehørsalong på Uformelt, fann eg ut at det er berre til å kasta seg uti det. Som tenkt, så gjort, og det var faktisk ikkje vanskeleg! Berre litt knotete med flettepinnen, men det gjekk seg til etter ei stund. Så no er eg kurert og har allereie fleire huer og sokkar med flettemønster på to-do-lista.

Sokkane er strikka i PT5, på pinne nummer 3, størrelse 42. Yngste onkel ønskjer seg sokkar, så då fann eg ut at dette kunne vera årets første julegåve.

lørdag 30. januar 2010

Håpefulle huer

Obs: langt innlegg.

På eit strikkeforum eg er innom har det tidlegare vore innsamling av huer til kreftavdelingen ved sjukehuset i Oslo og Stavanger, og no er det innsamling til St. Olavs hospital i Trondheim. Slikt må ein bidra til!

Dei siste vekene har eg altså svinga pinnane for eit godt formål, og her kjem resultata så langt:

IMGP7149

Først ut er Jacques Cousteau-hat, strikka i Pickles extra fine merino. Garnet er mjukt og godt og forhåpentlegvis kløfritt. Det bestod i hvert fall min kløtest.
Lampa med lampeskjermen stiller som modell, i mangel på frivillige hovud.

IMGP7211

Så kjem ei rekkje med heilt enkle huer, alle variasjonar av Pickles sitt Hello New York-vintersett. Det er kun hua til venstre (den med grå striper heilt til topps) som er strikka nøyaktig etter mønsteret. Dei andre er strikka litt kortare. Garnet er igjen Pickles extra fine merino. Grønfargen heiter knæsj mint, og eg kan skriva under på at den er verkeleg KNÆSJ, men det finst vel fargeglade trønderar også.

IMGP7232

Nummer sju er Smart-hue, strikka i Smart. Denne hua vart enormt lang, men ho virkar fint med litt lang oppbrett eller som ei baggyhue. No veit eg ikkje om eg tåler mykje, men eg tykte ikkje at denne klødde heller.

IMGP7268

Sistemann er Stripey (kun Ravelry-link), mitt favorittmønster. Ikkje det at eg har strikka så mange huer etter mønster, men av dei eg har strikka er Stripey definitivt på førsteplass. Utruleg fin felling i toppen og godt med ekstra foring rundt øyra. Dessutan er mønsteret veldig enkelt, men stilig og dekorativt. Hua er strikka i Drops Karisma, endå ein ny garnfavoritt.

Det var alle huene eg har strikka så langt, men det kjem fleire. Ei er på pinnane og mange andre er planlagt. Kjekt å strikka noko som ikkje treng ein partnar!

Viss du har lyst til å bidra, så finn du informasjon her. Det er endå god tid, frist for innsending av huer er i slutten av mars. Og som ei ekstra gulrot er det lagt opp til konkurranse med to fantastiske premiar, nemleg to hesper med det berømte garnet Wollmeise! Eitt hespe til den som strikkar flest huer og eitt hespe som vert trekt ut tilfeldig blant alle som har bidrege. Så her har alle ein vinnarsjanse, så det er berre til å kasta seg over pinnane.