Skitur i dag. Nesten folketomt og nydeleg føre. Perfekt måte å bruka dagen på.
fredag 10. april 2009
torsdag 9. april 2009
Jomfrutur
Fram til no i strikkekarrieren min har det gått i sokkar og endå meir sokkar. Gensarar har eg sett på som avanserte og uoverkommelege prosjekt, heilt til eg ein dag nettbølgesurfa over den søtaste babygensaren eg nokosinne har sett: Latte Baby Sweater.
Denne berre måtte på pinnane og etterkvart fann eg ut at det slett ikkje var så vanskeleg å strikka gensarar som eg hadde trudd.
Gamle bamsen min stiller villig opp som modell i mangel på små babyar.
Kanten på armane og nederst på bolen er eg ikkje så nøgd med. Den krølla seg langt oppover plagget, og sjølv om den vart dampa er den framleis noko rar. Neste gang vert det nok ein anna kant.
Raglanfellinga er eg derimot strålande tilfreds med! Eg hadde aldri trudd at eg skulle få det så jamnt på første forsøk.
Harde fakta:
Mønster: Latte Baby Sweater
Garn: Falk frå Dalegarn. Sånn omtrent 50 gram av kvar farge og restar av lysegrøn Sildre frå Gjestal til kantane
Pinnar: Rundpinne nummer tre til bolen og strømpepinnar nummer tre til armane
Størrelse: Rykande fersk (0-3 månadar)
For dei som lurer, så vart det treknappane (ref. dette innlegget). Takk for hjelpa!
fredag 3. april 2009
No livnar det i lundar
Endå ein herleg vårdag i Bergen. Sola skin og vinden bles forsiktig. Perfekt klestørkevêr. Noko av det aller beste som finst er å leggja seg i nyvaska sengkle som har tørka ute i vinden og sola.
Blomstrane mine vitnar også om vår. Gule, kvite og lilla krokus, kvite snøklokker og gule påskeliljer pyntar opp i blomsterbedet. Snart kjem det tulipanar i alle regnbogen sine fargar og i den eine krukka mi står det rosa tusenfryd . Det er godt å sjå fargar etter denne for det meste grå vinteren her.
Alle dyra som kjem er DESSVERRE også noko som høyrer til våren. Eg kunne godt vore utan dei.
Denne digre fluga sat på klesvasken min og solte seg. Heldigvis er dette eit harmlaust eksemplar av arten flygedyr, men klødyra og alle krypdyra på bakken er det verre med.
Men det får bli eit problem når den tid kjem. No skal eg ut og nyta våren! Ha ein fin dag, de som les.
tirsdag 31. mars 2009
Knappehjelp
Help, I need somebody,
Help, not just anybody,
Help, you know I need someone, help.
Då var det eine knappetrengande plagget ferdig, men det var visst ikkje berre lett å velja knappar.
Kva slags knappar tykkjer DU passar best?
søndag 29. mars 2009
Har ein klave, får ein ku
Nydelege knappar som saman med ein aukande samling berre ventar på at jakkar og gensarar og andre knappetrengande plagg skal strikka seg ferdig sjølv.
onsdag 4. mars 2009
Mmmsmoothie
No er det vår i Bergen – sol, fuglekvitter og snøklokker i blomsterbedet. Smoothie høyrer våren og sommaren til, så då var det fram med blendaren og frosne bær frå frysaren.
Akkurat passe mange djupfrosne bringebær, ei halv banan, eit beger med Yoplait jordbær/appelsin og ein bitteliten skvett med appelsinjus miksast i blendaren og vips, supergod smoothie!
tirsdag 17. februar 2009
Heklehekta
Så langt har eg komme til no. Eg elskar fargane! Planen var å gi det vekk til jul, men no veit eg ikkje om eg klarar det. Det freistar mest å behalda det sjølv, så kanskje eg må hekla to?
For dei som er interesserte i fakta:
Garn: Safirgarn, Østlandsgarn og Rubin
Heklenål: 5
Mønster: standard bestemorsrute, to omgangar med kvar farge
fredag 13. februar 2009
Yndlingsgensar
For ein gongs skuld er det masse, masse snø i Bergen. Om dagen er det sol som varmar godt, men når den forsvinn vert det vinterkaldt igjen. Då er det godt å finna fram den nye yndlingsgensaren min. Den er strikka av besta mi, som hadde dei mest magiske pinnane av alle. Ho strikka gensaren til onkelen min, men no har eg overteke den. God, varm, mjuk og heilt perfekt!Elles har eg bumpa over ein herleg blogg i dag, http://www.slagtenhelligko.dk/. Fine bilder, fine strikkaplagg og sist, men ikkje minst: ho har fått meg til å oppdaga ein ny garntype - cascade 220. Freista og forelska. Garnet er allereie oppspora på Ebay. Det einaste som held meg tilbake er garnslankekuren og vissheita om at det snart dumpar ned 400 gram med garn i postkassa mi. Eg har jo sjølvsagt planar for alt garnet mitt, problemet er berre at nytt garn dukkar opp og treng husly fortare enn eg rekk å strikka noko av det gamle.
Men eg får halda meg i skinnet. Snart er det heldigvis nysteikte kveitebollar, varm blåbærte og Livvaktene på NRK1. I morgon er det tidlig opp og ut på stoffjakt til nytt teppeprosjekt. Resultatet vert bloggifisert om ei stund. Først må eg heim til ho mor og låna symaskin.
Ha ei god helg alle saman!
mandag 9. februar 2009
Sokkefabrikk
Her er PI-sokkane. Stripene er strikka etter desimalane i PI, altså 3.14159 26535 89793 23846 26433 83279 osv. Garnet som er brukt er lilla rubin og kvitt raggegarn. Desse skal ei venninne som alltid frys på føtene få.
Dette er dei to siste para med sokkar som skal til barneheimsborn. Kjekt restegarnsslankeprosjekt.Så var det sokkane som mamma mi fekk til morsdagen. Under salet hjå Donna Design i fjor fekk eg med meg eit par nøster med Drops Alpaca. Eg har aldri hatt så mjukt og herleg garn før, så eg har ikkje heilt klart å bestemma meg for kva slags prosjekt som fortener så fantastisk garn. Men så ein dag eg sat og kjende på dette garnet, kom eg på at sidan mamma mi er så fantastisk, fortener ho jo fantastiske sokkar også. Dermed blei det sokkar i ein tråd alpakka og ein tråd Gjestal Sildre. Hælen er i dobbel tråd Sildre, så tåler den meir.
Grandtanta mi har snart bursdag, og sidan det er umogleg å finna ut kva ein skal gi gamle damer vert det sokkar i år. Ho har strikka sokkar til meg sidan eg var liten og no passar ho godt på meg i by'n, så då fortener ho ogå fantastiske sokkar. Strikka i ein tråd mørkegrøn alpakka og ein tråd lysegrøn Sildre.
Dette er det siste paret som er ferdig. Her har eg lært meg ein ny måte å strikka hæl på. Eg har lenge hatt angst for oppskrifter. Vanskelege ord og innvikla forklaringar har skremt livet av meg. Men det var jo ikkje vanskelig i det heile tatt! No er eg full av strikkesjølvtillit og klar til å ta fatt på dei vanskelegaste oppskriftene eg finn, til og med på engelsk.

onsdag 21. januar 2009
Ordnung muss sein
Dessutan har snillaste vetlesøster mi sydd rundpinnesovepose og heklenålhus til meg, så no er det endeleg system i rotet.
God plass til alle rundpinnane.
Her ligg alle heklenålene mine godt innpakka oppå rundpinneposen. 
