søndag 4. januar 2015

Restegarnsstrikk

Lageret flyt over av garn, så eg prøver å få brukt opp litt restar og einslege nøster innimellom. Resultatet vert ikkje alltid like lekkert, men plagga varmar uansett. I haust trengte eg eit enkelt spøt til lesepausane. Etter inspirasjon frå Annepålandet fall valet på ambitus.


Mønsteret var veldig enkelt - rett, vrang og nokre aukingar her og der. Eg grov fram restegarn som passa til pinne 4 og strikka til eg var lei. 


Søster meiner at dei liknar på juletretepper, men det er altså halsar. All ribbestrikken gjer at dei passar til dei fleste og legg seg fint rundt skuldrane uansett om ein er smal eller brei. I kalde vintermånadar (som me ikkje har så mange av) er det godt med litt varme utover skuldrane og brystet også. Dei er ikkje akkurat finhalsar til bybruk, men passar vel betre under vinterjakka når ein er på tur med hunden, for eksempel. Sjølve halsen kan ein anten ha enkel og høg opp til munnen, eller nedbretta.


Den brune og beige er strikka i enkel tråd Schachenmayr nomotta extra merino (brun) og Lima (beige). Limaresten rakk akkurat ikkje til dei siste omgangane, så då måtte eg spe på med litt Shetland soft, lagt dobbel. Fargen var heldigvis ganske lik merinoen, så det visar ikkje så godt at det er to typar brunt garn. Den blå er strikka i ein tråd Drops alpakka og ein tråd DSA babysilk. Den blå, svarte, kvite og grå er strikka i ein tråd Drops alpakka heile vegen + babysilk, DSA fin, Sandnes alpakka og babyull. Altså tre skikkelege restegarnsplagg.


Heile 600 gram, av dei mange små restar forsvann ut av lageret. Det er fantastisk å få rydda opp litt. Forhåpentlegvis vert det litt av det også i løpet av 2015.

fredag 2. januar 2015

Hipp, hipp hurra!

I går hadde bloggen bursdag - heile seks år er det sidan eg skreiv det første innlegget. Det må sjølvsagt feirast med gåver, bollar og brus! Og gåva tenkte eg du skulle få, sidan eg veit kva som er inni. Alt du må gjera er å leggja att ein kommentar under dette innlegget innan neste fredag (9. januar), så er du med i trekninga.


Ole Brum - 6 år
Biletet er henta her.
Og gåva er sjølvsagt mjuk. ;-)

onsdag 31. desember 2014

Strikkeplanar for 2015

Eit nytt strikkeår må alltid planleggast, men klok av skade legg eg ikkje lista for høgt.

  • Eg har kun meldt meg på ein along - vottealongen på Uformelt. 
  • Sokkekassen er proppfull sjølv om det nett har vore jul, så eg trur eg må roa ned sokkestrikkinga.
  • Bruka garn frå lageret og ikkje kjøpa så mykje. Dette har eg tenkt kvart år, men det sklir alltid ut når eg kjem heim til den lokale garnbutikken i påske- og sommarferien.
  • Baby- og barnekle er den nye dilla, sterkt inspirert av alle dei flinke strikkedamene som er på Instagram. Dette vert det forhåpentlegvis mykje av. I næraste framtid skal desse plagga på pinnane:
Islandsgensaren Frost. Til denne har eg kjøpt Puno. 
 Biletet er henta frå Ravelry.

Susie Haumann sin islænder. Litt usikker på garnvalet her, men har totrådsull som eg trur skal passa.
Biletet er henta frå Ravelry.
Paelas si faunajakke. Til denne har eg kjøpt kvit merinoull frå Sandnes. 
Biletet er henta frå Paelas.
Kjappstrikka drakt frå Paelas. Har kjøpt merinoull til denne også. 
Biletet er henta frå Paelas
Garnbutikkane i Bergen tykkjer eg ikkje mykje om (bortsett frå To Damer, men dei ligg litt langt unna der eg pleier å vera), så eg har vore innom den lokale garnbutikken nokre gonger for å bunkra opp. To hefter, fem nøster Puno og 19 nøster merinoull er fangsten etter juleferien. 


Då kan det nye strikkeåret komma. Takk for det gamle og eit godt nytt til alle som er innom!

tirsdag 30. desember 2014

Dilla

Ei hue vart plutseleg til tre. Godt forklart oppskrift, så enkelt mønster at det gjekk an å sjå på film og strikka samtidig og tjukt garn på tjukke pinnar - då vert det slik.


Den mørkegrøne er til naboguten, dei to andre til ein annan liten herremann.


Perlestrikk er så fint! Eg trur det er favorittstrukturmønsteret mitt. Så enkelt, men så dekorativt. Strukturstrikk vert ekstra fint i merinoull, tykkjer eg.


Den blå er strikka i Sandes merinoull, størrelse 6-12 månadar. Eg trur Paelasdamene må strikka veldig laust, for denne var litt knapp i nakken og rundt øyra til fadderjenta på 8 månadar, endå eg har fulgt oppskrifta til punkt og prikke. Den lysegrøne er strikka i Sandnes duo. Eg la opp til størrelse 6-12 månadar, men denne vart vidare enn den blå, så eg strikka litt ekstra lengde også. Denne vil eg tru er meir 6-12 månadar enn den blå. Den mørkegrøne er strikka i Sandnes merinoull, størrelse 2-3 år. Naboguten vart to år i haust, så eg håpar hua passar fint no i vinter og kanskje til hausten att også. Til den blå gjekk det med under to nøster og til dei grøne gjekk det med litt over to nøster. Alle huene er strikka med dobbel tråd, så desse er tjukke og varme - perfekt ein kald vinterdag.


Det er den første Paelas-oppskrifta eg strikkar, men det vert absolutt ikkje den siste. Alt var godt og grundig forklart og resultatet vart veldig bra. Eg likte spesielt godt detaljane, som at snora kjem ut innanfor kanten til nakken. Icordsnorer er også veldig fint, sjølv om det er kjedeleg å strikka. Eg skal definitivt investera i ei strikkemølle som kan gjera jobben for meg.



søndag 28. desember 2014

Nytt favorittgarn

På Instagram boblar det over med strikkeinspirasjon og flinke strikkedamer. Paelas har komme med veldig mange flotte mønster og då dei hadde sal for ei stund sidan, kjøpte eg tre stykkjer. Først på pinnane var pixiehua. Eg kjøpte garnet som er oppgitt i oppskrifta, for å sleppa styret med omrekning og greier. Garnet var nytt for meg, men eg har registrert at det har vore mykje brukt i det siste.


Og for eit garn! Mjukt som smør, glatt og fyldig. Som merinoull flest vert maskane veldig definerte, men dette virkar mykje stødigare og fastare enn Drops sitt. Det er rett og slett ein draum å strikka med.

Fargane er også eit kapittel for seg sjølv. Utvalet er ikkje det største, men dei som er, er heilt perfekte etter min smak. Forhåpentlegvis kjem det fleire etter kvart.


Det einaste negative er at prisen er litt stiv for ei studentlommebok. Eg tok litt av hjå den lokale langaren, men alle nøstene er til planlagde prosjekt, så då er det greit. To blå nøster har allereie vorte til ei hue. Dei grøne, rosa og brune skal også verta til huer, medan dei kvite er tenkt til ei jakke.


Sånn elles er det ein perfekt strikkejuleferie. Mykje snø og mange minusgrader gjer det perfekt å sitta i sofaen om kvelden med spøt og julekaker.

lørdag 27. desember 2014

Gjensyn

Det har vore ein travel haust med lite tid til blogging, men strikka gjer eg uansett kor travelt det er, om det så berre vert ein pinne i veka. Sist ferdig er ein liten kjole til vetle fadderjenta mi. 


Planen var at ho skulle få han til jul, men det gjekk ikkje. Eg vart ferdig med strikking og trådfesting første juledag, mamma sydde i knappar i går og i dag har han fått seg eit milobad.


Oppskrifta eg har brukt er Smillas kjole frå heftet All you knit is love av Susie Haumann. Eg har alltid likt dansk strikkedesign og oppskriftene i dette heftet er ikkje noko unntak. Frå før har eg strikka Grys jakke, hue med øreklapper, vanter/sokker og ballonbukser. Oppskriftene er enkle og godt forklart og resultatet vert alltid bra. Denne kjolen passa perfekt til tv-strikk, då mønsteret var lett å hugsa.


Kjolen er strikka i Merci, eit ull- og bomullsgarn frå 123knit. Fargen heiter jordbæriskrem og er skikkeleg fin. Det gjekk med litt over 50 gram i størrelse 6-12 månadar. Eg strikkar litt laust, så eg brukte pinne 3, ikkje 3,5. Eg strikka faktisk prøvelapp før eg begynte (!), for å få ein kjole som stemmer med måla i oppskrifta. I nakken er det splittopning med to knappar.


Kjole er kanskje ikkje det mest praktiske plagget til ein liten unge, men det er jo så søtt at det får gå. Eg vil tru fasongen på plagget gjer at det veks med jenta og kan brukast som tunika når ho vert større. 

søndag 3. august 2014

Fort gjort

Det eg hadde planlagt å få gjort i helga gjekk unna på nokre timar.


Den blå jakka mangla samansying i eine sida og knappar. Jakka er rilletrøje frå heftet Babystrik på pinde 3, strikka i New Zealand lammeull. Den kvite vesten, babyundertrøye frå Strikk til nøstebarn, mangla samansying i sidene og knappar. Også denne er strikka i New Zealand lammeull. Hua mangla snorer (som mamma hekla for meg, mange takker). Oppskrifta her er lettstrikka babylue frå Strikk til nøstebarn. Garnet er Shetland soft frå Malsen og mor.


Dei to huene mangla trådfesting, same med dei tre sokkepara. Huene er strikka i veldig gammalt lagergarn og skal sendast til To vrange og hennar juleflyinnsamlingsaksjon. Sokkane er strikka i restegarn og skal rett i gåvekassa, som sårt treng påfyll.


Då var korga tom. Men eg har fylt ho opp att med tre nye prosjekt som berre manglar litt småplukk for å verta ferdig. Planen er at det skal eg få gjort i løpet av veka.

lørdag 2. august 2014

Frå komplett kaos til supert system

Etter at eg flytta heim til foreldra mine for sommaren har strikkesystemet mitt eksplodert. Påbegynte prosjekt, garn, bøker og utstyr flaut over tre etasjar og fleire rom. Til og med oppå vaskemaskina stod det boksar med garn. Dei to siste månadane har eg rett nok ikkje orka å strikka stort på grunn av varmen, men no kjende eg at kaoset også la ein solid dempar på strikkelysta. I anledning helg og fri fekk eg plutselig ånda over meg og tok til med oppryddinga. Alt vart samla inn og lagt i ein haug på rommet mitt, som biletet under viser.


Etter ein times rydding er det endeleg orden i sakene att.


Nederst til høgre er den nye strikkekorga mi med prosjekt som skal gjerast ferdig i løpet av helga (kun trådfesting og samansying), i midten har eg samla alt som er 100 % ferdig og klart til arkivering og til venstre er sokkegarnrestar som mamma skal få. Høgre korg i midtrekka inneheld prosjekt som det er ganske lite strikkearbeid att med. Denne står som nummer to på lista. Venstre korg i midtrekka inneheld prosjekt som det er ganske mykje arbeid att med, så denne har tredje prioritet. Nettet øverst til høgre inneheld jobbprosjektet mitt, som eg strikkar på når me køyrer bil eller har møte. Øverst til venstre er langtidsprosjekta mine (to tepper og ein gensar). Alt garnet som før budde i posar er no sortert etter type og lagt på plass i kommodeskuffane.

Endeleg orden og endeleg er strikkelysta på veg attende. Eg gler meg til å få ferdig bit for bit og sjå at innholdet i korgene minkar.

lørdag 5. juli 2014

Småstrikk

På Instagram boblar det over med babystrikkinspirasjon, så dei siste vekene har gått med til å laga noko av det som står på den alltid veksande strikkelista.


Først av pinnane var den brune jakka, som heiter snoningstrøje. Dette er ei oppskrift som står i boka Strikkede babydrømme av Vibe Ulrik Søndergaard, men eg brukte gratisoppskrifta som ligg her. Denne er noko av det finaste eg har strikka, trur eg. Ho ser så avansert ut, men er overraskande enkel å strikka. Oppskrifta er godt forklart og enkel å følgja. Du strikkar forstykkje, bakstykkje og ermer for seg før du set dei saman på ein pinne og feller rundt. Til slutt syr du saman ermene og den eine sida og plukkar opp til knappestolpar langs kantane. Det mest pirkete var å blokka jakka før samansying. Eg hadde plukka opp litt for få maskar til stolpar, så desse måtte blokkast også. 

Eg grov i lageret og fann eit skikkeleg årgangsgarn til jakka, nemleg Schachenmayr nomotta extra merino, kjøpt på sal då Knappehuset i Bergen la ned. Garnet er 100 % merino og passar perfekt til flettestrikk. Det gjekk med rett under to nøster, ganske nøyaktig 95 gram, i størrelse 0-3 månadar. Etter blokking vart jakka lett og mjuk og eg vil tru ho passar perfekt til ein kjølig haustdag. 


Den lysebrune romperen er strikka etter oppskrift frå Den store guttestrikkeboka av Charlott Pettersen. Det skal eigentleg vera eit mønster på buksa, men eg droppa det og strikka vanleg glattstrikk. I oppskrifta skal bakstykkjet og framstykkjet strikkast kvar for seg, men eg strikka rundt etter aukingane til skritt, for å sleppa meir samansying. 

Drakta er strikka i Sandnes mini alpakka. Eit mjukt garn med utruleg mange fine fargar, men litt for hårete og slaskte etter min smak. Eg likar best alpakka blanda med ull, som i for eksempel Mitu, Hverdags eller Nepal. Eg må uansett få brukt opp det eg har på lager, så man tager vad man haver. Det gjekk med 80 gram i den minste størrelsen. 


Den blå ballongbuksa er frå All you knit is love av Susie Haumann. Denne var populær for ei god stund sidan, men eg heng visst litt etter. Denne er også i kategorien ser avansert ut, men er enkel å strikka. Det verste her er alle vrangmaskane, men til og med dei går ganske greit når det du strikkar er så lite og søtt. Oppskrifta sa at selane skulle strikkast for seg sjølv og så syast fast på bakstykkjet, men eg valde å plukka opp masker - igjen for å sleppa all denne syinga. Eg ser ikkje vitsen med å gjera det meir omstendeleg enn nødvendig. 


Garnet er New Zealand lammeull, også dette noko gammalt frå lageret. Det gjekk berre med 48 gram i den minste størrelsen, så det var ikkje akkurat eit stort innhogg i skuffa. Garnet er tynt, så buksa vart lett som ei fjør, men samtidig varm og god. 


To knappehol med eit par centimeter mellom gjer at buksa forhåpentlegvis kan verta brukt lenge.


Då har eg fått korta ned strikkelista med tre plagg og gåvekassa har fått eit lite påfyll. Eg held på med ei jakke til for å ha ei til kvar bukse, men eg kjenner at no er eg snart klar for litt sokkestrikk igjen. 

fredag 13. juni 2014

Til han som har alt

Bestefar har bursdag i dag og i år som alle andre år er det ei nøtt å finna gåve. Han har alt og det han eventuelt treng kjøper han sjølv. Etter at eg begynte å strikka har han fått påfyll av sokkar til bursdag og jul, men det vert jo fort kjedeleg. Besta gav alltid vekk strikkasokkar med pengar eller sjokolade inni, så inspirert av dette kjøpte eg to ølflasker og tredde sokkane utanpå. Då vert det forhåpentlegvis litt kjekkare å få sokkar.




Øl frå nabobygda passar bra med heimastrikka sokkar