søndag 6. januar 2013

Planar for strikkeåret 2013

Som det system- og ordensmennesket eg er, så høyrer omstendig planlegging av strikkinga mi til på starten av året.

Alongar:

I år har eg kun meldt meg på to små plagg-alongar: hue- og sokkealongen på Uformelt. Dei er nemleg så uformelle at ein treng ikkje å vera med kvar månad, ein strikkar dei mønstera ein har lyst til. Noko som passar meg perfekt, sidan eg elles fell av i februar. Sokkar har eg alltid bruk for til gåvekassa, og huer er kjekt sidan eg ikkje må strikka to like.

I tillegg har eg meldt meg på to store alongar, DUGG og DUFA, også på Uformelt. Kort fortalt går DUGG ut på å halda oversikt over garn som går inn og ut, og målet er sjølvsagt å bruka meir enn ein kjøper. Lagerreduksjon. DUFA har som mål at ein skal fullføra dei prosjekta ein har begynt på, altså UFOane.

DUGG var eg med på i 2011 også, men då datt eg av etter eit par månadar. Delvis på grunn av at eg hadde gått på så store smellar i starten av året at eg mista motivasjonen og delvis fordi rekneskapsføringa vart for innvikla for meg. I forfjor hadde eg bestemt meg for å ikkje kjøpa garn i det heile teke. Klok av skade har eg funne ut at den taktikken verkar stikk motsett for meg. Så i år har eg moderert meg litt og bestemt at eg skal få lov til å kjøpa garn, men det må vera til konkrete og planlagde prosjekt som også skal strikkast innan rimeleg tid etter garnkjøpet. På den måten trur eg at eg vil tenkja meir over kva eg kjøper og om eg verkeleg treng det garnet som skrik til meg frå tilbodskorga på garnbutikken. Kva skal ein med ti nøster kjøpt på sal om dei uansett vert liggjande i skapet? Eg har også sett meg meir inn i rekneskapsføringa, laga meg rekneark i EXCEL og funne ut at det kan vera kjekt å sjå kor mykje eg faktisk strikkar i antal kilo, så eg trur det skal gå betre i år.

DUFA har eg også vore med på eit par gonger før, men då har det vore litt halvhjerta innsats. Nytt av året er at alongen går over eit heilt år (i motsetnad til eit par månadar tidlegare år), og det er også innført eit poengsystem. Ein får eitt poeng for kvart fullførte prosjekt, ekstrapoeng alt etter kor gammal UFOen er og minuspoeng dersom ein startar på eit nytt prosjekt og ikkje fullfører det i løpet av same månad. Eg ELSKAR poeng, så dette trur eg skal gå bra. Dessutan fekk eg meg eit sjokk utan sidestykkje då eg rydda i strikkekorgene for å finna UFOar eg kunne melda på. Eg grov fram prosjekt etter prosjekt og mange av dei hadde eg faktisk gløymt at eg hadde begynt på. Då eg var ferdig hadde eg 28 (!!) UFOar på lista mi, og det er berre dei som ligg heime hjå opphavet. Sikkert 20 til ligg i Bergen og ventar på å verta registert. Det sjokket og skammen, faktisk, over kor mange UFOar eg har, trur eg skal vera til god hjelp til å få fullført minst halvparten av prosjekta i løpet av året. Og også til å ikkje leggja opp til så mange nye prosjekt før eg er ferdig med noko anna. Eg vart rett og slett flau over alt eg har liggjande. Grøss.

DUFA har faktisk ført til at eg allereie, seks dagar inn i det nye året, har fullført fem UFOar og rekt opp endå fleire! Det kjennast litt vel strikkenerdete ut å skriva det, men den gode følelsen og samvittigheiten det har gitt, får meg til å få endå meir lyst til å gjera ferdig alle UFOane mine. 

Har du planar for strikkeåret ditt, eller tek du det som det kjem?

Fortsettelse følgjer.

fredag 4. januar 2013

Årskavalkade

Det vart ikkje blogga så mykje i fjor, for lysta var ikkje heilt på topp. Likevel strikka eg ganske mykje. Problemet er at eg har vore usannsynleg dårleg til å ta bilete, så det er berre ein brøkdel av alt som er dokumentert og registert på Ravelry. I tillegg har eg starta på veldig mange nye prosjekt i 2012 som eg ikkje har gjort ferdig og såleis ikkje har bilete av.

Men noko har eg å visa fram:

IMGP0602 (2)IMGP1049 (2)IMGP1098 (2)IMGP0878 (2)IMGP0593 (2)IMGP1085 (2)IMGP1093 (2)IMGP0522 (3)IMGP1027 (2)IMGP1097 (2)IMGP0769 (2)

Det eg er aller mest fornøgd med av alt eg laga i fjor, er definitivt hekleteppet eg endeleg fekk ferdig. Det var ein skikkeleg seig årgangsUFO. Elles går det stort sett i det same som tidlegare år – sokkar, barneklede, vottar, sjal og kjøkenklutar. Nytt av fjoråret er faktisk vaksengensarar (som eg rett nok måtte rekkja opp), men det vert så absolutt fleire i 2013.

Eg har også store planar om å føra betre oversikt over alt eg strikkar, slik at eg kan laga ein like fancy årskavalkade som Monstermønster.

torsdag 3. januar 2013

Julegåver 2012

I fjor som alle år tidlegare hadde eg store planar for dei strikka julegåvene, men tradisjonen tru gjekk det rett vest jula 2012 også. Tidsskjemaet sprakk og eg rakk berre halvparten. I år, derimot, har eg bestemt meg for å strikka ferdig alle julegåvene før november. Tradisjonen tru. ;-)

IMG_20121022_141036IMG_20121105_130348(Instagrambilete av julegåveplanlegginga 2012)

Uansett vart det litt mjuke pakkar under juletreet.

IMGP1085 (2)

Lilla sjal og tova vottar til besta. Sjaloppskrifta er Shaelyn, ei veldig enkel og godt forklart oppskrift. Dette er strikka i Hifa 2, på pinne nummer 4. Eg strikka to slike sjal til, men dei gløymde eg å ta bilete av før eg pakka dei inn. Eitt kvitt i Drops babymerino og eitt beige i Jo Sharp silkroad DK tweed.

Vottane er rillestrikka vottar frå Strikk til nøstebarn. Desse strikkar du på eit par kveldar, sidan det er dobbel tråd og rillestrikk. Passformen er også heilt super! Eg tova vottane litt i vaskemaskina for å få dei tettare og varmare.

IMGP1093 (2)

Eg hekla også tøflar til ei venninne. Oppskrifta er Babushka ballerinatøfler frå M.I.L.C.H. SCHAUM. Nok ei super oppskrift som var veldig enkel å følgja, sjølv for ein som ikkje har hekla så mykje.

IMGP1097 (2)

I tillegg strikka eg to par med tova vottar til, eitt par med ribbevottar og ni par med sokkar. Nokre av sokkane har eg vist fram før her, men resten av para gløymde eg også å ta bilete av før eg pakka dei inn.

lørdag 1. desember 2012

1. desember

IMGP1081 (2)

IMGP1073 (3)

God adventstid!

tirsdag 27. november 2012

Strikkebestilling

Bestefar fekk seg eit par med vottar til jul i fjor, men dei har han visst brukt så mykje at dei er heilt utslitne. For ei (god) stund sidan spurte han etter nye, så då var det berre til å svinga pinnane. Det er veldig kjekt når det ein strikkar fell i smak og vert brukt opp!

For ein arbeidsmaur som er mykje ute er rein ull det beste, så eg grov fram det eg hadde av sorten. Valet fall på Nøstebarn 3-trådsgarn, sidan det er ubehandla og passe tjukt til pinne nummer 3. Eg hadde berre gul, men det er jo ein fin farge til mørke vinterdagar. Dessutan er det lett å finna att vottane dersom han skulle gløyma dei i vedhaugen.

IMGP1049 (2)

IMGP1034 (2)

Actionbilete er jo aller best, men det er jammen ikkje så lett med berre to hender og eit 30 mm objektiv.

IMGP1043 (2)

IMGP1035 (2)

Vottane sit veldig godt på handa (sjølv om dei er litt store til meg), og vrangborda er lang og god, så det ikkje vert glipe mellom jakka og vottane. Det fine med ubehandla, rein ull er at vottane tovar seg i bruk og formar seg etter hendene. Vottane er ikkje så tjukke, så dei egnar seg nok ikkje til turar dei kaldaste vinterdagane. Eg har strikka eit par med tjukke tovavottar til han også, men dei vert julegåve.

Eg henta masketal (52) og tommelauking (kile) frå ei vanleg selbuvottoppskrift, men eg har strikka dei utan mønster, med mykje lengre vrangbord og elles etter eige hovud. Fellinga til tupp på handa er den same fellinga som eg brukar når eg strikkar sokketå (fell to masker på kvar side), medan fellinga på tommelen er delt i fire felt. Det funka supert!

Vottane er sendt i posten og eg satsar på at desse vert så mykje brukt også at eg får ei ny bestilling neste haust.

mandag 26. november 2012

Dårleg hukommelse kan vera kjekt

Då eg for eit par dagar sidan leitte etter noko i det eine skapet mitt, fann eg plutseleg ein haug med kjøkenklutar stappa godt inn bakerst i den nederste hylla. Litt sjokkert over at eg hadde gløymt desse drog eg fram klut etter klut og til slutt vart det faktisk ein ganske stor stabel.

IMGP1027 (2)

No skal eg berre festa dei siste trådane og gi dei ein omgang i vaskemaskina, så har eg plutseleg kjøkenklutar nok til ein heil liten restaurant. Kanskje eit par klutar og ein oppvaskkost hadde vore ei fin julegåve?

mandag 22. oktober 2012

Tidstjuv

Onkel sitt nye tilskot til familien har dei siste vekene ført til at strikketida mi har vorte betydeleg innskrumpa.

IMAG0013

Sofakos er eigentleg ikkje lov, men det er jammen ikkje lett å sei nei til dette dyret.

IMAG0029

Eit bad måtte verkeleg til. Vatnet var gråbruntbeige etterpå.

IMAG0026

Tre av favorittaktivitetane er turgåing, …

IMAG0016

IMAG0060

… tv-sjåing og matlaging.

IMAG0063IMAG0064

Og sidan dette eigentleg er ein strikkeblogg, så får eg vel leggja med bevis for at eg faktisk har strikka litt i det siste, eg har berre ikkje fått festa dei berømte trådane. Det er til og med haug på strikkekorga mi.

IMGP0968 (2)

Beklagar dårleg kvalitet på bileta, men eg har endeleg hengt meg med på utviklinga og kjøpt meg smarttelefon med kamera og dropbox. Smart.

Og om berre nokon kan gi meg eit trådfestespark bak, så kjem det snart eit skikkeleg strikkeinnlegg også.

tirsdag 11. september 2012

!@#$%&? / evt. finn ein feil

Det er heller regelen enn unntaket at plagga eg strikkar etter oppskrift ikkje vert heilt 100 % som dei skal. Sidan eg er av den late typen orkar eg aldri å rekkja opp att for å ordna feilen. Plagga vert stort sett brukbare.

Men i dag må eg rekkja opp. Eg har gjort min aller største strikkefeil. Ein feil eg ikkje kan oversjå. Ser du kva som er gale?

IMGP0909 (2)

Feilen vart først oppdaga då eg hadde strikka så langt at eg skulle dela til ermer. Eg FATTAR ikkje at det er mogleg å strikka ein fjerdedels gensar utan å merka at eg kun har TRE raglanaukningar! G A H !

No vert heile skiten trykt langt bak i skapet til fadesen er gløymt. Som trøyst må eg nesten leggja opp til eit nytt prosjekt, ikkje sant?

 

(Eg var så sur at det einaste biletet eg tok vart elendig. Fargen er mykje finare i verkelegheita. Varm, djup grøn. Og håpet er at gensaren ein gong skal gjenoppstå frå dei evige UFO-marker, men det vert mest sannsynleg ikkje i løpet av denne sesongen, som eg skreiv i forrige innlegg).

Håpar du har ein god dag og at strikketøyet ditt oppfører seg slik som det skal!

søndag 26. august 2012

Egostrikk

Som eg skreiv i forrige innlegg, så har eg fått sansen for å strikka plagg til meg sjølv.

Akkurat no held eg på med A million stripes loop i diverse restegarn. I vår strikka eg meg ein gul alpakkahals, men han vart altfor stor og tjukk, så han vert nok liggjande ubrukt i skuffa. Denne derimot kjem til å verta mykje brukt. Tynn og lett som ei fjør, men likevel varm og god.

Eg strikkar i diverse restar av totrådsgarn; Shetland soft (blå, turkis og mørkegrå), Holst (kvit) og New Zealand lammeull (lysegrå og petrol). Litt usikker på om eg skal ha med to fargar til (ein endå kvitare og ein annan blåfarge) – det må eg ta opp til vurdering når eg er ferdig med neste stripeblokk.

IMGP0886 (2)

I tillegg har eg starta på ein gensar, Big Alfred’s. Gensaren er eigentleg til menn, men eg fall pladask og det bryr meg midt bak at det er ein herregensar. Eg trur han vert vel så fin til damer også.

Garnet er DSA Hverdags, eit av mine nye favorittgarn. Det er så mjukt, så mjukt og akkurat passe tjukt. Relativt rimeleg er det også. Dobbel tråd på pinne nummer 5 går radig.

IMGP0889 (2)

Dessutan er lista over kva eg har lyst til å strikka l   a   n   g (i hvert fall i forhold til mitt strikketempo, evne til å gjera ferdig ting og tilgjengeleg strikketid).

Målet er i alle fall at desse to prosjekta skal verta ferdig før ullsesongen er over, så vil tida visa kor mykje meir eg rekk å strikka til meg sjølv.

Håpar du nyt siste del av helga!

lørdag 25. august 2012

Sokk på sokk på sokk på sokk

Lang tid, ingen innlegg. Ingen forklaring på kvifor, det har berre vorte sånn.

Men eg har strikka i sommar. Sokkar, etter planen.

IMGP0878 (2)

Dei beige, blåturkise og brune er strikka i Sterk på pinne 2,5. Tidlegare har eg alltid strikka med pinne nummer 3 til det garnet, men etter at eg fekk ein kommentar om at det eine paret eg har strikka med 2,5 tidlegare og gitt vekk, er det beste sokkeparet eigaren har, har eg gått over til 2,5. Det tek litt lenger tid å få sokkane ferdig, men resultatet er verdt det! Solide, stødige sokkar og nøgd mottakar. Til sokkar i størrelse 43isj med lang vrangbord held det med to nøster, så garnet er drygt i bruk.

Det lilla paret er strikka i Perfect på pinne nummer 3. Sidan eg ikkje er så begeistra for dette garnet meir, prøver eg å strikka opp Perfectlageret mitt. Etter denne sommaren ser eg verkeleg ein ende på det.

IMGP0864 (2)IMGP0872 (2)IMGP0871 (2)IMGP0867 (2)

Elles på strikkefronten har eg begynt på haust- og vintergarderoben til meg sjølv! Er det ikkje typisk at når ein burde bruka tida på å strikka julegåver, så dukkar det opp side på side med plagg eg fell pladask for?

Vel, kanskje eg må fira litt på krava og gå for kjøpte gåver i år. I kveld vert det uansett egostrikk i sofakroken, for ute høljar det ned.

Ha ein fabelaktig laurdagskveld, du som er innom!