fredag 7. oktober 2011

Sokkar in spe

Socktober er godt i gang, så eg har rydda litt i sokkegarnskuffa. Eg trur det vert sokkar under treet i år også, ja.  Ikkje treng eg handla meir for å ha nok til alle dei planlagde para heller.

IMGP2494 (2)

Og dette er berre sokkegarnet som ligg hjå opphavet, brorparten befinn seg nemleg i ein tv-benk i by’n.

fredag 30. september 2011

Septemberstrikk

Det har vore lite strikkerelatert blogging i det siste, men pinnane får køyrt seg likevel. Akkurat no er eg inne i ein sokkestrikkeperiode. Mykje av grunnen til det er at eg har meldt meg inn i to grupper på Ravelry – SolidSocks og Sock Knitters Anonymous. I SolidSocks skal ein strikka sokkar i éin bestemt farge for kvar månad. September var raud. I SKA er det ulike utfordringar og designarar kvar måned, så kan ein velja det ein vil. I september valde eg designar, sidan eg ikkje hadde garn som passa til utfordringa (chartreuse). Det fine med SKA er at ein berre treng å leggja opp til sokken i løpet av månaden, ein har heilt til den siste dagen i neste månad til å strikka ferdig. Perfekt, sidan eg ofte strikkar på litt fleire enn ein ting om gongen.

I tillegg har eg meldt meg på DUSS inne på Uformelt. Det starta i januar, men eg fekk ikkje somla meg til å melda meg på før ni månadar seinare, så eg har altså åtte par som eg må ta att. Travelt, sa du?

Først ut er Hermine sine kvardagssokkar, mine septembersokkar i SolidSocks. Enkelt og greit mønster, men likevel vert det fine sokkar. Eg har brukt PT5 og pinne nummer 2,5. Det gjekk med litt meir enn to nøster til størrelse brei fot 40. Vanlegvis har eg brukt pinne nummer 3 når eg strikkar med PT5, men jammen vart det ikkje endå betre med 2,5. Då får det heller vera at det går med litt meir garn enn det gjorde før.

IMGP2420 (2)

DUSS-sokkane for september var Carolina, eit supert mønster som passar perfekt til fleirfarga garn. Dei rosa nøstene mine med vellagra Fabel skreik etter å bli brukt. Litt mindre enn to nøster til størrelse 40, pinne nummer 2,5. Trur dette er mitt nye favorittmønster til spraglete garn – stilig, men samstundes veldig enkelt å hugsa. Perfekt til tv-strikk.

IMGP2427 (2)

Eg har også meldt meg på Norsk sokkedille. Det er ein sokkestrikkekonkurranse med norske mønster designa av superflinke strikkedamer. Første sokk ut er laga av Bittami. Eg storkosar meg med mønsteret og nistrikkar for å bli ferdig fortast mogleg.

IMGP2435 (2)

Sokkane i SKA treng heldigvis ikkje å vera ferdige før 31. oktober, så dei får kvila litt medan eg gjer meg ferdig med konkurransesokkane.

IMGP2436 (21)

I morgon er det oktober, så då skal eg strikka lilla sokkar, DUSS-sokkar for oktober og helst eit par månadar til, sidan eg heng litt etter, SKA-sokkar for september og oktober og forhåpentlegvis fleire konkurransesokkar. Vel, vel. Me snakkast etter jul, folkens.

God helg, med eller utan strikketøyet!

tirsdag 20. september 2011

Prosjekt 365 | veke 2

Grunna tekniske problem kjem del to av 365-prosjektet mitt eit par dagar for seint.

120911 Ute av fokus
12. september | Ufokusert?

130911 Sikk sakk, det drypper på tak13. september | Sikk sakk, det drypper på tak

140911 Markens grøde14. september | Markens grøde

150911 Oppå fjellet15. september | Her på fjellet

160911 I all sin pryd16. september | I all si prakt

170911 Laurdagsgodt17. september | Laurdagsgodt

180911 Strikkesøndag18. september | Strikkesøndag

torsdag 15. september 2011

Nye kunstar

På grunn av den %!&#@ ryggen har eg god tid til å strikka fram til jul og då må eg jo bruka tida fornuftig. Fornuftig = sjølvutvikling = læra seg nye, avanserte ting. Først ut på lista var sokkar strikka frå tåa og opp - altså motsett veg av sånn som eg pleier å strikka.

Det første problemet eg møtte på var tåa. Bra start. Eg fekk ikkje til nokon av dei oppskriftene eg fann på nettet, så til slutt lagde eg mi eiga tå, faktisk. Eg gjorde motsett av slik eg pleier når eg strikkar den vanlege vegen. Dvs at eg la opp det talet masker eg pleier å sitja att med til slutt og auka i den takta eg vanlegvis feller. Vips, så hadde eg ei fin-fin tå.

IMGP0155 (2)

Då var det berre rein plankekøyring fram til hælen. Heller ikkje der skjønte eg nokon av oppskriftene frå nettet. Alle hadde jo så alvorleg mange fleire masker enn det eg hadde på pinnane, og ikkje fekk eg til å endra på oppskriftene så dei passa til masketalet mitt heller. Men så kom eg over denne fantastiske oppskrifta. Med berre fire masker meir enn eg hadde gjekk det supert.

IMGP0151 (2)

Etter hælen var det ribbestrikk (tre rett, ein vrang) i fleire meter før eg kunne fella av. Avfellinga skulle visa seg å vera eit lite problem også, for då eg felte av slik som eg vanlegvis gjer, så vart det altfor stramt og sokken gjekk ikkje over foten. Ut på leit på nettet igjen og eg kom over Jeny’s surprisingly stretchy bind-off. Og jammen vart eg overraska, du! Makan til avfelling har eg aldri prøvd før. Anbefalast på det varmaste til alt som ikkje bør vera for stramt (f.eks genserermer).

IMGP0152 (2)

Sokk nummer to gjekk mykje lettare og før eg visste ordet av det (sånn omtrent to dagar seinare) hadde eg eit par.

IMGP0146 (2)

Eg er overraska over kor lett det faktisk var. Dessutan er tå-opp ein perfekt måte å få brukt opp absolutt alt garnet utan å måtta tenkja på om ein går tom før tåa er ferdig. Som ein siste bonus, så tykkjer eg faktisk at det tok mykje kortare tid å strikka ferdig eit par denne vegen.

IMGP0158 (2)

Det einaste eg er litt usikker på er passformen. Heng tå-opp sokkar like godt fast som sokkar strikka den vanlege vegen, eller sig dei meir på grunn av den lause avfellinga?

søndag 11. september 2011

Prosjekt 365

Inspirert av mange andre har eg starta opp eit fotoprosjekt. I eit heilt år skal eg ta eitt bilete kvar dag. 365 dagar, 365 bilete. Eg starta 5. september 2011 og satsar sjølvsagt på å halda ut til 5. september 2012.

Målet med prosjektet er jo hovudsakleg å verta ein betre fotograf. Læra kameraet mitt betre å kjenna, utforska manuelle innstillingar og utfordra meg sjølv på motiv. Så får me sjå korleis det går.

050911 Utbrent5. september 2011 | Utbrent

060911 Å sjå døden i kvitauget6. september 2011 | Å sjå døden i kvitauget

070911 Sov godt7. september 2011 | Sov godt

080911 Heimfarar8. september | Heimfarar

IMGP0072 (2)9. september | Sau

100911 Gode minner
10. september | Gode minner

110911 Nye kunstar
11. september | Nye kunstar

---

Oppdatering av prosjektet vert nok litt sånn med ujamne mellomrom, alt etter tid og lyst.

onsdag 7. september 2011

Vil du ha strikk til jul?

Er du ein av dei som får julegåver av meg? Ynskjer du deg mjuke pakkar under treet i år? Då må du gi beskjed! Gi meg eit pip om kva du har lyst på, størrelse, fargar osv.

---

Fjorårets julegåver. Eg må starta snart skal eg komma opp i same mengde i år også. *Sveitt*

5284757417_3ba937360d_o

tirsdag 6. september 2011

Tysdagstur

Dagen vart starta med ein tur på Gullfjellet. Det er herleg å kunna vera heilt for seg sjølv, føla seg som den einaste personen i heile verda, sjølv om ein deler by med over 260.000 andre. Ingen andre menneske i sikte og dei einaste lydane ein høyrer er vinden og sauebjøller langt vekke.

Godt med ein slik tur både for rygg og sinn.

IMGP9981 (2)

Det bur heldigvis sauer i by’n også.

IMGP0003 (2)

IMGP9979 (2)IMGP9988 (2)

IMGP0008 (2)

Vått og gjørmete var det, men det gjer det berre ekstra godt når ein kjem heim. I kveld kan eg sitja inne i sofaen og sjå ut på regnet, strikka og lesa bok med god samvittigheit.

Håpar du har ein god tysdag også!

torsdag 1. september 2011

På pinnane

Eg held framleis på med bittesmå plagg. Ei venninne er gravid og då må jo eg svinga pinnane! Til no er eg berre ferdig med ei lita hue frå Strikk til nøstebarn. På pinnane har eg ei omslagsjakke, også frå Strikk til nøstebarn og ei selebukse frå Myk start. Planen er sokkar, vottar og kanskje ein slik body som eg viste i forrige innlegg. Me får sjå kva som vert ferdig. Også litt usikker på kva som er kjekkast å få av klede.

IMGP9951 (2)

Alt er strikka i naturfarga og brun babyull, sidan det då kan brukast til både gut og jente (tykkjer no eg). Enkelt å vaska er det også.

Elles fekk eg fine solsikker hjå mamma då ho var på besøk. Gul er den nye favorittfargen, så dette er ein skikkeleg bli-glad-blomst!

IMGP9950 (2)

IMGP9946 (2)

Håpar du som er innom har ein fin dag!

søndag 28. august 2011

Det lille under

Feste-trådar-sy-i-knappar-hekle-snorer-sy-saman-mamma på besøk er jammen effektivt. Eg har fått rydda skikkeleg i strikkekorga (-ene), så no kjem det forhåpentlegvis ferdigstrikka plagg på rekkje og rad her.

Først ut er litt babyundertøy eg har strikka. Kjekt med sånt som veks raskt på pinnane og vert fort ferdig.

Undertrøye

IMGP9941 (2)

Faktaboks:

Oppskrift: Baby i rib
Størrelse: 0-3 månadar, ekstra lengde
Garn: Shetland soft frå Malsen og mor
Forbruk: 36 gram (med kokosnøttknapp)
Pinnestorleik: 3 mm, trur eg. Dårleg hukommelse

Body med lange ermer

IMGP9935 (2)IMGP9936 (2)

Faktaboks:

Oppskrift: Benjamins voksebody
Størrelse: 0-5 mnd
Garn: Dale Daletta
Forbruk: heile saken veg 116 gram med 9 perlemorsknappar
Pinnar: 2,5 mm og 3 mm

Dette var verkeleg ei super oppskrift som eg kan anbefala på det varmaste. Veldig godt skreve, lett å forstå og enkel å strikka. I tillegg er det tips om å sy i to sett med knappar nede, slik at bodyen kan brukast lengst mogleg.

Begge deler er tenkt til ein liten gut, så no må eg berre få vaska det og sendt det i posten. Kjenner eg meg sjølv rett, tek vel det si tid også.

Nyt resten av søndagen! Eg skal baka brød og strikka omslagsjakke.

tirsdag 23. august 2011

Gåvestrikk

Det nærmar seg jul og tradisjonen tru strikkar eg sokkar.

IMGP9930 (2)

IMGP9931 (2)

To par er ferdige. Det grøne og raude er strikka i PT5 på pinne nummer 3. Det rosa og lilla er strikka i Silja på pinne nummer 3. Oppskrifta er ein blanding av den eg lærte hjå mamma og hæl frå Strikk til nøstebarn. Det gjekk med litt meir enn eitt nøste grønt og litt mindre enn eitt nøste av kvar av dei andre fargane.

Endå fleire par er under produksjon, så det vert nok ikkje så lenge til neste sokkeinnlegg.