mandag 15. november 2010

Håpefulle huer, del 4

Endå fleire huer til kreftavdelinga ved SUS er ferdige. Dei har faktisk vore ferdige i ganske så mange månadar, men det var det med den fotograferinga og blogginga, då.

IMGP8219

Dei to svarte med grå striper har eg faktisk blogga før, men det var sjølvsagt gløymt då eg var heimom i helga og tok bilete. Snakkar me tidleg demens her, tru?

Dei fire andre har eg i hvert fall ikkje publisert her før. Dei er strikka etter Turn A Square-mønsteret, men med litt ulik lengde. Garnet er Tuva, så huene er garantert kløfrie og passar nok veldig godt om våren og sommaren. Så er det berre å kryssa fingrane for at eg får sendt pakken avgårde før det vert haust att.

søndag 14. november 2010

Andre søndag i november

To par sokkar, eitt til far og eitt til bestefar i anledning dagen.IMGP8215

Blå med smale striper av mørkeblått til pappa og svarte med striper av grått, blått, kvitt og grønt til bestefar. Alt garnet er Perfect, strikka på pinne nummer tre.

søndag 7. november 2010

Vinter

IMGP8203

Løvstakken og resten av byen har kledd seg i kvitt. Livet kunne ikkje vore betre akkurat no.

Eg veit at eg har rusk på sensoren, men eg har ikkje teke julevasken endå.

onsdag 3. november 2010

Socktoberfest: oppsummering

Oktober har faktisk vore ein veldig produktiv sokkemånad. Heile tre av UFOane er ferdige, og i tillegg har eg strikka ferdig to par heilt frå skrætsj.

IMGP8165

Sidan det er mørkt ute når eg reiser til skulen og mørkt når eg kjem heim frå skulen, vert det kjedelege innebilete med blits og mørkeret som bakgrunn. Eg tykkjer ikkje at eg kan ta med meg sokkane og kameraet og ta bilete på skulen heller.

Dei grå og grøne er strikka i Perfect, dei fleirfarga i Regia, dei stripete i PT5 og dei raude i Sterk. Litt julegåvesokkar, litt bursdagssokkar og litt skisokkar til meg sjølv. Eigentleg har eg ikkje tid til å egoiststrikka midt i travlaste julestria, men, men. Skomakaren sjølv kan jo ikkje gå utan sko.

I tillegg til at julegåvestrikkinga går på høgste gir, har eg tilbudt meg å halda strikkekurs for strikkeinteresserte medstudentar. Eg gler meg verkeleg til å få dela interessa for garn og pinnar med andre på min alder, men eg lurer også litt på kva eg har sagt ja til. Eg er jo ikkje nokon strikkeguru. Det er nesten så eg vurderer om eg må leita opp eit kurs for korleis halda strikkekurs.

mandag 4. oktober 2010

Socktoberfest

I oktober har eg meldt meg på Socktoberfest - med c, sidan festen finn stad på Ravelry. Det er eit godt spark i baken, for eg har utallige sokkeprosjekt på pinnane, og i tillegg har eg mange julegåvesokkar som må strikkast.

For å starta med stil fann eg ut at eg skulle prøva meg på litt meir avanserte sokkar enn dei vanlege blåbærvaflene. Først la eg opp til Mock Wave Cable Socks, men dei vart IKKJE fine, så eg rakk rett og slett opp det eg hadde strikka og starta på Yukon Leaves. Og det vart andre bollar, gitt.

IMGP8092

Fiiine (tykkjer eg sjølv) sokkar som skal få verta søndagssokkane.

Det som er ekstra fint med Socktoberfest er at det er lov med UFOar. Eg har fem par berre her i by’n, alle med litt ulik progresjon - alt i frå trådfesting til heile sokk nummer to står att.

IMGP8104

Førebels er oktober via til sokkestrikking, så får me sjå kor lenge den piffen varar. ;-)

torsdag 30. september 2010

Stripestrikk

Det er stille dagar her på bloggen, men det vert då strikka litt likavel. Faktisk mykje meir enn eg strengt tatt har tid til.

IMGP8071

No for tida går det i striper i alle slags fargar og kombinasjonar – ikkje alle like heldige, men pytt, pytt. Merkeleg nok tykkjer eg at det går fortare å strikka striper enn berre einsfarga. Pinnane susar liksom avgårde for å bli ferdig med neste stripe og neste og neste, slik at eg får sjå korleis det ferdige resultatet vert. Har du same erfaring, eller er det berre eg som er rar?

Dette innlegget er faktisk mitt innlegg nummer 100. Det vert feira med eit bilete av den fine haustbuketten eg fekk her om dagen. Nyper som blomster var ein ny vri for meg, men det var jo veldig dekorativt.

IMGP8079

Neste helg har eg planar om ein skikkeleg opprydding i strikkekorga. Trådfesting, vasking, fotografering og forhåpentlegvis bloggifisering. Så hald fast.

fredag 17. september 2010

Småstrikk

Innimellom all anatomien og latinsken må eg strikka litt også. Sist ut er ei hue til ei veldig fin venninne som hadde bursdag i sommar. Betre seint enn aldri.

IMGP8044

Mønsteret er Intuitive, eit mønster som eg har strikka før med fint resultat. Eg gjentok suksessen med same garn og same pinnestorleik, nemleg Drops merino extra fine og pinne nummer 3. Det gjekk med nesten to nøster.

IMGP8048

I tillegg er eg nesten ferdig med ei ny hue til bestefar (manglar trådfesting). Rapport heimanfrå seier at topphua hans syng på siste verset og om ikkje eg kan strikka ei ny til han til jul. Det kan eg sjølvsagt. Etter eit djupdukk i lageret fann eg to nøster med Smart. Rein ull som kan maskinvaskast er jo supert til ein utebestefar.

IMGP8052

Så då vart det ei heilt enkel hue i ribbestrikk. Lang og mjuk og forhåpentlegvis varmar den godt også.

Neste prosjekt på lista er sokkar og vottar til venninnegjengen. Det går visst mot haust og vinter i Bergen også.

lørdag 28. august 2010

Med hale kort og med nese stor, det beste troll som fins på jord

Medan venninne mine samlar på Hardangerbestikk og Rosendahl, samlar eg på Mummikoppar.

IMGP8033

Samlinga tel no 24 koppar, men eg manglar framleis fire stykkjer og det kjem stadig nye, så det stoppar nok ikkje her.

søndag 22. august 2010

Oppussing

Det som berre var tenkt som litt justering på innleggsbreidda i bloggen vart visst til ekstrem forvandling. Men det er jo kjekt med litt forandring også.

IMGP8023

Eg trur faktisk at eg kan trivast med mitt nye "jeg".

Nedgangstider

Bloggen har vorte kraftig forsømt i heile sommar og det vert visst ikkje betre utover hausten. Studiestart og første eksamen i anatomi, fysiologi og mikrobiologi om berre seks veker fører til at det vert mykje mindre tid til strikking enn då eg jobba og hadde ettermiddagane ledige til anna enn lesing.

Men litt pauser må eg ha, og sidan eg er veldig god til å leggja opp, strikka litt og så finna nye prosjekt som freistar meir enn dei eg allereie har på pinnane, vert det mykje halvferdig og lite heilferdig.

Sidan sist UFO-oppteljing (der målet ikkje vart fullført, kun to ting vart ferdigstilte i perioden), har eg lagt opp til desse nye prosjekta:

IMGP8018

To par med sokkar, ei bukse, to omslagsjakkar, eit sjal og ein kjole.

I tillegg har eg ein fin liten bunke med plagg som faktisk er ferdigstrikka, men manglar trådfesting.

Er det nokon som veit kvar eg kan senda søknad om fleire timar i døgnet, tru?