torsdag 3. september 2009

Pebble #3

Endeleg har eg strikka noko anna enn sokkar. Denne vesten har vore ferdig ei stund, men han har mangla den siste finishen. Grå og kjedeleg i utgangspunktet, men eg pynta litt med fargesterke knappar og nokre maskesting. Skilpadde på knappane og skilpaddde på ryggen.

IMGP6269Skilpaddekoloni

Oppskrifta er denne, som dei to gongane tidlegare. Garnet er Schachenmayr Nomotta extra merino big. Det gjekk med nesten to nøster på pinne nummer fire. Eg strikka litt færre knapphol enn det oppskrifta sa, så eg brukte berre fem knappar.

No er det tilbake til sokkane, trur eg.

lørdag 29. august 2009

#14

IMGP6245

Eplegrøne Perfectsokkar igjen, denne gongen i størrelse ein plass mellom 41-43. Julepakkehaugen aukar sakte, men sikkert. Det er godt, for no er det berre litt under fire månadar til jul.

Strikkestress.

onsdag 26. august 2009

#13

Nesten Noro-sokkane mine er ferdige.

IMGP6208

Dei er heilt perfekte! Mjuke, varme og god passform. Desse vert nok dei nye yndlingssokkane. Det gjekk med nesten to nøster grått Safirgarn og nesten eitt nøste Järbo Fantasi på pinne nummer 3.

IMGP6210

Lillafargen i nøstet er også heilt perfekt. Det vert nok strikka meir av dette garnet, gitt.

tirsdag 25. august 2009

Nesten Noro

I lang tid har eg drøymt om sokkegarnet Noro. Sokkane som er strikka med det garnet vert så fantastisk fine - berre sjå her, for eksempel. Men den lokale garnbutikken min har det ikkje i sortimentet sitt, det er ganske dyrt (iallfall der eg har funne det på nettet) og eg har høyrt ein del negativt om det, så det har ikkje vorte til at eg har gått til anskaffelse av eit slikt nøste.

Uansett har stripene dukka fram på netthinna kvar gong eg har vore innom ein garnbutikk, og ein dag i sommarferien såg eg faktisk Norogarn. Trudde eg. Det viste seg at det var Järbo Fantasi eg hadde sett, men det likna veldig. Litt skuffa, men sidan det garnet ikkje var så dyrt tok eg med meg nokre nøster og betalte. Og for ein opptur! Garnet har nydelege og lange fargeskift, akkurat som Noro og sokkane blir i mine auge akkurat like fine som dei “ekte”.

IMGP6201

Dessutan er hovudfargane i dette nøstet begge dei to favorittfargane mine – lilla og grøn.

No treng eg ikkje drøyma om Noro meir, eg har funne ein finfin erstatning.

torsdag 20. august 2009

#12

Endeleg ajour. Par 12 i veke 12.

IMGP6147

Heilt like par nummer 9.
Blueberry waffle, 100 gram Viking sportsragg på pinne 3, størrelse 39.

IMGP6149

Tok bilete av alle fire sokkane saman, så ingen kan tru at eg bloggar eit gammalt par under eit nytt nummer.

mandag 17. august 2009

#11

Nummer 11 vart fargerike vafler. Desse er strikka i Järbo mellanraggi – endå ein ny favoritt i sokkegarnfamilien. 100 gram på pinne nummer 3.

IMGP6100
Eg er litt lei av å berre strikka sokkar for tida, så no har eg starta på mønsterstrikka vottar. Uerfaren både når det gjeld mønsterstrikk og når det gjeld vottar, så begge deler samstundes skal verta ei interessant oppleving. Tida vil visa korleis dette prosjektet endar.

Den spede begynnelse:

IMGP6124

søndag 16. august 2009

#10

IMGP6091

Nummer 10 er små vafler, størrelse 30-33. Siste par i ei bestilling på tre par barnesokkar. Det gjekk med akkurat eitt nøste Sildre på pinne nummer tre.

Det er merkeleg nok ikkje så gale å strikka einsfarga sokkar meir. Kanskje fordi eg strikkar “mønster”, ikkje berre to rett, to vrang heile tida.

mandag 10. august 2009

#9

Dette vert visst nesten ein rein sokkeblogg for tida, men no er i hvert fall par nummer ni ferdig. Garnet er Viking sportsragg, eit nytt og veldig hyggjeleg bekjentskap. Mjukt, varmt, fine fargar og billig. Pinne nummer 3 og Blueberry waffle – sjokk.

IMGP5992

Endå eit par i pakkehaugen, og vaffel nummer 10 er allereie på pinnane.

Bilete av begge sokkane ligg på Ravelry, for dei som vil sjå at maken er ferdig også.

mandag 3. august 2009

#7 og #8

Fiks ferdig med to par til. Berre 44 igjen no.

IMGP5961

IMGP5982Blueberry waffle og Perfect igjen – ny favorittkombinasjon. Det blå paret er herrestørrelse og det brune damestørrelse. Desse landar i pakkehaugen saman med dei raude blåbæra.

fredag 31. juli 2009

Ny grein

I tillegg til strikking og hekling har eg no fått auga opp for sying. Eg har omtrent ikkje teke i ei symaskin sidan eg tok symaskinsertifikatet i 6. klasse, så eg gjekk for eit enkelt og nyttig lite prosjekt.

Med litt hjelp frå husets erfarne syerske, fekk eg ferdig eit finfint papirlommeduketui. Mykje finare å ha i veska enn desse plastgreiene du kjøper lommedukane i.

IMGP5956

IMGP5958

IMGP5960

Veldig fornøgd med resultatet og veldig stolt! Kanskje årets julegåver vert papirlommeduketui?