Knappar er den nye dilla. Heldigvis tek dei ikkje like stor plass som alt garnet mitt. At dei tek mindre plass enn garn betyr jo berre at eg kan kjøpa desto meir knappar. Eg må ha vore ein hamster i mitt tidlegare liv.
Under er nokre av favorittane:
Ingenting smakar så godt som solmodne jordbær rett frå hagen, og med mjølk og sukker på er det tidenes beste dessert.
Eg har meldt meg på 52 pair plunge 3 (52PPIII). Det er det absolutte galskapsprosjektet. På eitt år (1. mai 2009-31. juni 2010) er det ein heil drøss med strikkedamer (og kanskje nokre strikkemenn for alt eg veit) som skal strikka eller hekla 52 par sokkar. 52 par! Det vil sei eitt par i veka. Og eg som meldte meg på tre veker etter start heng allereie langt bak. Eg håpar tempoet på pinnane mine aukar utover hausten.
Dei siste dagane har det vore så enorm flott og varmt vêr at eg nesten ikkje har orka anna enn å ligga flat i solsteiken med ei bok og ei diger tønne med iskaldt vatn. Likevel har eg klart å få ferdig mitt første par med sokkar:
Heilt enkle sokkar i restegarn. Tre nummer for store for meg, men perfekte pappa-, bestefar- eller onkelsokkar.
Søndagsturen gjekk til Bokbyen i Fjærland. Målet var plantevandring med innlagt kjøkenøkt. Pesto, småkaker og te av “ugras” vart resultatet, men eg veit ikkje om det vert faste rettar i heimen.
Eg er mest nøgd med at eg fann to hefter med herrevestar. Bestefaren min sine syng på siste verset, så eg har store planar om ny garderobe til han. Då passar desse oppskriftene fint. 10 kroner for stykkjet, plukka frå retrokorga. Den eine er for Fritidsgarn og den andre for Peer Gynt.
I tillegg fann eg billige interiørblad og tre bøker.
Ian McEwan – Sementhagen, Gerd Nyquist – Avdøde ønsket ikke blomster og Patrick Süskind – Historien om herr Sommer.
Historien om herr Sommer inneheld nydelege illustrasjonar. Det er nesten så eg vil spikra heile boka opp på veggen heime.
Dessutan fann eg blomster i Fjærland også:
Alt i alt ein veldig fin tur. Eit besøk i bokbyen anbefalast verkeleg! 200 000 brukte bøker, så du finn garantert noko for deg.
20 nye knappar er på plass i samlinga. 10 med søte kattepusar og 10 med knallstilige soppar – igjen frå favorittknappepusharen.
Dessutan har ho masse herleg stoff også. Denne biten hadde eg eigentleg tenkt å laga knappar av sjølve, men det er så herleg fint at eg har ikkje lyst til å klyppa i det. Eg trur det får liggja ei stund til eg finn noko eg kan sy av det. Kanskje eit putetrekk eller to?
Lageret veks og veks og veks, men ein treng jo litt utval når ein har så mange prosjekt på planleggjaren. Tida til å gjennomføre alle pratar me ikkje om ;-)
Etter at strikkekarrieren min vart nettbasert har eg fått augene opp for litt anna garn enn berre raggegarn frå Sparkjøp. No ramlar det inn tråd frå alle krokar og krikar i verda, det eine nøstet meir fantastisk enn det andre.
New Zealandsk lammeull er ein av favorittane. Garnet er billig, har mange flotte fargar og er fantastisk godt å strikka med. Betre kan det ikkje bli.
Og så har eg oppdaga eit nytt sokkegarn; Zauberball frå Schoppelwolle. Mildt sagt nydelege fargar. Nøstene MÅ sjåast i verkelegheita. Fargane og overgangane mellom dei kan ikkje beskrivast på nett, verken med bilete eller ord. Dette skal så avgjort verta berre miiine sokkar!
Det finst mykje herleg norsk garn også. Mmmjuk og herleg alpakka kan ein ikkje gå forbi, og i hvert fall ikkje når garnet er på sal.
Lukke KAN kjøpast for pengar.
To stykk ferdige objekt er klare til bloggifisering:
Oppskrift: Pebble (Ravelry)
Garn: Schachenmayr nomotta Extra Merino Big (131)
Pinnar: 4 mm
Størrelse: baby. Meir nøyaktig enn det veit eg ikkje
Nummer to:
Oppskrift: Little sisters dress (Ravelry)
Garn: Dale Babyull (5245), ganske nøyaktig 81 gram
Størrelse: 3 månadar
Vesten er eg veldig nøgd med. Fine knappar, fin farge, godt garn og genial oppskrift. Kjolen er eg ikkje fullt så begeistra for. Fargen er veldig fin og knappane er søte, men garnet var ikkje spesielt godt å strikka med, og dessutan vart det ein del feil som viser litt for godt. Men oppskrifta er veldig fin, så det vert nok fleire kjolar, berre i eit anna garn.
Ellers går det sakte framover på strikkefronten for tida. Lange dagar på jobb øydelegg strikkelysta. Men det vert vel ei råd med det også med tid og stunder.
Lønning og bytur =svidd bankkort. Denne gongen vart det kjøkenet som fekk fornya seg.
Ein blå kopp og tre ulike skåler – alt frå Indiska. Veldig fin butikk som har altfor mykje fint.
I dag fekk eg pakke med 22 fantastiske stoffknappar, kjøpt hjå den nye knappefavorittbutikken. Eg har ikkje superlativ nok til å beskriva knappane, så eg let bileta tala for seg sjølv.
På tur i dag traff me på eit representativt utval av arten ekledyroginsekt.
Ein frosk! Og slimete froskeegg.
Heldigvis var det ikkje berre ekkelt. Desse er jo søte og gode og mjuke.