No når hausten er her passar det fint å fylla opp lageret med litt garn i haustfargar.
Mesteparten er kjøpt på Drops sitt vanlege merinosal. I tillegg var eg så heldig å ramla over utgåande fargar av Sandnes merinoull til halv pris. Eg tenker som så at når garn eg brukar mykje av er på sal, så er det greit å kjøpa ein pose eller to.
Lageret er så fullt at det flyt over no, men alt vert brukt opp til slutt. Det er som regel i helgane at eg har litt tid til overs til spøtet, så då er det greit å ha garn på lager til dei laurdagskveldane eg MÅ legga opp til noko nytt.
I tillegg til det "vanlege" garnet har eg kjøpt meg litt nytt, spennande garn eg aldri har prøvd før. Hespene til venstre er Quince & Co sitt Finch, eit garn som verkeleg er poppis på Instagram. Garnet er amerikansk og har hittil ikkje vore å få kjøpt i Noreg, men no har nettbutikken Viitre teke inn fire av sortane. Eg må ruga litt på hespene til eg finn det perfekte prosjeket, men eg gler meg verkeleg til å setta pinnane i garnet!
Nøstene til høgre er Pickles Bamboo. Eg har aldri strikka med bambusgarn før, så då dette var på sal kjøpte eg fire nøster for å prøva. Eg trur det vert ei kjappstrikka drakt av desse, så snart eg får gjort ferdig noko av det som allereie er på pinnane.