Ei venninne ventar ein liten gut i september, så då har eg sjølvsagt strikka ein liten haug som vart gitt i gåve i babyshoweren.
Ho ønskte seg praktiske og fine klede, så då gjekk eg for ei blanding av praktiske klassikarar og fine nykommarar.
Den sjøgrøne jakka til venstre er rillejakka frå heftet "Babystrikk på pinde 3" av Lene Holme Samsøe. Sidan eg strikkar laust gjekk eg for Isager højlandsgarn, som er eit tynt garn av 100 % lammeull. Det gjekk med kun 76 gram og resultatet vart ei tynn og lett, men veldig varm jakke. Det er tredje gong eg strikkar denne jakka, men eg er framleis ikkje lei av oppskrifta.
Den blå jakka i midten er snoningstrøje. Nok ei favorittoppskrift som er overraskande enkel å strikka. Garnet er Drops cotton merino, eit nytt bekjentskap som seglar rett inn på topplista. Det gjekk med 144 gram i den minste størrelsen.
Vesten til høgre er frå "Strikk til nøstebarn". Ikkje så kjekk å strikka og montera, men ein liten vest er alltid praktisk og denne veks med ungen, så då vart det ein likevel. Vesten er strikka i Drops alpaca og det gjekk med 52 gram.
Buksa til venstre er Paelas si omslagsbukse. Denne vart strikka på grunn av den artige konstruksjonen, men om ho er praktisk i bruk veit eg ikkje. Garnet er Rauma Tumi, nok eit nytt bekjentskap som også seglar inn på topplista. Lista over favorittgarn har visst vorte ganske lang, men det er jo berre kjekt å ha mange favorittar å velgja mellom. Det gjekk med 96 gram i den minste størrelsen.
Buksa i midten er frå "Strikk til nøstebarn", ei god bok dersom du ønskjer enkle og praktiske basisplagg som veks med ungen. Føtene kan brettast opp og ned etter behov og ribbestrikken gjer at buksa passar i breidda i lang tid. Garnet er drops alpaca og det gjekk med 94 gram. Til vest og laaang bukse held det altså med tre nøster av dette garnet.
I tillegg kan babyen varma seg med to par sokkar av typen stay on baby booties, som eg har skjønt er dei beste babysokkane, eit smetteskjerf, ei pilothue frå Klompelompe, ei pixiehue frå Paelas og ein fletteromper frå Tiddelibom.
Med einsfarga plagg er det lett å miksa og matcha og ein kan få mange ulike antrekk ut av få plagg.
Då er det berre til å få pinnane i gir og fylla opp att gåvekorga.