søndag 21. juni 2015

Islænder

Etter å ha sett så mange fine utgåver av denne gensaren på Instagram måtte eg få ein på mine pinnar også. Gensaren har vore planlagt lenge, men som kjent tek ting tid. Planen var å strikka med totrådsull av type NZ lammeull eller Shetland soft, for å få ein lett og varm gensar, men eg hadde ikkje nok av dei rette fargane. Eg kjøpte derfor inn Karisma under Drops sitt garnsal no i mai. Det er nok like greit at det vart Karisma, så kan gensaren vaskast i maskin.


Mønsterstrikk er ikkje mi sterkaste side, men som med alt anna gjer vel øving meister. Biletet over viser ein veldig bulkete bol. Erma var endå verre, sidan dei vart strikka på ermepinnar, men ein vask i maskina gjorde verkeleg underverk. Mønsterstrikken jamna seg ut og gensaren vart lett og god.


Oppskrifta er islænder frå heftet "Knit for your kid" av Susie Haumann. Dansk strikkedesign er verkeleg noko for seg sjølv. Gensaren er strikka i størrelse 2 år, som er minste størrelse i oppskrifta. Eg har lest fleire plassar at modellen er kort og vid, så eg la til ekstra lengde på både bol og ermer. Det gjorde eg ved å strikka fleire mønsterrepetisjonar enn oppskrifta seier før ein deler av. Eg tok eit lengdemål eg fann i ei gensaroppskrift i omtrent same garntjukkelse frå "Strikk til nøstebarn". På augemål trur eg resultatet vart bra med tanke på proporsjonar, men størrelsen er nok nærare 3 år enn 2.


Garnet er som skreve Drops Karisma. Det gjekk med nesten to nøster av mønsterfargen (lyseblå) og nesten fire nøster av botnfargen (beige/sand). Eg strikka med pinne 3,5, sidan eg strikkar laust.


Gensaren kan strikkast i mange fargekombinasjonar og eg kjenner at eg absolutt må strikka ein til i heilt andre fargar. Men først må eg gjera ferdig ein liten haug med UFOar som ligg i strikkekorga og ventar.

torsdag 18. juni 2015

Resterilleteppe

Då er det endeleg sommarferie og forhåpentlegvis vert det også betre tid til blogging. I vinter- og påskeferien og etter at eg kom heim til opphavet før helga, har eg kun strikka på ein gammal UFO og no er den endeleg ferdig.


UFOen er eit rillestrikka teppe, sterkt inspirert av ei oppskrift frå Arne og Carlos si bok "Håndarbeid i hagen". Etter å ha sett teppet på andre sine bloggar, blant anna her hjå To vrange og her hjå Tusenfryd, fekk eg lyst til å strikka eit slikt sjølv.


Eg brukte diverse restar av Shetland soft frå Malsen og mor og New Zealand lammeull frå 123knit.com. For å få litt fortgang på sakene strikka eg med dobbel tråd på pinne nummer 6.


Fargane er bestemt (ganske) tilfeldig og eg strikka til kvart nøste var oppbrukt. Sjarmen med resterilletepper er at dei ikkje alltid vert så lekre. ;-)


Det gjekk med 1116 gram (etter trådfesting) og teppet måler omtrent 120 x 220 cm. Eit lett, luftig og stort teppe som passar perfekt til å pakka seg inn i ein kald haust- og vinterdag.


Sidan teppet luktar litt (spinnolje i Shetland soft), trur eg at det skal få seg eit milobad. Spørsmålet er berre om eg skal ta sjansen på ullvask i vaskemaskina, eller om eg skal gå for handvask i badekaret.