søndag 12. januar 2014

På pinnane

I år har eg bestemt meg for å ikkje ha så mange prosjekt på pinnane samtidig. Difor har eg gjort ferdig ein del UFOar, eg har funne ein liten haug eg skal rekkja opp og eg har vore veldig flink til å strikka ferdig det eg har lagt opp til sidan juleferien.

Hovudprosjektet mitt akkurat no er huer til SAS sitt julefly. Det kan du lesa meir om her.

I tilegg til det over har eg også bestemt meg for å slanka garnlageret i år. Først ut er alpakkalageret. Dei siste åra har eg mista litt sansen for rein alpakka. Eg likar mykje betre ull/alpakkablandingar, så då fann eg ut at alpakkahaugen er fin å starta med. Eg har to-tre nøster i mange ulike fargar, altså passar lageret best til småplagg. For å få litt fart på slankinga brukar eg to trådar saman. På desse fire huene har eg brukt ein tråd Sandnes alpakka og ein tråd DSA tynn alpakka. Resultatet vert tjukke og varme huer, perfekt i eit veldig kaldt vinterland.

IMGP1296 (2)

Eg har også eit par med sokkar på pinnane. Planen er som sagt å berre ha eitt prosjekt gåande, men på veg til eit besøk før helga kom eg på at eg ikkje hadde pakka med meg huestrikketøyet. Då måtte eg innom strikkebutikken og kjøpa garn og pinnar. Sokkar er det alltid bruk for i familien, så då vart det eit fornuftig val trass i både garnslanking og eittprosjektplanen.

IMGP1298 (2)

Sokkane reknar eg med å få ferdig i kveld. Eg har att eitt nøste DSA tynn alpakka, to nøster Hverdags og fem nøster Sandnes alpakka, så det vert fleire huer før haugen er tom.

fredag 3. januar 2014

Strikking på Instagram #2

Som skreve tidlegare har Instragram teke over for bloggen, men no vil eg prøva å få bloggen opp og gå igjen, så då kan eg jo dela det eg har strikka under bloggepausen.

babystrikkteppeglede

1. Babyhuer og sokkar frå All you knit is love og Strikk til nøstebarn. Bittesmå prosjekt, strikka i Shetland soft og nz lammeull.
2. Hunden fekk seg nøstebarnsteppe i restar av nz lammeull. Så glad vart han for det.

skappelsokkebestilling

3. Skappelgensar, den spede start. Leenge etter alle andre fann eg ut at ein skappelgensar hadde vore godt å ha. Eg strikkar min mykje smalare enn originalen. Ein tråd Sandnes alpakka og ein tråd DSA faerytale. Skikkeleg luksusgensar.
4. Venninna til mamma bestilte sokkar. To par damesokkar. Det eine vart strikka i lilla PT5, det andre i beige Sterk. Standard vaffelsokkar, som eg har strikka sikkert 50 par av.

garnhuer

5. Skuffa med nz lammeull. Fantastisk garn i fantastiske fargar. Skikkeleg gladskuff.
6. Ei stund var eg hekta på å strikka huer med vri. Dette er dei tre første. Til saman vart det ni stykkjer. strikka i dobbel nz lammeull på pinne 4.

minimariusmorgonstrikk

7. Minimarius. Eg har så lyst på ein til meg sjølv i akkurat desse fargane, men det var den tida, då.
8. Litt sokkestrikking på altanen ein tidleg sommarmorgon før eg skulle på jobb. Morgonsol, varmt og grønt og frodig i jungelen til mamma.

guljakkesokkeplanlegging

9. Pickles hadde sal på det nye garnet sitt, pure wool, så eg bestilte nokre nøster til ein jakke. Igjen så er det den tida.
10. Eit forsøk på å laga eige sokkemønster der eg skulle bruka opp restar. Det gjekk ikkje så bra, så mamma fekk alle restenøstene til heimlaussokkane sine.

Det var litt av det eg har dreve med sidan sist.

torsdag 2. januar 2014

Feriestrikk

Juleferiestrikketøyet i år var ei bukse og ein jakke. Tidlegare i haust kjøpte eg meg dei populære oppskriftsheftene til Lene Holme Samsøe og Susie Haumann. Eg har ikkje hatt tid til å strikka noko særleg frå dei (berre ei hue og eit par med sokkar), men no hadde eg to heile veker med mykje strikketid, så då vart det to av favorittane som kom på pinnane.


Buksa er frå Babystrik på pinde 3. Eg brukte Hverdags, eit av mine absolutte yndlingsgarn. Relativt billig, nydelege fargar og ein perfekt blanding av ull og alpakka. Som heftet seier er alle oppskriftene strikka med pinne 3, men sidan eg strikkar litt laust brukte eg 2,5 på heile buksa. Eg brukte masketalet til størrelse 3 mnd, men lengda til 6 mnd. Eg strikka også vrangborda oppe litt lengre, slik at buksa forhåpentlegvis kan vara ei stund. Det gjekk med akkurat to nøster.


Eg fann eit fint stempel og merkelappar på Søstrene Grene. På baksida har eg skreve kva plagget er strikka i og vaskeanvisning. Det er jo grei informasjon å få med eit plagg.


Jakka er Grys jakke frå All you knit is love. Denne er supersøt! Ei skikkeleg god og tjukk jakke som eg vil tru er perfekt som ytterste lag på kalde vinterdagar.


Jakka er strikka att og fram, frå erme til erme og sydd saman i sidene og under ermene etterpå. Eg er vanlegvis ikkje så glad i plagg som må syast saman, men det gjekk overraskande greit. Sidesaumen vart faktisk ganske fin, tykkjer eg. Denne gongen var eg utruleg nok flink til å festa trådane og sy saman med ein gong eg hadde felt av.


Hetta vert strikka til slutt. Ein plukkar opp maskar langs halskanten og strikkar att og fram medan ein aukar ut på sidene og midten. Så fordeler ein maskane på to pinnar og strikkar saman og feller med ein tredje pinne. Ein ny og artig teknikk.


I nakken sydde eg på ein av lappane mine, frå Minanamnband. Ein fin liten detalj.


Jakka er strikka i Mitu, endå eit favorittgarn. Eg er visst veldig glad i ull/alpakkablandingsgarn. Dette er litt tjukkare enn Hverdags. Eg brukte pinne 3,5 mm og det gjekk med nesten 5 nøster i størrelse 0-9 månadar.

No er det sokkar som står på lista. Gåvekassa er nesten tom etter jula, så ho treng påfyll før bursdagssesongen i familien startar. I tillegg har eg planar om minst eitt par til Badegakk sitt heimlaussokkeprosjekt.

onsdag 1. januar 2014

Nytt år, nye moglegheiter

Det har ikkje vorte mykje blogging det siste halvåret. Eg har strikka jamnt og trutt, men fotograferingstid og bloggelyst har ikkje vore på plass. No håpar eg at det er på veg til å snu. Mesteparten av det som eg har strikka ferdig sidan juli vart pakka inn og gitt vekk før eg fekk teke bilete av det, men noko har eg fått dokumentert.

Først ut er undertrøya mamma fekk. Her vist på ei smal vetlesøster, så trøya er ikkje fullt så skrukkete på mamma.


Ho fekk ein singlet til jul for nokre år sidan og no ønskte ho seg ein ny. Denne gongen fann eg ut at eg skulle strikka med ermer, så vert det litt varme på armane og.

Eg tok utgangspunkt i to oppskrifter frå Strikk til nøstebarn. Undertrøya med ermer skulle strikkast i dobbelt garn på tjukke pinnar og undertrøya med enkelt garn hadde isydde ermer. Sidan eg ville ha ei trøye i enkelt garn på tynne pinnar med raglanfelling, blanda eg dei to oppskriftene. Resultatet vart heilt greit. Trøya er litt trang under armane, men det går forhåpentlegvis an å strekka ut etter vask.


Garnet eg har brukt er Shetland soft. Litt ubehageleg lukt, men fantastisk godt å strikka med og resultatet vert utruleg lett, luftig og varmt. Det gjekk med berre 100 gram, så det er eit veldig drygt garn. Pinnestørrelsen har eg sjølvsagt gløymt, men eg vil tru at eg brukte 3,5 mm.


To rett, to vrang i ei lita æva og vips, så har du ei fantastisk varm og god undertrøye. Perfekt som innerste lag på kalde dagar.