onsdag 29. juni 2011

Frisk bris

Som sagt i går, så har eg vore på butikken og kjøpt litt garn som skal verta til eit fargerikt bølgjeteppe.

IMGP9468 (2)IMGP9464 (2)

Sidan eg aldri har hekla bølgjer før, så måtte det prøvast. Resultatet vart tre prøvelappar. Øverst har eg brukt heklekrok nummer 5, i midten krok nummer 4,5 og nederst krok nummer 4. Etter litt fundering har eg bestemt meg for at eg skal hekla teppet med krok nummer 4,5. Trur det vert best – ikkje for laust og ikkje for fast.

IMGP9463 (2)

Faktaboks for spesielt interesserte:
Oppskrift: Neat ripple pattern. SUPER oppskrift! Godt og enkelt forklart med bilete for kvart steg
Garn: Sandnes duett, 55 % bomull og 45 % ull
Heklekrok: 4.5, Harmomy wood

Størrelsen på teppet har eg ikkje heilt planlagt. Sidan eg aldri har hekla eit bølgjeteppe før, anar eg ikkje kor mykje garn som går med. Duett er eit garn som er på veg ut, så det er heller ikkje så lett å få tak i meir seinare. Eg trur eg går for 130-140 cm breidde, så får eg hekla det så langt som eg har garn til. 

IMGP9470 (2)

Med ynskje om ein strålande dag i regnet!

tirsdag 28. juni 2011

Juni? Oktober?

Skodda ligg tjukk heilt ned til fjorden og det regnar så mykje at eg vert våt gjennom regnjakken min. Det er nesten så eg kjenner at vinterdepresjonen kjem snikande.

IMGP9455 (2)

For å muntra opp dagane litt har eg vore på garnbutikken og kjøpt litt garn i friske sommarfargar. Planen er å hekla eit skikkeleg gladteppe. Meir om det i morgon.

Håpar du ikkje regnar vekk der du er!

mandag 20. juni 2011

Prosjekt UFO-reduksjon, #1

Første prosjektet på lista er ferdig, nemleg den blå- og kvitstripete omslagsjakka frå Strikk til nøstebarn.

IMGP9175 (2)

Dette er ein skikkeleg UFO. Eg la opp den 26. juli i fjor, altså snart eitt år sidan. Planen var at naboguten skulle få denne til jul same året. Han er fødd i midten av juni, så eg la opp til størrelse 6 månadar og satsa på at det ville passa fint til vinteren. Men jakka vart altså ikkje ferdig før i dag. No har guten runda året og han har flytta herfrå, så då vart det visst ikkje jakke på han likevel.

IMGP9171 (2)

Eg (les: mamma) hekla ein kant rundt heile jakka for å skjula fargeskifta. Snorer både inni og utanpå til å knyta saman med.

IMGP9170 (2)

Jakka er strikka i Dale babyull på pinne nummer tre. Eg strikka ermene fram og tilbake og sydde saman etterpå for å sleppa alle vrangmaskene. Latskapen lenge leve. Elles har eg gjort akkurat som i oppskrifta.

IMGP9145 (2)

Med ynskje om ein fin måndagskveld! Eg skal til på neste prosjekt på lista mi.

søndag 19. juni 2011

Stille

Denne bloggelysta går visst litt opp og ned for tida. Medan bloggen har vorte forsømt, har pinnane derimot gått på høggir. No må eg berre få festa litt trådar og sydd i knappar, så vert det eit strikkeinnlegg snart også.

IMGP5258 (2)IMGP9120 (2)

I mellomtida får de sjå på dei fine husdyra som bur i hagen her.

Håpar de får ei GOD veke!

torsdag 9. juni 2011

Ikkje arbeidslaus

Etter å ha rydda i strikkekorgene mine (ja, eg har fleire), har eg bestemt meg for at i sommar SKAL eg få ferdig minst ein UFO i veka.


Sidan eg har uhorveleg mange påbegynte prosjekt, fann eg ut at eg måtte sortera litt og laga ei liste med dei prosjekta det er mest sannsynleg at eg kjem til å fullføra i næraste framtid. Ei liste med alle dei 30-40 UFOane eg faktisk har, ville teke knekken på fullføringslysta før eg hadde fått skreve ferdig lista. Difor desse 15 utvalde:


1. Blå- og kvitstripete omslagsjakke frå Strikk til nøstebarn
2. Grå nøstebarnsdress
3. Hjertebabyteppe
4. Babyjakke strikka i eitt stykkje, alpakka
5. Rosa sokkar i Sterk
6. Grå flettesokkar i Perfect
7. Gule sokkar i Perfect og Sisu
8. Blå sokkar i Perfect
9. Blåspraglete sokkar i Tresko
10. Lillamelerte sokkar i Sterk
11. Havskumsokkar i Sterk
12. Sjøgrøn alpakkahue
13. Beige baby i rib
14. Lettstrikka babyhue
15. Rundfellingsjakke frå Strikk til Nøstebarn - manglar ermer, knappar og trådfest


Litt diverse å velgja mellom. Nokre prosjekt manglar alvorleg mykje (slik som dressen som berre har to føter til no), nokre manglar berre trådfesting (hallo mamma!), nokre er store (teppe – kva tenkte eg på?!) og nokre små (puh), men det er greit med litt variasjon, så eg kan ferdigstilla etter strikkehumør og –lyst.


IMGP9036 (2)


IMGP9037 (2)


Som den periodeoptimisten eg er, så heiar eg stort på meg sjølv! :-D