onsdag 30. desember 2009

Kavalkade

2009 har vore mitt første år som “seriøs” strikkar. Tidlegare har eg berre strikka eitt og anna prosjekt på skulen og grytelappar til dei gamle damene i familien. I år har eg strikka for full maskin, og resultatet ser de under.

mosaic0ccea45b5174edf1c3710228c4305227c53d35dbmosaicff506ddddc0e3fb1bb93bbd9419b200bcb9e3bf1

Det går mest i sokkar, men eit behov for større utfordringar har resultert i litt babyklede også. Pluss huer, pulsvarmarar og isskrapevottar. Til neste år håpar eg på endå meir utviding innanfor fagfeltet.

Det er forresten mange like sokkar i montasjen, men sånn går det når eg strikkar fleire par i same garn og same farge.

søndag 27. desember 2009

Istid

Innimellom all sokkestrikkinga trengte eg eit par kjappe og enkle prosjekt, så då fall valet på isskrapevottar til dei bilkøyrande i familien. Praktisk når det er vinter og is på bilrutene.

IMGP7013

IMGP6937

Oppskrifta fann eg her. Det grå og raude garnet er Månetoppen, det blå er PT3. Til den oransje og blåstripete brukte eg dobbel Tove, om eg ikkje hugsar heilt feil. 40 grader i vaskemaskina saman med ein handduk, og svisj, svosj så var fire julepakkar ferdige. Den grå var den første votten eg strikka, så den vart nok litt for lang, men pytt, pytt.

fredag 25. desember 2009

#25, #26, #27, #28, #29, #30, #31, #32 og #33

Berre 19 par igjen! I sokkegarnskuffa mi har eg garn til det dobbelte, så dette bør gå bra.

Garnet som er brukt er litt diverse. Grøn PT5, lilla PT5, kvit Perfect, grøn, lilla og blå Sildre, sjøgrøn Sterk, brun Perfect, turkis Sisu og Drops alpakka og spraglete Järbo mellanraggi. Pinne nummer 3 på alle para, størrelsar frå 38 til 43.

Samtlege var julegåver, saman med 14 andre par.

mosaicc8abb4e4308c54c468e50ce96e33663754ad4285

torsdag 17. desember 2009

#21, #22, #23 og #24

Det er visst over to månadar sidan siste statusrapport angåande dei 52 para, men eg held framleis koken.

IMGP6887

Eit eplegrønt par i Perfect, størrelse 38. To nøster på pinne nummer 3.

IMGP6929

Eitt nøste med lillabrunbeigespraglete Järbo Mellanraggi vart brukt til dette paret. Størrelse 39, pinne nummer 3.

IMGP6935

Brune onkelsokkar, størrelse hest. Ein tråd Regia silk og ein tråd Fabel, pinne nummer 3. Tjukke og gode og varme til kalde, lange dagar utandørs.

IMGP6978

Siste paret ut for denne gong er stripesokkar i glattstrikk. Lilla og gul pt5, pinne nummer 3.

Dessutan er eg ferdig med 7 og eit halvt par som eg ikkje har fått teke bilete av endå, så eg er faktisk over halvveges! *Jippi*