fredag 31. juli 2009

Ny grein

I tillegg til strikking og hekling har eg no fått auga opp for sying. Eg har omtrent ikkje teke i ei symaskin sidan eg tok symaskinsertifikatet i 6. klasse, så eg gjekk for eit enkelt og nyttig lite prosjekt.

Med litt hjelp frå husets erfarne syerske, fekk eg ferdig eit finfint papirlommeduketui. Mykje finare å ha i veska enn desse plastgreiene du kjøper lommedukane i.

IMGP5956

IMGP5958

IMGP5960

Veldig fornøgd med resultatet og veldig stolt! Kanskje årets julegåver vert papirlommeduketui?

tirsdag 28. juli 2009

Mmmm …

IMGP5933

IMGP5945

… søte, gode villbringebær rett frå buska smakar perfekt.

søndag 26. juli 2009

#6

IMGP5865
Blueberry waffle igjen, størrelse 39, 100 gram Perfect på pinne nummer 3.

Desse landar i julepakkehaugen. Det er kjekt å ha eit lite lager å ta av når desember nærmar seg.

fredag 24. juli 2009

#5

3751467695_d18822e9ff_o

Nytt favorittmønster - Blueberry waffle. Så enkelt, men likevel så stilig.

100 gram eplegrøn Perfect på pinne nummer 3, størrelse 38. Grøn er ein av dei to yndlingsfargane mine, og denne grønfargen er berre heilt fantastisk.

mandag 20. juli 2009

Sommarferie

3739182190_7ee5f21620_o

Ferie hjå besta må til for at det skal verta skikkeleg sommar.

lørdag 11. juli 2009

#4

No går det fort i svingane.

IMGP5410

136 gram Big Fabel på pinne nummer 3, størrelse 38. Ny vri med vrangbord både på leggen og oppå foten. Eigentleg merkar eg ikkje forskjell på glattstrikk og vrangbord oppå, men litt variasjon i strikkinga er kjekt.

Dessutan har eg fått meg ny favoritthæl:

IMGP5412

Knallgod passform og enkel å strikka. Ingenting er betre enn det.

fredag 10. juli 2009

#3

IMGP5397

3 down, 49 to go.

Standard sokkemønster igjen. 121 gram Ragg-strømpegarn frå Hjertegarn på pinne nr 3. Mjuke, tette og varme bursdagssokkar til besta.

torsdag 9. juli 2009

#2

Ferdig med par nummer 2 av 52. Berre 50 igjen.

IMGP5386
Sokkar frå Strikk til nøstebarn, størrelse 3-5 år. Brukte sånn omtrent 44 gram lilla Sildre frå Gjestal. Nydeleg farge, forresten. Ser nesten litt melert ut, men det kjem ikkje så godt fram på biletet.

Par nummer 3 er på pinnane, og eg håpar at sokkestrikkelysta tek seg litt opp framover, elles ser det dårleg ut for mine 52.

onsdag 8. juli 2009

Kinajakke

Endeleg er strikkelysta tilbake. Det har resultert i ein jakke frå boka Myk Start. Veldig fornøgd med resultatet, garnet er herleg mjukt. Oppskrifta var ikkje alltid så grei å forstå, men det gjekk seg til til slutt.

IMGP5382

IMGP5376

IMGP5381

IMGP5380

Oppskrift: Kinajakke frå Myk Start
Garn: Drops merino extra fine, akkurat 150 gram
Pinnar: 3 mm rundpinne, 40 cm, til bolen og 3 mm strømpepinnar til armane
Størrelse: 0-3 månadar

tirsdag 7. juli 2009

Samlemani

Knappar er den nye dilla. Heldigvis tek dei ikkje like stor plass som alt garnet mitt. At dei tek mindre plass enn garn betyr jo berre at eg kan kjøpa desto meir knappar. Eg må ha vore ein hamster i mitt tidlegare liv.

Under er nokre av favorittane:

Knappemosaikk

søndag 5. juli 2009

Smaken av sommar

IMGP5305

Ingenting smakar så godt som solmodne jordbær rett frå hagen, og med mjølk og sukker på er det tidenes beste dessert.

IMGP5310

IMGP5314