Eg har meldt meg på 52 pair plunge 3 (52PPIII). Det er det absolutte galskapsprosjektet. På eitt år (1. mai 2009-31. juni 2010) er det ein heil drøss med strikkedamer (og kanskje nokre strikkemenn for alt eg veit) som skal strikka eller hekla 52 par sokkar. 52 par! Det vil sei eitt par i veka. Og eg som meldte meg på tre veker etter start heng allereie langt bak. Eg håpar tempoet på pinnane mine aukar utover hausten.
Dei siste dagane har det vore så enorm flott og varmt vêr at eg nesten ikkje har orka anna enn å ligga flat i solsteiken med ei bok og ei diger tønne med iskaldt vatn. Likevel har eg klart å få ferdig mitt første par med sokkar:
Heilt enkle sokkar i restegarn. Tre nummer for store for meg, men perfekte pappa-, bestefar- eller onkelsokkar.