
For ein gongs skuld er det
masse, masse snø i Bergen. Om dagen er det sol som varmar godt, men når den forsvinn vert det vinterkaldt igjen. Då er det godt å finna fram den nye yndlingsgensaren min. Den er strikka av besta mi, som hadde dei mest magiske pinnane av alle. Ho strikka gensaren til onkelen min, men no har eg overteke den. God, varm, mjuk og heilt perfekt!
Elles har eg bumpa over ein herleg blogg i dag,
http://www.slagtenhelligko.dk/. Fine bilder, fine strikkaplagg og sist, men ikkje minst: ho har fått meg til å oppdaga ein ny garntype - cascade 220. Freista og forelska. Garnet er allereie oppspora på
Ebay. Det einaste som held meg tilbake er garnslankekuren og vissheita om at det snart dumpar ned 400 gram med garn i postkassa mi. Eg har jo
sjølvsagt planar for alt garnet mitt, problemet er berre at nytt garn dukkar opp og treng husly fortare enn eg rekk å strikka noko av det gamle.
Men eg får halda meg i skinnet. Snart er det heldigvis nysteikte kveitebollar, varm blåbærte og Livvaktene på NRK1. I morgon er det tidlig opp og ut på stoffjakt til nytt teppeprosjekt. Resultatet vert bloggifisert om ei stund. Først må eg heim til ho mor og låna symaskin.
Ha ei god helg alle saman!
